Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pussar opp ved alle sjukehus i Helse Fonna

Ekstraordinære sysselsettingsmidlar frå staten har gjort det mogleg å starte oppussingsprosjekt ved alle sjukehus i Helse Fonna. – Bra for pasientar, medarbeidarar og næringslivet, slår styreleiar Kjell Arvid Svendsen fast.

Stina Steingildra
Publisert 26.09.2016
Sist oppdatert 01.03.2024

​Administrerande direktør Olav Klausen orienterte i dagens styremøte om korleis dei over 33 millionar kronene er brukte. Både ved Stord, Odda, Valen og Haugesund sjukehus er det sett i verk prosjekt som gir betre lokalar å drive pasientbehandling i. Vindauge blir skifta, fasadar rehabiliterte, lekkasjar utbetra og pasientlokalar renoverte. Fleire stader er det lokale leverandørar som har vunne konkurransen om oppdraga.

–  Det viktigaste er sjølvsagt at vi får gjort viktige utbetringar ved sjukehusa, men det er også ei glede at det kjem næringa til gode no i desse tider, seier styreleiar Kjell Arvid Svendsen.

Må spare for å kunne bygge nytt

Styret vedtok før sommaren at Haugesund sjukehus skal byggast ut i 2018. I styremøtet informerte administrerande direktør om at føretaket i sommarmånadane har hatt større bruk av overtid og innleige enn planlagt.

– Prognosen for 2016 er derfor justert ned med 10 millionar til eit årsresultat på 30 millionar kroner. Dette forutset at vi klarer å gjennomføre tiltak som justerer styringsfarten ned til budsjettert nivå resten av året, seier Olav Klausen.

Får ros for god planlegging

Internrevisjonen i Helse Vest har gjennomført revisjon med planlegging for gevinstrealisering i byggeprosjekt. Om prosjektet ByggHaugesund2020 skriv Internrevisjonen:

«Etter vår vurdering har arbeidet med gevinstar og gevinstrealisering i dette prosjektet vore svært godt […]. Dei sentrale elementa i gevinstrealisering […] er so langt tatt i vare».

– Over to hundre medarbeidarar, tillitsvalte og verneombod i Helse Fonna er med i prosjektgruppene som bidrar i planlegginga av det store byggeprosjektet, seier Kjell Arvid Svendsen. Brukarane deltek òg i planlegginga og gjer ein stor innsats for at bygget skal bli pasientane sitt nye sjukehus.

– Dette er ein honnør til dei for den gode jobben og det store engasjementet dei har bidratt med så langt.

Sjukehusplanen krev godt samarbeid mellom sjukehusa

Alle landets helseføretak får årleg eit styringsdokument som set krav til innsats, prioritering og måloppnåing. Styringsdokumentet kjem frå helse- og omsorgsdepartementet via det regionale helseføretaket Helse Vest. Då Nasjonal helse- og sjukehusplan blei vedtatt i Stortinget i vår, har Helse Vest no sendt ut eit tillegg til styringsdokumentet for 2016. Helseføretaka skal følgje opp den nye planen i sitt arbeid med å utvikle helsetilbodet. Helse Vest og departementet legg mellom anna til grunn at sjukehusa skal samarbeide tettare enn i dag, og at ein skal utnytte dei samla ressursane i helseføretaket som heilheit.

Orienterte om prosjektrapport for Stord sjukehus

Etter at helse- og omsorgsministeren våren 2016 la fram forslag til Nasjonal helse – og sjukehusplan 2016-2019, oppretta Helse Vest eit prosjekt som skulle greie ut om utviklinga ved Odda og Stord sjukehus i lys av denne planen. Prosjektgruppa for Stord sjukehus leverte sin rapport med tilrådingar i juni 2016, medan prosjektgruppa for Odda sjukehus skal levere sin rapport i desember 2016.

Styret i Helse Fonna blei i dag orienterte om prosjektrapporten for Stord sjukehus, som no er på høyring i kommunar, helseføretak, fylkeskommunane Hordaland og Rogaland, brukarutvala og fagforeiningar. Styret i Helse Fonna skal etter planen behandle rapporten i oktober.

Prosjektrapporten kan lesast her.

Jobbar for å betre tilbodet

Alle landets sjukehus blir målte på om dei fyller krava til dei nasjonale kvalitetsindikatorane. Indikatorane dekkjer fleire område innan spesialisthelsetenesta, som for eksempel kor mange pasientar som får komplikasjonar etter behandling, ventetid, at sjukehusa overheld tidsfristane i pakkeforløp for kreft, eller kor mange kvinner som fødar med planlagt eller akutt keisarsnitt. Målinga blir brukt til læring og betring i sjukehusa.

Administrerande direktør Olav Klausen gjorde i styremøtet greie for korleis sjukehusa i Helse Fonna skal betre tilbodet innan dei områda der ein i dag ikkje har nådd krava. Han brukte mellom anna hoftebrotspasientar som eksempel på at tiltak og innsats nyttar.

– Det er eit krav at pasientar med hoftebrot skal vere opererte innan 48 timar. Vi har klart å auke dette talet frå 88,3 % i 2014 til 91,3 % i 2015. Vi har mellom anna etablert eit eige operasjonsteam for lårhalsbrot, og laga standardiserte pasientforløp. Pasientane blir identifiserte allereie før dei kjem inn til sjukehuset, dei blir følgde opp i akuttmottaket og dei ortopediske kirugane er tett på prioritering og planlegging av pasientar som skal opererast.

Har sett i verk ein gjennomgang

Tillitsvald for Norsk sykepleieforening ved Stord sjukehus har varsla Fylkesmannen i Hordaland om det ho omtalar som uakseptable forhold i samband med ferieavviklinga i sommar. Administrerande direktør orienterte styret om at det allereie er sett i verk ein gjennomgang av saka og at styret vil bli halde informert.