Overtek LAR-utlevering i Haugesund kommune

Har gode erfaringar frå Karmøy, Stord og Odda.

Publisert 21.09.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Frå 1. januar 2024 overtek Helse Fonna HF ansvaret for LAR-utdeling i Haugesund kommune. Haugesund kommune har til no stått for dette, i nært samarbeid med ruspoliklinikken ved Haugaland DPS. 

– Helse Fonna har god erfaring med utlevering av LAR på Stord, Karmøy og i Odda, fortel prosjektleiar for LAR-utlevering i Haugesund, Diana Lauritzen. 

Ho understrekar at det er viktig med god planlegging og informasjon, for at Helse Fonna skal kunne levere gode tenester til sine LAR-pasientar. For tida er det 134 pasientar i denne gruppa i Haugesund, og om lag 330 totalt i Helse Fonna. 

– Det er viktig med god og hyppig informasjon, slik at overgangen blir tryggast mogeleg og at pasientane blir ivaretekne på best mogeleg måte. Vi har fokus på eit behandlingstilbod som ivaretek både medikamentutdeling og rehabilitering, og i tillegg må vi sikre at medarbeidarane har eit trygt og forsvarleg arbeidsmiljø, opplyser Lauritzen. 
 

Betre lokale  ​

Ansvar for utlevering av LAR ligg hos helseføretaka. Tidlegare var det vanleg at det var kommunane som gjorde dette, i samarbeid med føretaka, men dei siste åra har det blitt meir og meir vanleg at helseføretaka tek alt ansvaret. Erfaring viser at ein slik overgang er positiv for alle partar. 

LAR.jpeg

Betre tilbod: Direktør for Helse. omsorg og sosiale tenester i Haugesund kommune, Knut Arne Askeland (t.v.), klinikkdirektør Kenneth Eikeset og prosjektleiar Diana Lauritzen ser fram til at Helse Fonna overtek LAR-utdelinga i Haugesund frå nyttår av. Det vil føre til eit betre tilbod til brukarane. Foto: Magne Kydland


– Det gjer oss i stand til å gje eit betre integrert tilbod, med auka fokus på rehabiliteringsbiten, seier klinikkdirektør i Klinikk for psykisk helsevern og rus, Kenneth Eikeset. 

Om lag 60 prosent av LAR-pasientane fungerer bra i kvardagen, medan 40 prosent treng ekstra oppfølging. Mange av desse rusar seg på andre medikament, og treng gode rammer og hjelp til å skape ein meir meiningsfull kvardag. 

– No vil utlevering skje i lokale som er betre eigna, enn dei lokala Haugesund kommune hadde. Premissene for å levere eit godt tilbod til brukarane vil vere betre i den nye ordninga, enn slik det har vore fram til no, forklarar direktør for Helse, omsorg og sosiale tenester i Haugesund kommune, Knut Arne Askeland. 

Blant anna vil utleveringa blir meir føreseieleg for brukarane, som no får ein direkte dialog med dei som har ansvaret for behandlinga.  

– Slik det har vore, så har ikkje dei som deler ut noko med dosering eller behandling å gjere. Då er det ofte vanskeleg for brukarane å vite kven dei skal halde seg til i høve ulike tenester. Ved at Helse Fonna overtek LAR-utlevering, så blir også vi i betre stand til å gje eit best mogeleg tilbod innanfor det kommunen har ansvaret for, fortel Askeland. 
 

Snakkar med naboane ​

Det er etablert ei styringsgruppe som skal syte for ein trygg og god overgang, og her vil brukarane også vere representert. 

– Det er viktig for oss å forsikre brukarane om at det blir ein god overgang og eit godt behandlingstilbod, seier Eikeset. Det er også viktig med god informasjon til miljøet rundt der utlevering vil skje. 

 – Vi er i dialog med lokale i Strandgata 54, og har avtalt møte med naboar i sameiget Lillesund terrasse. Mange forbind LAR-utdeling med noko negativt. Difor er det viktig for oss med god dialog, slik at vi sikrar trygg og god LAR-utlevering for alle partar, forsikrar Eikeset. 

Har du spørsmål om dette? 
Då kan du kontakte prosjektleiar Diana Lauritzen, tlf. 900 75 915, eller e-post: diana.mari.heggen.lauritzen@helse-fonna.no 


Fakta, Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). 
Kjelde: helsenorge.no

  • Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er ein del av Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i spesialisthelsetenesta. Ein kan bli henvist til LAR frå fastlege, psykolog, helse- og sosialteneste i kommunen eller frå anna spesialisthelseteneste. 
  • ​Lege eller psykolog i TSB vil vurdere om ein oppfyller kriteria for opioidavhengigheit, blant anna ut frå kor mykje og kor lenge ein har brukt heroin/morfin. 
     
  • Målet med LAR er at kvar enkelt pasient skal oppnå best mogleg helse, funksjons- og meistringsevne og livskvalitet. I tillegg er det eit mål å redusere skadane av opioidbruk og fare for overdosedødsfall. 
     
  • Pasientar som ikkje oppfyller kriteria for LAR, eller som ønskjer anna behandling, kan få tilbod om gradvis nedtrapping kombinert med støttesamtalar.