Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Såg lyset på seminar

Kjøper du melatonin på nett eller i butikken for å få betre søvn? Det har truleg ingen effekt, meiner ekspertane.

Publisert 09.09.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Fredag vart årets Valenseminar arrangert, av Valen sjukehus, på Rosendal Fjordhotel. Temaet var lys. Professor Ole Didrik Lærum (biletet) ved Universitet i Bergen var først ut, og han innleia med å fortelje om døgnrytme hos menneske.

valenseminar1.jpg

– Kroppen si indre klokke sit i midten av hjernen, rett over synsnerva, og har samband med resten av hjernen, blant anna epifysen, som skil ut mørkehormon, eller melatonin, om natta. Denne koordinerer det som skjer i andre organ. Synsnerva gir beskjed til hjernen om det er mørkt eller lyst. Det er ein kompliserrt mekanisme, og ein treng eigentleg ikkje klokke for å vite om det er dag eller natt. Hjernen gir beskjed om det. Hormonet melatonin er overordna og koordinerer hjernen sine klokker, forklarar profossor Ole Didrik Lærum. 

Han har ikkje særleg tru på at det å bruke melatonin i pilleform har noko føre seg.

Blokkerer blått lys

– Det er å få kjøpt, det er ikkje sterkt og det er ikkje farleg, men det er ikkje nødvendig å bruke det, slår Lærum fast. 

Han får støtte frå Helse Fonna og Valen sjukehus sin søvnekspert, overlege Tone E. G. Henriksen. Ho går endå lenger i si vurdering av dette legemiddelet.

– Kroppen sluttar å produsere melatonin om morgonen. Tek ein det sjølv, for seint, kan det få konsekvens. Til dømes at ein søv langt frampå, og liksom aldri kjem heilt i gang med dagen. Eg synest det er ille at ein sel melatonin i butikken, seier Henriksen.

valenseminar4.jpg

Tone Henriksen (biletet) fortel at ho som 18-åring kjøpte ei bok som Lærum har skrive, med tittel «Menneske og biorytme».  Ikkje fordi boka var pensum, men fordi ho var interessent i emnet. Men det gjekk likevel mange år før ho byrja å jobbe med søvn og døgnrytme.

– Det var først då eg byrja å forske for 10-12 år sidan at dette vart eit tema for meg, fortel Henriksen, som blant anna er kjend for dei oransje brillene, som blokkerer blått lys. Dette har gjeve svært gode resultat i behandlinga av bipolare pasientar.

Henriksen, som denne veka har vore sitert både titt og ofte i lokal- og riksmedia, fortalde om korleis ein brukar lys- og mørketerapi som integrert del av psykiatrisk akuttbehandling.

Har eige lysterapi-rom​

Lysbehandling har vore kjent lenge og har ein effekt for pasientar med depresjon eller maniske tilstandar. I 2019 opna akuttposten på Valen sjukehus eit kombinert rom for lysterapi og «stillerom». 

Lysbehandling har effekt på pasientar med depresjon eller maniske tilstander. Studier viser at bruk av lysterapi i tillegg til medisinering og vanlig samtaleterapi kan auka effekten opptil 40 prosent. 

Slike rom er det ikkje så mange av her til lands. Rommet kan nyttast til vakenterapi for pasientar med bipolar depresjon, eller morgonterapi. Rommet er også eit roleg rom der pasienten kan velje ulike stimuli som lyd, lys eller lukt.

Lysro - 2019_9.jpg

Lysterapi: Rommet vart opna i 2019, og blir brukt mykje i pasientbehandlinga på Valen sjukehus. 

Lyset er plassert på veggen etter korleis auga fungerer. På veggen er det eit bildetapet av ei strand. Det kan verke roande for mange. Frå eit panel på veggen kan alt styrast.

Eit vanleg program har ei innleiing på fem minutt der lyset gradvis blir sterkare, for så ha aktiv behandling i 50 minutt, med ei nedtrapping dei siste fem minutta. Og alt dette kan sjølvsagt justerast individuelt.

