Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rykker ut med blålys og strikkebamsar

Dei har helsefagleg kompetanse og ein ambulanse full av medisinsk utstyr. Når Siw Bjørstad-Karlsen og Endre Engen rykker ut, har dei også nokre mjuke strikkebamsar på lur.

Publisert 30.06.2017
Sist oppdatert 01.03.2024
Bildet viser ambulansearbeidarane Siw Bjørstad-Karlsen og Endre Engen med strikkebamsar.

– Bamsane gir vi til dei som treng det. Det kan vere ungar eller vaksne, seier ambulansearbeidar og paramedic Siw Bjørstad-Karlsen.

Ho har vore pådrivar for å bringe fenomenet «Lommevenn» til ambulansane i Helse Fonna.

– Eg kjenner ho som starta Lommevenn-gruppa på Facebook og syntes det var ein veldig god idé, seier Bjørstad-Karlsen.

– Eg trur bamsane er strikka etter ei gammal oppskrift som var populær på 70-talet.

70-talsmoten er definitivt tilbake, for gruppa på Facebook har no rundt 25 000 medlemmer som strikker bamsar og sender til ambulansar i heile Noreg.

Bildet viser ambulansearbeidarane Siw Bjørstad-Karlsen og Endre Engen med strikkebamsar

Ikkje for stor for strikkebamsar

Sjølv har Bjørstad-Karlsen gitt bamsar til både små barn, litt større barn og vaksne.

– Eg hugsar særleg ei som var psykisk sjuk. Ho fortalte seinare at ho hadde gitt bamsen namn etter oss i ambulansen og at ho gjerne lånte den ut til medpasientar som trengte det.

Bjørstad-Karlsen har også gitt bamsar til vaksne med demens og store ungar som eigentleg synes dei er for store.

– Då tar dei kanskje i mot, men seier at vi ikkje treng å snakke så høgt om det, smiler ho.


Ein ekstra tryggleik

Både ho og Engen er glade for at bamsane er med. Det kan vere ein måte å komme i snakk med ungar eller bare vere ein ekstra tryggleik for pasient eller pårørande.

– Så lenge vi får tilsendt fleire bamsar, kjem vi til å ha dei med på tur, smiler Bjørstad-Karlsen.

Vil du bidra med strikkebamsar, sjekk gruppa «Lommevenn» på Facebook.
 

FAKTA:

  • Helse Fonna har ti ambulansestasjonar og 140 ambulansearbeidarar
  • Ambulansearbeidarar er helsepersonell som startar behandling på staden og heilt fram til pasienten er transportert til sjukehus. Akuttmedisinsk behandling inneber mellom anna livreddande førstehjelp, hjerte/lunge-redning, stabilisering og medisinsk behandling.
  • Utdanninga skjer i vidaregåande skule (fagbrev) eller på høgskule (bachelor i paramedics).