Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årets viktigaste møte

Samarbeid og samhandling mellom kommunar og helseføretak er vesentleg for å tilby trygge og gode helsetilbod til innbyggjarane.

Magne Kydland
Publisert 23.05.2024
En gruppe mennesker som sitter rundt et bord
Viktige diskusjonar om korleis Helse Fonna og kommunane kan tilby dei beste helsetenestene til innbyggjarane. Frå venstre Helene Arholm (KS Vest Norge), Egil Magne Våge (Bokn kommune), Ole Johan Vierdal (Vindafjord kommune), Andreas Andreassen (Helse Fonna) og Hilde Ystanes (KS Vestland). Foto: Magne Kydland

Nettopp difor er det årlege partnerskapsmøte mellom Helse Fonna og kommunane i regionen så viktig.

Dette understreka administrerande direktør Anders Hovland då han opna årets møte.

– For dette handlar om dei samla helseteneste til innbyggjarane i regionen vår. Dette er ein arena for leiinga i kommunane og helseføretaket. Stikkord er samarbeid, og det er fire hovudområde: Pasientforløp, bemanning, beredskap og digitalisering og innovasjon, sa Hovland.

En person som står foran en projektorskjerm
Administrerande direktør Anders Hovland var ein av mange som understreka kor viktig eit godt samarbeid mellom helseføretak og kommunane er.

Ligg langt framme

Helsefellesskapet i Helse Fonna regionen blei formelt etablert i april 2021 i tråd med føringar i Nasjonal helse- og sjukehusplan. Helsefellesskapet er i stor grad ei vidareføring av tidlegare samhandlingsstruktur mellom kommunar og helseføretak.

Her møtest representantar frå kommunane, føretak og brukarar for å planlegge og utvikle tenestene saman. Det er viktig å forankre ei felles forståing, målsetting og å ha ein felles strategi. Målet  er å kunne tilby samanhengande pasientforløp for personar som har behov for tenester både frå kommune og helseføretak. 

Partnarskapsmøtet er det overordna organet i helsefellesskapet og  ein arena for dialog om aktuelle tema knytt til samhandling om helsetenester. Dette er eit årleg møte kor øvste politisk og administrativ  leiing i kommunane møter styremedlemer og administrativ leiing i Helse Fonna. Representantar frå tillitsvalde, Statsforvaltaren og KS i Vestland og Rogaland var også til stades.

– Vi var tidleg ute med å tenkje samarbeid i vår regionen, og har alltod vore langt framme innan samhandling, noko som har blitt lagt merke til nasjonalt, seier Hovland.

Gruppearbeid

Reidun Rasmussen Mjør og Ingunn Toft, som er leiar og nestleiar i Strategisk samarbeidsutval, informerte om status for helsefellesskapet, men fokuserte mest på framtida, og kva oppgåver ein skal prioritere vidare for å få til ein felles strategi for helsefellesskapet.

Kva er dei viktigaste utfordringane i samhandlinga? Og kva må til frå helseføretak og kommunar for at pasienten skal oppleve samanhengande tenester?

Dette var hovudspørsmål som deltakarane skulle diskuterte i eit 22 minuttar langt gruppearbeid.

En gruppe mennesker som sitter ved bordene
Det var stor iver og gode diskusjonar rundt borda. Foto: Magne Kydland

Fagdirektør Ingrid Middelthon i Helse- og omsorgsdepartementet informerte om Helsepersonellkommisjonens NOU og Nasjonal helse- og samhandlingsplan. Og ho påpeika at den største utfordringa i åra som kjem er tilgang på nok personell.

– Men det er også andre utfordringar, og nettopp difor er det så viktig å vidareutvikle helsefellesskapa, sa Middelthon.

Særleg poengterte ho dette med samarbeid om pasientar som treng tenester i kommunen etter sjukehusopphald, og som ofte blir liggjande i sjukehusa i påvente av kommunalt tilbod. Såkalla utskrivingsklare pasientar.

En gruppe kvinner som står på en veranda
Fagdirektør Ingrid Middelthon i Helse- og omsorgsdepartementet (t.v.), Ingunn Toft og Reidun Rasmussen Mjør i strategisk samarbeidsutval, og Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon snakka om ulike tema, men var samde om at god samhandling er svært viktig for å kunne tilby best mogeleg helsetenester til innbyggjarane. Foto: Magne Kydland

 

Talte pasientane si sak

Lilly Ann Elvestad er generalsekretær i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon. Dvs. ho representerer 88 medlemsorganisasjonar, med totalt 360.000 medlemmer.

– Men tek vi med alle i Noreg som har ein kronisk sjukdom eller ein eller annan form for funksjonshemming, så snakkar vi om opp imot 1 million innbyggjarar. Tek vi då med familie og pårørande, så snakkar vi på vegner av store deler av innbyggjarane. Mange av desse er storforbrukarar av helsetenester, og dei er avhengige av gode tenester gjennom eit langt liv, for å ha eit godt liv, poengterte Elvestad.

Kvar trykkjer skoen mest? Elvestad viste til ei fragmentert teneste, krevjande overganger, store forskjeller i tilbod og oppfølging i kommunane, mangefull dialog, manglande rehabiliterings- og meistringstilbod.

– Samhandling med tenester utanfor helse er viktig, men sviktar for ofte. Koordinering kan blir ein heildagsjobb for mange pasientar og pårørande, fortel Elvestad.

Ho var glad for å få lov til å halde innlegg på Partnerskapsmøtet i Helse Fonna.

– Vi er gode kvar for oss, men å få ting til å henge saman er ikkje like lett. Nettopp difor er helsefellesskap så viktig, slår Elvestad fast, og viste til døme der spesialisthelsetenesta byggjer ned tilbod, utan at kommunane er informerte, og har høve til å byggje opp tilsvarande.