Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Økonomien i Helse Fonna:

Betre for kvar månad

Nedgang i ventetid, halvering av fristbrot og eit økonomisk resultat som er betre for kvar månad. Styret er godt nøgd med utviklinga i Helse Fonna.

Magne Kydland
Publisert 25.04.2024
En person som sitter ved et bord
Administrerande direktør Anders Hovland presenterte stoda til no i år, og planane framover. Foto: Eirik Dankel

– Det har vore gjort eit stort arbeid i klinikkane for å redusere ventetida til pasientane, og dette arbeidet har hatt god effekt. Gjennomsnittleg ventetid for ventande i føretak i mars var 58 dagar og for alle dei fire hovudområda nærmar ein seg målkravet. Det er framleis område kor det er for lang ventetid, og dette har høgt fokus i føretaket, opplyser administrerande direktør Anders Hovland.

 Talet på fristbrot er og på det lågaste nivået på tre år, og er på halvparten av nivået frå september i 2023.

– Dette er ei svært positiv utvikling. Føretaket når og kravet for epikrisetid i mars. Dette fylgjer ei positiv utvikling og er eit kvalitetsteikn som indikerer gode rutinar i den kliniske drifta. Det er ei ytterlegare betring i det økonomiske resultatet frå resultatet i januar, sjølv om det framleis er eit vesentleg negativt avvik mot budsjett på 5,7 millionar kronar i mars, og 7,1 millionar kroner i februar. Det økonomiske resultatet må sjåast i samanheng med ein høg kliniske aktivitet og diverre eit høgt sjukefråvær som bidreg til overtid og andre dyre bemanningsløysingar, uttalar Hovland.

Nøgde med utviklinga

Det blir jobba med sjukefråvær, både med eksisterande planar og nye tiltak for å betre dette. Det er elles og eit stort arbeid i føretaket med tiltak som skal sikre den økonomisk bereevne framover, og det er venta at dette vil gje vidare resultat.

– Føretaket er framleis i ein alvorleg økonomisk situasjon, og det er avgjerande at den positive økonomiske utviklinga fortsett og at ein greier å drive verksemda innanfor budsjett. Elles er det ei positiv utvikling i bemanninga, kor ein nå ser ei tydeleg dreiing i tilsettingar, med færre mellombels tilsette og færre med tilsetjing i deltid, oppsummerer administrerande direktør i den siste månadsrapporten.

Fleire av styremedlemene kom med gode tilbakemeldingar til arbeidet som er gjort.

–Dette viser at mange små tiltak gjev resultat. Det er tidleg på året, men vi er alt dobbelt så gode som i fjor, oppsummerer styremedlem og økonomidirektør i Helse Vest RHF, Per Karlsen.

Også styreleiar Petter Steen jr. er nøgd.

–Det er veldig mange kurver som går i rett retning no. Det er kjekt å sjå. Men vi er ikkje i mål endå, slår styreleiaren fast.

En gruppe menn som sitter i et rom
Styreleiar Petter Steen jr. er godt nøgd med utviklinga i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel  

Tek etiske dilemma på alvor

Ein ung person med eteforstyrring, periodevis livstrugande anoreksi. Kvar er rett plass for denne pasienten for å få den hjelpa hen treng?

Ein pasient som har fått gjennomført levertransplantasjon tek opp igjen eit skadeleg alkoholforbruk. Pasienten oppsøker hjelp når hen blir for sjuk, får hjelp, men held fram med alkoholinntaket. Dialogen med pasienten er vanskeleg, men har gjeve uttrykk for tillit til ein av legane. Er det rett å bruke tvang for å komme i posisjon til å gje den naudsynte somatiske behandlinga i denne saka?

Eit barn i førskulealder med eit alvorleg syndrom. Ein er usikker på om barnet reagerer med smerte på td sprøytestikk. Handlar om barnepalliasjon, om samhandling og samarbeid med pårørande, og om kva tid det er rett å avslutte behandling.

