Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Overleverte "pakkefabrikk":

Snart klar for storproduksjon av eindosar

– At Helse Vest legg ein regional funksjon som eindosefabrikken til Helse Fonna er viktig for heile regionen, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Magne Kydland
Publisert 26.04.2024
Noen få personer som står i et rom
Prosjektleiar Harald Lunde i ByggHaugesund2020 (t.v.), sjukehusapotekar Lene Svanberg Jakobsen og fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, er glade for at pakkeanlegget for eindosar vert lokalisert i Haugesund. Det er ein viktig regional funksjon, som vil føre til fleire arbeidsplassar, og som vil gje store fordelar for Helse Fonna. Foto: Magne Kydland

Pakkeanlegget for medisinar skal stå klart til 2025 og blir eit viktig bidrag for å styrke pasienttryggleiken.

Det er Sjukehusapoteka Vest som på vegner av helseføretaka etablerer eindoseanlegget, som har ein kostnadsramme på totalt 72 millionar kroner.

En person som bruker en enhet med berøringsskjerm

Sjukehusapotekar Lene Svanberg Jakobsen viser fram ein av dei avanserte pakkemaskinane. Foto: Magne Kydland

Viktig regional funksjon

ByggHaugesund2020 har stått for utbygginga, med Harald Lunde som prosjektleiar.

–  Vi har jobba intensivt sidan i fjor sommar med å få på plass eindosearealet ved Haugesund sjukehus. Det har vore eit utfordrande, men spennande prosjekt. Teknisk infrastruktur har blitt lagt om og nye funksjonar lagt til. Vi er stolte av å kunne bidra med ein så viktig funksjon, ikkje berre til Haugesund sjukehus, men heile helse Vest. Takka vere godt samarbeid med entreprenørar,  rådgjevarar og Sjukehusapoteket er vi no i tråd med  planen og kan overlevere flotte areal med avanserte og nødvendige funksjonar, seier Lunde.

Det regionale pakkeanlegget skal levere eindosar til alle sjukehusa i Helse Vest og vere fullt oppe å gå i løpet av 2025. Pakkeanlegget skulle eigentleg liggje i Bergen, men saman med Helse Bergen lukkast ikkje Sjukehusapoteka Vest å finne lokale for det​.  Så melde Helse Fonna i fjor vår at dei kunne stille eigna lokale til disposisjon på sjukehuset i Haugesund, i tilknyting til sjukehusapoteket der.

En gruppe insekter på et stykke papir
Slik ser eindose ut etter pakking. Foto: Magne Kydland

Har gått fort

Administrerande direktør Anders Hovland er stolt over at ein har klart å snu seg rundt så fort.

– Det er ei stor glede og ære å få vere med på overleveringa av desse lokala med det formålet dei skal ha. Dette skjer temmeleg nøyaktig 10 månadar etter at saka blei styrebehandla i Helse Vest RHF og ca. 11 månader etter at etableringa blei vurdert igangsett. Det er eksepsjonelt raskt, og det er det fleire som skal ha sin del av æra for. Det er og viktig fordi det hasta for regionen å få etablert produksjon til føretaka i vest. Denne overrekkinga markerer og etableringa av ein regional funksjon i føretaket vårt, noko som er viktig for oss og for regionen, seier Hovland.

Arealet, som ligg i underetasjen på Haugesund sjukehus, er totalt på ca. 450 kvadratmeter. No startar eit stort og omfattande valideringsarbeid, der både rom, utstyr og medarbeidarar skal validerast og godkjennast. Til slutt er det Direktoratet for medisinske produkter (tidlegare Statens legemiddelverk) som gir godkjenning til å produsere og levere eindosar.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Overleveringa av eindoseanlegget skjedde i samband med styremøtet i Helse Fonna denne veka. Frå venstre administrerande direktør Anders Hovland, styreleiar Petter Steen jr., prosjektdirektør Laila Nemeth i ByggHaugesund2020, fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF, prosjektleiar Harald Lunde i ByggHaugesund2020 og sjukehusapotekar Lene Svanberg Jakobsen. Foto: Magne Kydland

Stor kapasitet

Når anlegget er oppe og går vil det ha ein kapasitet til å levere 7-10 millionar eindosar i året.

– For Haugesund sjukehus er det og eit potensial i anlegget til å kunne pakke pasientane sine døgndosettar – eit arbeid som skjer manuelt på medisinromma i dag. Dette er ein ekstra gevinst for Helse Fonna som fann areal til å etablere anlegget, fortel sjukehusapotekar Lene Svanberg Jakobsen i Sjukehusapoteka i Vest.

Eindose er ei eining av eit legemiddel, som éin tablett/kapsel, og ikkje ei heil øskje. Den er merka blant anna med namnet på legemiddelet, virkestoff, styrke og utløpsdato. Bruk av eindose kan bidra til å styrke pasienttryggleiken ved at pasienten får i seg rett legemiddel med rett styrke. Eindose blir pakka i pakkemaskiner, blir deretter levert til sjukehusa og er mogeleg å identifisere heilt fram til pasienten.

Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Hele Vest RHF er også nøgd.

– Det er kjekt å få lov til å vere her på vegner av Helse Vest og gratulere og takke for den fine jobben som er gjort. Vi vil takke Helse Fonna for at de tok på dykk denne viktige regionale oppgåva, og det har skjedd både raskt, og til ein rimeleg sum. Det er ei stor fjør i hatten for oss med eit slikt produksjonsanlegg, for slike er det ikkje mange av i Noreg, seier Vikse.