Posten har lenge tilbydd virtuell mørketerapi i form av BB-briller som tilleggsbehandling ved mani. I 2020 er det etablert areal som kan styrast dynamisk i høve lysfrekvens og styrke som passar med døgnrytmen, slik at pasientar som ikkje klarer å bruke briller kan få slik mørketerapi i det blåblokkerte arealet inne på akuttposten.

– Alle pasientar som kjem inn på akuttposten blir presenterte og får tilbod om slik behandling. Det første vi gjer då er å måle døgnrytmen. A-menneske får behandling tidleg om morgonen, b-menneske litt seinare, fortel Henriksen

Gode tilbakemel​​dingar

Funksjonsleiar Liv Rose Olderkjær Larsen og spesialsjukepleiar Anette B. Jacobsen fortalde om korleis det er å jobbe med lysbehandling på akuttposten.

valenseminar.jpg

Gode erfaringar: Anette B. Jacobsen, Tone E. G. Henriksen og Liv Rose Olderkjær Larsen fortalde om kvardagen på akuttposten på Valen sjukehus, og korleis det fungerer med lysterapi som integrert del av behandlinga. 

– Det er ekstra lyst på heile avdelinga på dagen, og mørkare på kvelden og på natta. Så nattevaktene kan nok bli ekstra trøytte, men har jo høve til å gå innom kontoret for å bli eksponert for lys, fortel Jacobsen.

– Det er jo ikkje så lett å setje seg ned å strikke til dømes, når det er mørkt. Og ein kan ikkje bruke mobilen som ein vil, for den lyser jo opp. Så det er nokre utfordringar, men tilbakemeldingane både frå pasientar og medarbeidarar er stort sett positive, supplerer Olderkjær Larsen.

Ei anna erfaring er at det er ikkje så lurt å bli med inn på lysterapirommet tidleg om morgonen, før ein skal heim og sove etter nattevakt.

– Då blir ein jo lys vaken. Men vi tek jo på oss oransje briller, så då går det fint, fortel dei to.

Dei peikar på fleire fordeler med lysterapi, både at dei merkar raskt betring hos mange, og ikkje minst at bruken av medisin går ned.

Nøgde arrangørar

Valenseminaret hadde tittelen «Helsetenesta i nytt lys», og handla om alle mogelege former for lys. Føredragshaldarane kom frå både inn- og utland.

Forutan Lærum og Henriksen, snakka professor Elisabeth Flo-Groeneboom ved Universitet i Bergen om erfaring av lysterapi på sjukeheim hos eldre med demens, professor Klaus Martiny frå Købenshavns universitet fortalde om banebrytande utvikling av lysterapeutiske pasientrom som del av planlegging for nytt sjukehusbygg på Rigshospitalet i København, kalla the room-light prosject.

Professor Håvard Kallestad frå NTNU presenterte innovative forskingsprosjekt om bruk av radar-teknologi og kronterapeutiske behandlingsprinsipp for måling og behandling av søvnvanskar, medan professor John Gottlieb frå Feinberg School of Medicine of Northwestern University i Chicago tok den lange turen over Atlanteren for å forelese om bakgrunn, evidens og noverande tilrådingar for bruk av kronterapi ved bipolar liding.

Avdelingsleiar Marianne Lund-Anderssen ved Valen sjukehus rosa programkomiteen, med Tone Henriksen i spissen.

valenseminar2.jpg

Fekk ros: Marianne Lund-Anderssen (t.h.) gav ekstra skryt til forskar og overlege Tone Elise Gjøtterud Henriksen

​– Det er takk vere henne og hennar kontaktnett at vi har fått så mange gode føredragshaldarar. Eg er svært nøgd med årets program, og at nærare 100 deltakarar hadde meldt seg på, seier Lund-Anderssen. Mange av desse er tilsette i Helse Fonna, men det var og ein god del eksterne deltakarar.​

Valenseminar3.jpg