Positive pensjonistar

Utan pensjonistane hadde ikkje drifta gått rundt. Her kan du møte nokre av dei.

Publisert 29.07.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

– Det blir jo rart når eg sluttar heilt. Å vere jordmor er ein del av identiteten min. Om eg ikkje er jordmor, kven er eg då?  

Elin Johannessen blei pensjonist i fjor, men har ikkje prøvd å vere så mykje heime. Enno. 

Elin Johannessen 2022 - foto Eirik Dankel_1.jpg
 

Livets tre: I den nye fødeavdelinga i Haugesund heng livets tre. Med nye blad for alle som blir fødde. Foto: Eirik Dankel

 

– Prøver eg, kan det vel fort bli ei vane også, seier ho og ler.

– Eg kan godt nyte livet, så eg ser an kor lenge det blir. 

Ho tel på fingrane kor lenge ho har vore jordmor ved Haugesund sjukehus. 

–  Tja, eg hugsar eg fekk den gåva etter 25 år, så 25, 26, 27… Ja, 27 år. Trur det. Kanskje sluttar eg no etter koronaperioden. Eg har barnebarn i Nord-Norge. Må ha tid til å reise til dei også. 

Enn så lenge jobbar ho her.  

– Det er veldig godt å vere her på fødeavdelinga,  slår ho fast.

– Dessutan har eg jo god arbeidskapasitet. Og ikkje minst, å vere jordmor er fantastisk kjekt. Alle bør bli det! 

I sommar er dei to jordmødrer og tre barnepleiarar på jobb med pensjonistavtale her på fødeavdelinga i Haugesund. Det blir sett stor pris på. 

– Eg synst det er veldig godt å ha Elin og dei andre pensjonistane her, seier funksjonsleiar Astrid Kvamme Rønnevik. 

 

Fri i ein månad

Svanaug Løkling gjekk av med pensjon i fjor haust, etter å ha jobba i Helse Fonna i 23 år i mange ulike roller, blant anna har ho mange år som leiar. No jobbar ho på AMK-sentralen, på akuttmottaket og på Helseekspressen. Det likar ho svært godt, og kjem til å halde fram med.

Svanaug-Løkling-2022.jpg

– Eg hadde nok ikkje gått av med pensjon i fjor om det ikkje var for «pandemiordninga» som gjer at pensjonistar kan jobbe så mykje dei vil, og får betre betalt. Dette gjer at eg kan jobbe som eg vil. Eg jobbar intensivt i periodar, for så å ha lange fri. I juni jobba eg ikkje. Då var vi ute på segltur langs kysten, fortel Løkling. Ordninga varar til 1. september, men Løkling kjem til å jobbe vidare uansett.

 – Løna blir litt lågare utan denne avtalen, men det betyr ikkje så mykje for meg. Eg trivst svært godt, og har eg vore lenge vekke, så gler eg meg til å komme på jobb igjen. Så lenge eg klarar å følgje med i utviklinga, vil eg gjerne jobbe som pensjonist – ikkje berre om sommaren, men resten av årets også, fortel Løkling.

 

Travle ​​dagar på MIO

På MIO treff vi Jill G. Kongshavn ein travel dag i starten av veka. Så travel at avtalen må utsetjast ein liten time. Men det å ha det travelt er ho van med. Då går dagane fortare og. Kongshavn hadde sin første arbeidsdag på Fylkessjukehuset i Haugesund i 1988, og har jobba som intensivsjukepleiar i det aller meste av sitt yrkesaktive liv. No er ho ein av dei trufaste vikarane på MIO.

Jill Kongshavn 2022 - foto Eirik Dankel.jpg

– Eg har vore mest her siste året, grunna covid, men eg jobbar og på intensivavdelinga, fortel Kongshavn, som blei pensjonist i mai 2021. Eller pensjonert intensivsjukepleiar, som ho sjølv kallar seg.

– På det meste har eg vore oppe i 40 prosent stilling, då koronaen var på topp i fjor haust og i vinter. No er det mindre. Det som er best med å ha det slik som meg, er at eg kan jobbe nett når det passar meg. I tillegg er det herleg å sleppe å jobbe natt og helg, seier Kongshavn, som kjem til å jobbe så lenge hovudet heng med, og jobben er interessant.

– Så eg håpar det blir ei stund til! Det er kjekt å treffe att alle dei kjekke kollegaene, og så er det mange pasientar som er interessante og spennande å snakke med, seier den pensjonserte intensivsjukepleiaren.

