MAP: Trygg i møte med aggresjon
– Det er vanskeleg å seie kva eit menneske vil gjere litt fram i tid. Vald er eit samspelsfenomen som blir påverka av ei rekke skiftande faktorar i og rundt personen, seier Torill Storhaug.
![Torill Storhaug. (Foto)](/4aa8d4/contentassets/0fd1301a8bd14db8b580ed9c3ce32d1b/torill-storhaug---foto-eirik-dankel_3.jpg?width=1384&height=1731&quality=80&format=webp)
Torill Storhaug
– Vi har ikkje direkte tilgang til folk sine tankar og følelsar så risikoen kan bli påverka av det som skjer rundt. Men også moglegheita til å utøve vald kan endre seg og effekt av førebyggande tiltak som verkar hos nokon gjer det ikkje for andre. Difor må vi prøve å forstå kva som motiverer og driv aggresjon – og møte det på rett måte.
Tryggt for både pasient og medarbeidar
Eit eige opplæringsprogram i forståing, førebygging, handtering og oppfølging av aggresjon og valdsproblematikk er ein del av MAP.
– Det vi ønskjer er ei trygg oppleving for pasient og personalet i møte med aggresjon. Difor er det viktig å også kunne tilpasse oss til kvar pasient. Lukkast vi med det vil vi kunne redusere tvang, løyse vanskelege situasjonar og skape dei trygge møtene med pasienten, forklarar Storhaug.
Opplæringsprogrammet er no i gang på Valen, og etter kvart i heile klinikk for psykisk helsevern. Før start på Valen blei det gjennomført ei undersøking for å validere MAP-programmet.
– Slik kan vi følgje med og sjå om personale får auka mestringstrygghet i møte med aggressive pasientar, samt om postkultur endrar seg. I tillegg vil vi følgje med på valdsrate og tvangsbruk framover.
Sjå video om MAP frå Valen sjukehus.
Simulering som metode
MAP bruker blant anna simulering som treningsmetode, der det førebyggande aspektet er sentralt. Gjennom simulering får ein trening i å bruke verbale og non-verbale tilnærmingar for å løyse ein realistisk situasjon. Etterpå gjennomførast ein strukturert refleksjon.
Medisinsk simulering innanfor fagområdet psykisk helsevern er nytt i Helse Fonna. Først ute er dei altså på Valen.
– Vi ønskjer å vise korleis obligatorisk undervisning og jamleg trening og simulering kan gjennomførast i MAP-modellen. Kanskje kan vi inspirere kollegaer andre plassar også?
![Fysisk trening.](/4aa8d4/contentassets/0fd1301a8bd14db8b580ed9c3ce32d1b/map-2019---foto-eirik-dankel-15.jpg?width=1731&height=1154&quality=80&format=webp)
Trening i fysiske teknikkar er ein del av MAP, men det er førebygging som er viktigiast i programmet. F.v.: Andreas Eide, Hege Sund, Frank Finnebotten, Lisbeth Koløy, Frode Aakre og Torill Storhaug. Sjå fleire bilde nedst i saka.
Mengdetrening
Før kveldsvakta startar på onsdagar møter alle dei som skal på jobb på simulerings- og undervisningsposten. Frå før har dei hatt to kursdagar, no skal dei få mengdetrening. Deltakarane blir fordelt i tre grupper: Teori, fysiske øvingar og simulering med scenario på pasientrom.
– For å handtere aggresjon er vi heilt avhengig av å kjenne igjen situasjonar. Difor er mykje trening i team viktig. Vi må lære korleis vi kan jobbe saman om ein situasjon oppstår. Kollegaer må vere trygge på kvarandre og trener vi i lag lærer vi kvarandre å kjenne og opptrer tryggare, forklarar Storhaug.
Kunnskap om korleis vi reagerer på aggresjon og vald er viktig kompetanse som betyr mykje for korleis vi møter dette på ein god måte.
– Det er krevjande å måtte gå inn fysiske i situasjonar for å stoppe vald og aggresjon og vi ønsker ikkje å komme her. Når det likevel skjer, er grunnleggande fagetiske prinsipp ikkje å påføre skade, smerte og unødig krenkelse. Etterarbeid for alle involverte partar i førebyggings- og læringsperspektiv står sentralt og det er viktig å ha gode rutinar for dette.
Alle som er avbilda i denne saka er tilsette på Valen sjukehus.
Fakta
![Instruktørar. (Foto)](/4aa8d5/contentassets/0fd1301a8bd14db8b580ed9c3ce32d1b/map-2019---foto-eirik-dankel-3.jpg?width=1731&height=1154&quality=80&format=webp)
Instruktørane planlegg kva som skal skje under denne øvinga. F.v.: Hovedinstruktør Torill Storhaug, MAP-instruktør Benedicte Merkesdal, MAP-ressursperson Lisbeth Koløy, MAP-instruktør Agnar Lauritzen og sim-fasilitator Endre Eik.
![Simulering på pasientrom. (Foto)](/4aa8d5/contentassets/0fd1301a8bd14db8b580ed9c3ce32d1b/map-2019---foto-eirik-dankel-7.jpg?width=1731&height=1154&quality=80&format=webp)
Simulering på pasientrom. Markørane er også utdanna i MAP-programmet. F.v.: Miljøpersonale Svein Ørjan Saghaug og markør Ørjan Bakke.
![Simuleringstrening er ein del av MAP](/4aa8d6/contentassets/0fd1301a8bd14db8b580ed9c3ce32d1b/map-2019---foto-eirik-dankel-9.jpg?width=1731&height=1154&quality=80&format=webp)
Simuleringstrening er ein del av MAP. F.v.: Sim-fasilitator Endre Eik, markør Ørjan Bakke og sim-fasilitator Inger-Lill Prestnes Ersland.
![Øving i fysiske teknikkar. (Foto)](/4aa8d6/contentassets/0fd1301a8bd14db8b580ed9c3ce32d1b/map-2019---foto-eirik-dankel-11.jpg?width=1731&height=1154&quality=80&format=webp)
Å trene saman vil gjere det tryggare om ein situasjon oppstår. Fv.: Lisbeth Koløy, Flemming Bjønnes, Hege Sund og Andreas Eide (som blir halde).
![Teoriøving. (Foto)](/4aa8d6/contentassets/0fd1301a8bd14db8b580ed9c3ce32d1b/map-2019---foto-eirik-dankel-16.jpg?width=1731&height=1154&quality=80&format=webp)
Teori er viktig i tillegg til simulering og fysiske øvingar. Bak: Bjarte Solheim, Hanna Teigen og Reidun A. Rosendahl. Midten: Rannveig Helland, Aage Røssland og Linda Teigen. Framme Anne Lie. Ståande: Benedicte Merkesdal.