Rekrutteringsprosessen er i gang

Arbeidet med å finne Olav Klausen sin etterfølgjar er no starta.

Publisert 02.09.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Det var i juni at administrerande direktør Olav Klausen opplyste om at han no ynskjer å fråtre stillinga etter 10 år. Styret i Helse Fonna har no starta prosessen med å rekruttere ny toppleiar.

– Tilsetjingsutvalet er godt i gang med prosessen. Tilsetjingsutvalet får bistand frå Habberstad i prosessen, opplyser styreleiar Petter Steen jr. (biletet).

Petter Steen - 2022 - foto Eirik Dankel_17.jpg

Helse Fonna er med sine over 4.000 medarbeidarar ei av dei største verksemdene mellom Stavanger og Bergen. Helse Fonna gir spesialisterte helsetenester til over 180.000 innbyggjarar i Nord-Rogaland, Sunnhordland, Indre Hardanger og deler av Ryfylke.

Stillinga blir no lyst ut førebels i diverse mediekanalar.  Full utlysing kjem seinare i september. 

​ Dette er ein av dei viktigaste, mest spennande og utfordrande leiarjobbane på Vestlandet, så eg håpar sjølvsagt at mange er interesserte, seier Petter Steen jr.

Er du interessert i stillinga? Fram til full utlysing kan du gå sjå førebels utlysing her, og gjere deg meir kjend med oss på www.helse-fonna.no.

Tilsetjingsutvalet består av Petter Steen jr., Brian Bjordal, Nina Budal og Anne Sissel Faugstad.