Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny CT-maskin på Stord sjukehus

Mellombels løysing i mobil container fram til ny CT står klar.

Publisert 11.08.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

ct1.jpeg

Denne veka kom ein stor container på plass framfor Stord sjukehus. Det er ein mobil og mellombels CT, som skal brukast i 5-6 veker, medan det blir installert ny CT på sjukehuset. 

Dette er ikkje noko «vanleg» container. Kjem ein inn døra, er det både romsleg, innbydande og moderne innreia.


 
ct2.jpeg


Radiografar: Jeanette Bratland Olsen (t.v.) og Lise J. Holmedal er klar til å ta imot pasientar i den mobile CT-maskinen i containeren utanfor Stord sjukehus.

 

Den nye CT-maskinen kjem til å vere klar til bruk i løpet av hausten.

Utvikling av medisinsk teknisk utstyr går fort, og på Stord har dei hatt ein CT frå 2011 som lenge har stått øvst på lista for utskifting.

–​​ Det er ei investering på om lag 13 mill, inkl ombyggingskostnader. Vi har sett inn tiltak for å ivareta pasienttryggleiken i ombyggingsperioden for å kunne oppretthalde drifta, ved hjelp av ein erstatnings CT utanfor sjukehuset i byggeperioden. Dette er ein nyare versjon av den som er på sjukehuset i dag, så kvaliteten er god, forsikrar klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap, Ingvill Hystad Kyvik.

ct3.jpeg


Det blir utført om lag 400 CT-undersøkingar i månaden på Stord sjukehus. Den nye CT-en vil gje betre bilete ved utgreiing av slagpasientar, og generelt betre bildekvalitet, lågare pasientdose og raskare bildeprosessering (databehandling av bilder).

CT er forkorting for computertomografi og er tverrsnittfotografering av aktuelle område i kroppen ved bruk av røntgenstråler. Bildene blir laga ved hjelp av eit dataprogram. Sjølve CT-maskinen består av ein trommel med eit røntgenrøyr og fleire detektorar som sirkulerer rundt objektet som skal fotograferast.

ct4.jpeg