Rivinga er i gang

Riving av austblokka på Haugesund sjukehus er godt i gang. Neste veke blir gang- og sykkelstien stengt.

Publisert 13.04.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

Sykkel- og gangveg mellom busstopp og Stavangergaten blir stengt frå og med neste veke, i samband med byggjetrinn 2 Haugesund sjukehus. 

karmsund.jpeg

–​ Busshaldeplassen blir framleis open, men gåande og syklande må bruke sykkel- og gangsti på vestsida av sjukehuset, eller bruke undergangane og sykkel- og gangsti på austsida av Karmsundgata, opplyser prosjektdirektør Laila Nemeth i byggorganisasjonen i Helse Fonna. (sjå illustrasjonen under)

GS-veg.jpg

Den vesle biten av gang- og sykkelstien vil truleg vere stengt heilt til 2028.

Veidekke starta rett før påske å rive den gamle austblokka, der nybygget skal komme.

veidekke.jpeg

Saman med underleverandørane skal Veidekke kople frå alle anlegg og utstyr, asbestsanere og rive deler av austblokka, og gjere alt grunnarbeidet slik at ein kan starte på nybygget i løpet av neste år.

Tidlegare i år vedtok styret i Helse Fonna ein revidert framdriftsplan tilpassa den økonomiske situasjonen som vart godkjent av styret i Helse Vest.

Entreprise for bygging av den nye søraust-blokka blir sendt ut i desse dagar, med planlagt byggjestart i løpet av 2024.

Byggo.jpg

Neste byggjetrinn: Slik vil det sjå ut når byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus er ferdig, i løpet av 2028.