Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Liten ambulansestasjon med høg trivsel

21. september er  "ambulansepersonellets dag”.  Bli med ein tur til ambulansestasjonen i Suldal.

Publisert 21.09.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Ein liten køyretur opp frå kvitmåla bygningar og fjordutsikt i Sand, ligg ambulansestasjonen som skal betene dei 3800 innbyggjarane i Suldal. 

suldal1.jpeg

Nøgde: Simen Lunde (bak rattet) og Jakob Laurits Vågshaug trivst godt på ambulansestasjonen i Suldal. Alle foto: Magne Kydland 

Dette er ein av dei minste ambulansestasjonane i Helse Fonna, men det er ikkje dei som køyrer færrast kilometer. Snarare tvert imot. 

I fjor hadde dei 499 utrykkingar, og kvart år køyrer dei mellom 55.000 og 60.000 kilometer. Det er sju fulltidsstillingar ved stasjonen, og i tillegg har dei fleire vikarar for å få turnusen til å gå rundt. 

–​ Utfordringa med ein stasjon i distriktet er lange avstandar. Suldal kommune er like stor som gamle Vestfold fylke. Me kan oppleva alle fire årstidene på ein dag her inne. Frå snø i høgfjellet til soling og bading på Jelsa. Vi har ei god arbeidsgruppe, skårar høgt på trivsel på jobb. Når det kun er to på jobb samstundes, som bur i lag på stasjonen, så er det viktig med god kjemi, og at alle er sosialt oppegåande, fortel funksjonsleiar Knut Helland. Sjølv hadde han si første vakt på ambulansestasjonen i heimbygda i 2000. Dei første åra litt på og av som vikar og ekstravakt. Då var det Suldal Røde Kors som dreiv stasjonen. I 2007 overtok Helse Fonna, og Helland har vore tilsett i 100 prosent sidan 2015, og vore funksjonsleiar sidan 2017. 

suldal5.jpeg

Lite miljø: Funksjonsleiar Knut Helland har jobba fast på ambulansestasjonen i Suldal sidan 2015, og det er liten utskifting av personell.


–​ Her er det eit stabilt og godt arbeidsmiljø. Dei som arbeider her, fortset stort sett til dei går av med pensjon. Ho som gjekk av sist på stasjonen var 67 år  og fortsette som vikar fram til ho vart 70. år. I ForBetringsundersøkinga får vi topp score i psykososialt arbeidsmiljø, fortel ein nøgd stasjonsleiar. 
Suldal er blant dei kommunane i Helse Fonna-området som ligg lengst unna sjukehuset.  

–​ Ei normal utrykking for oss er på 4-5 timar. Til Haugesund tek det fort 2 timar med pasient i bil. Vi gir medisin og behandlar pasientane over tid, slik at me får sett endringa på tilstanden deira – vonleg til det betre Elles brukar vi ofte Luftambulansen eller redningshelikopter, når det er flyvêr og pasienten må raskare inn til behandling. Sidan kommunen er så langstrekt nyttar vi også dei dyktige brannfolka i kommunen, som First responder. Dei er ofte framme før ambulansen og kan starte behandling av pasient, fortel funksjonsleiaren.  

Det som også er spesielt i ein “liten” kommune som Suldal er at mange kjenner kvarandre. 

–​ For oss som er fødde i Suldal og arbeider her, så kjenner vi jo dei fleste pasientane. Det kan vere ein tryggleik for dei, meiner Helland. 

suldal6.jpeg

Ti stasjonar: Ambulansestasjonen i Suldal er ein av ti ambulansestasjonar i Helse Fonna. Dei andre ligg i Haugesund, Karmøy, Ølen, Sauda, Bømlo, Stord, Kvinnherad, Odda og Jondal. 

suldal4.jpeg
 

Mil etter mil​​: Simen Lunde, som er "på utlån" frå ambulansestasjonen i Sauda, er van med å køyra langt.

suldal3.jpeg

Godt miljø: Simen Lunde (t.v.), Jakob Laurits Vågshaug og Knut Helland.

suldal2.jpeg