Jill Kongshavn -.jpg

Gode kollegaer: Det å treffe gode kollegaer er noko av det Jill Kongshavn synest er kjekkast. Frå ventre Jill Kongshavn, Lene Stavland, Bettina Sørensen Skiftestad og Birgit Søndergaard. Foto: Eirik Dankel

 

Hadde ikkje tenkt å jobbe m​eir

Anestesisjukepleiar Bjørn Andersen hadde eigentleg ikkje planar om å jobbe meir då han gjekk av med pensjon våren 2019. Men utpå hausten var det stort fråvær på anestesiavdelinga på Stord sjukehus, og han let seg lokke til å seie ja til nokre vakter.

bjorn1.jpg

– Eg følte ikkje eg var heilt oppdatert, fordi det var mange år sidan eg hadde jobba der. Dei siste åra jobba eg mest administrativt. Men etter tre-fire vakter så følte eg at de losna litt, og så kom koronaen og då vart det berre meir og meir. Eg synest det er kjekt å bidra, og det er kjekt å treffe kollegaene att. Det er eit godt miljø på Stord sjukehus, slår Andersen fast.

Og ikkje minst set han pris på fridomen. Nokre veker kan han jobbe to vakter, andre veker kanskje fem.

– På det meste har eg nok jobba tilsvarande 50 prosent-stilling. Å berre jobbe 19,9 prosent, slik ordninga normalt er, er ikkje så aktuelt for meg. Så kva som skjer etter 1. september veit eg ikkje. Eg er jo trass alt 71 år også, smiler ein nøgd Bjørn Andersen.

 

Lang fartstid

Marie W. Nesse er blant dei med lengst fartstid på Stord sjukehus. Ho har vore ei del av laget heilt sidan ho var student, og sjukehuset var nytt. I 1973 byrja ho i fast jobb, og har jobba der, med unnatak av to år i kommunen, i over 40 år til ho gjekk av med pensjon då ho var 67. Det er 3 år sidan. No er ho 70, men har ikkje tenkt å gje seg heilt endå.

– Eg trivest veldig godt her, og det har eg alltid gjort. Det er spennande og utfordrande, og det er aldri ei keisam vakt. Når ein har jobba så lenge som eg har, så ligg litt av sjela mi her. Difor er det ikkje berre å skru av ein knapp og slutte. Så eg kjem nok til å jobbe ei stund til, så lenge eg har helse og overskot til det, fortel sjukepleiaren på kirurgisk avdeling. I utgangspunktet har ho avtale om 11 vakter i løpet av tre månader, men no har det vore meir pga. koronaregelen. Ho synest det er synd om ho no må jobbe mindre att, pga lovar og reglar.

 

marie1.jpg

– Eg meiner vi pensjonistar har mykje erfaring som kjem godt med, og difor er det synd om vi framover må jobbe mindre. Ein slik regel gangar verken oss eller føretaket,  meiner Nesse, som likar å vere spontan, og ho set seg difor aldri opp på vakt langt fram i tid.

– Det hender at Halvor (Jordåen, funksjonsleiar) ringjer når eg er på tur med venninnene på føremiddagen og spør om eg kan komme på jobb klokka 14. Ja, seier eg, eg er heime frå tur klokka 12, så eg kjem. Eg brur jo berre fem minutt frå sjukehuset. Sidan eg synest det er så kjekt å komme på jobb, så svarar eg som regel ja viss det passar, fortel Nesse.

 

marie2.jpg


Ofte ja: Halvor Jordåen ringjer, og får ofte ja til svar frå Marie W. Nesse. Foto: Magne Kydland

 

– Trygg og solid kompetanse

Helse Fonna har avtalar med nærare 100 pensjonistar, alt frå teknisk og merkantilt personell, til sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, legar og psykologar. HR-direktør Helga Stautland Onarheim er full av lovord om jobben dei gjer.

Helga - nett.jpg

– Vi er svært takknemlege for at pensjonistar trør til for å hjelpe oss når vi har personellutfordringar som t.d. i ferieavvikling og slik vi erfarte under dei store bølgjene i koronapandemien. Pensjonistane har ein solid kompetanse som føretaket har stor nytte av og som medarbeidarane opplever er til god støtte, avlastning og hjelp i ein travel kvardag. Leiarane uttrykker ofte at «vi er heilt avhengige av pensjonistane». Medarbeidarane opplever det trygt å få hjelp av erfarne og kompetente pensjonistar som dei har vore gode kollegaer med. Pensjonistane fyller mange «hol» som dei faste medarbeidarane elles hadde måtte dekt. Føretaket har mange pensjonistar som har fast arbeidsavtale og andre som blir ringt til på timebasis. Ordninga der pensjonert personell kan ta arbeid i helsetenesta utan pensjonsavkorting er forlenga til 1. september. Dette var eit koronatiltak som blei innført under pandemien, seier Helga Stautland Onarheim.