Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

No kan fastlegen din lese epikriser i Kjernejournal

Frå 21. november kan fastlegen lese epikriser frå sjukehuset i Kjernejournal. Andre helsetenester som har tilgang til Kjernejournal kan sjå liste over epikrisene, men ikkje lese dei.

Helga Marie Skogland
Publisert 20.11.2023
Sist oppdatert 01.03.2024
En kvinne som smiler til kameraet

Kva betyr det for deg som pasient? Sjå videoen for å lære meir.

Kvifor skjer dette? 

Å kunne dele dokument som er relevante mellom sjukehus og fastlege eller legevakt, kan gjere oss i stand til å gi deg betre helsehjelp.

Vi startar med epikriser frå sjukehusa. Ordninga vil utvidast til andre dokument etter kvart. 

Førebels berre fastlegane som kan lese

I starten er det fastlegar som kan lese dokument, men denne tysdagen vil også andre som har tilgang til Kjernejournal via sitt pasientsystem kunne sjå ei oversikt over dine epikriser. Men dei kan ikkje lese dei.

Eksempel på slike samarbeidspartnarar er legevakt og kommunehelseteneste, og helseføretak andre stader i Noreg.

Lesetilgang til samarbeidspartnarar vil bli gitt våren 2024.

Kva er kjernejournal?

Kjernejournalen din inneheld viktige opplysingar om helsa di. Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysingane om deg.

Du kan sjølv sjekke om opplysingane stemmer og registrere endringar, på helsenorge.no.