Ein ung pasient med eteliding som ikkje er einig i den behandlinga ein meiner er best for hen. Pasienten er ueinig i at det er nødvendig å gå opp i vekt og ønskjer ikkje at det skal snakkast om BMI og sjukdom. Har mykje livsvilje men svært redusert sjølvinnsikt. Utan behandling vil hen ha kort levetid. Sak som handlar om bruk av tvang, om samval og samarbeid om behandling.

En person som snakker til en gruppe mennesker

Sjukehusprest Valborg Marie Sinnes var glad for å kunne presentere arbeidet i Klinisk etikk-komite for styret. Foto: Eirik Dankel

Lyttar til pasient og pårørande

Dette er døme på fire saker som i løpet av året har blitt drøfta i Klinisk etikk-komité (KEK) i Helse Fonna. Klinisk etikk-komité er ein del av føretaket sitt kvalitetsarbeid og skal bidra til å auke etisk bevisstgjering og kompetanse. Det er vidare eit forum for arbeid med å identifisere, analysere og løyse etiske problem og dilemma knytt til verksemda. Komiteen skal drøfte og gje råd om korleis konkrete etiske problem kan løysast før ein tek endeleg avgjerd, og dei skal bidra til bevisstgjering om etiske problem knytt til ressursbruk og prioritering.

KEK har møte seks gonger i året, og har åtte medlemmer frå alle lokasjonane i føretaket – fire sjukehus og tre DPS. Sjukehusprest Valborg Marie Sinnes er leiar.

– Takk for at KEK er invitert til styret. Etikkarbeid er viktig, og dette er første gongeg eg får høve til å presentere arbeidet vårt i styret. Dette er eit kjempespennande arbeid, og det dukkar stadig opp nye etiske problemstillingar, forklarar Sinnes.

KEK ønskjer så langt det er mogeleg å ha med pasient og pårørande i samtalane.

– Eit tema vi har hatt mykje fokus på er anonymisering. Vi er eit lite føretak og har vore oppteken av minst mogeleg informasjon som kan identifisere pasient og pårørande, seier Sinnes.

Det er nokre tema som ofte går att: Eteliding og behandling av anoreksi og det som handlar om behandling i livets siste fase, og avgjerder som må takast for god pasientbehandling.

– Eit tema er pasient og pårørande si stemme og deira plass i avgjerdsprosessen. I ei av sakene opplever vi at pårørande sitt press endra på tidlegare avgjerd. I dette ligg og tema som går igjen, HLR-status for skrøpelege pasientar. Vi ser fram til den nye rettleiaren for avgjerdstaking som skal kome i 2024, heiter det i årsmeldinga til KEK.

Godt resultat i medarbeidarundersøking

Medarbeidarundersøkinga ForBedring kartlegg forhold ved arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS som kan ha samanheng med risiko for uønskte hendingar, eller verke negativt på tenesta si kvalitet og medarbeidarane si helse og engasjement.

Undersøkinga blir gjennomført kvart einaste år ved sjukehus i heile landet, og resultatet for Helse Fonna er no klart, og vart presentert for styret.

Svarprosenten i Helse Fonna er nest høgast i vest, heile 73,6 prosent. Og resultata er generelt gode, i alle kategoriar.

På grunnlag av ForBedringsundersøkinga, sjekklister/samsvarsvurderingar, meldingar om uønskte hendingar, sjukefråværsstatistikk og annan kunnskap om arbeidsmiljø og kvalitet, utarbeidar kvar eining risikovurdering og handlingsplan. Handlingsplanen vert følgd opp i leiarlinja med støtte frå verneomboda. Medarbeidarane skal vera involvert i dette arbeidet og det skal vere tett samhandling mellom leiar og verneombod. Handlingsplanane i einingane er grunnlaget for handlingsplanen i avdelingane, klinikk/område og fører til slutt til ein overordna handlingsplan for Helse Fonna.