Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Skårar svært høgt på kvalitet

Helse Fonna ligg på topp, både i Helse Vest og nasjonalt, på mange felt.

Magne Kydland
Publisert 28.09.2023
Sist oppdatert 01.03.2024
barnediabetesteamet.jpg
Best i Noreg: Barnediabetesteamet ved Haugesund sjukehus får mykje merksemd, og viser gong på gong at dei er suverent best i Noreg. Dei er også langt framme internasjonalt. Bak frå venstre Inghild Hovland (sjukepleiar), Helge Fredrik Lekven-Johnsen (sjukepleiar), Heiko Bratke (barnelege), Turid Gabrielsen (sjukepleiar), Linda Rushanovski  (sjukepleiar) og Caroline Hegg  (sjukepleiar). Framme f.v: Grete Vigemyr (barnelege), Sverre Sigurd Johansen Lamens (barnelege), Margareth Worre Bårdsen (sjukepleiar) og Meret Pedersen (sjukepleiar). Biletet er teke då dei vann Kvalitetsprisen i Helse Vest i 2021.

– Helse Fonna har gode resultat for svært mange kvalitetsindikatorar. Vi må arbeide kontinuerleg med forbetring innan område der me har svakare resultat, samtidig som me sørgjer for å oppretthalde kvaliteten der resultata er gode, heiter det i ein rapport om kvalitetsindikatorane, som styret i Helse Fonna vart orientert om på styremøtet torsdag.  

–​ Det er både imponerande og flott å sjå at kvaliteten på tilbodet til pasientane held så høg kvalitet på mange viktige område. Dette blir skapt i møtet med pasientar og pårørande frå engasjerte og dyktige medarbeidarar kvar dag, heile døgnet, seier administrerande direktør Anders Hovland. 

120 kvalitetsindikatorar 

Helsedirektoratet rapporterer på nettsidene sine meir enn 120 kvalitetsindikatorar som involverer aktivitet i Helse Fonna.  
Indikatorane har eit svært vidt spekter. Det er resultatindikatorar som t.d. overleving etter kreftsjukdom, nyresvikt etter heimedialyse, infeksjonar etter operasjonar og antibiotikabruk, og prosessindikatorar som t.d. epikrisetid og tal på korridorpasientar. 
 
For svært mange av desse indikatorane har Helse Fonna gode resultat samanlikna med andre sjukehus, både i Helse Vest og nasjonalt. Andre indikatorar viser at vi har forbetringspotensiale.  
 
Openheit om kvalitetsindikatorar er viktig for både pasientar, helsetenesta og helsemyndigheita. Det er viktig at pasientane har informasjon om kvalitet i helsetenesta og at helsetenesta brukar dette i sitt forbetringsarbeid.  

Gode resultat 

For svært mange av desse indikatorane har Helse Fonna gode resultat samanlikna med andre sjukehus, både i Helse Vest og nasjonalt. Indikatoren «30 dagers overlevelse etter hjerneslag» er eit døme på dette. Denne viser både at Helse Fonna har svært gode tal for overleving etter hjerneslag, og at det har vore ein stor auke i overleving dei siste 10 åra. Ein annan indikator er for barn med diabetes mellitus, «Andel pasienter med HbA1c under 58 mmol/mol», ein indikator for god behandling. Her har Helse Fonna det beste resultatet av alle sjukehus i Norge.  
Andre indikatorar viser at Helse Fonna har eit tydeleg forbetringspotensiale. Eit døme på dette er indikatoren «Andel dialysepasienter som får hjemmedialyse». 
 
– Kvalitetsindikatorane gir oss eit grunnlag for oppfølgjande forbetringsarbeid, der me kan avdekke årsakene til svake resultat og gjere tiltak som bøter på desse. Dette er ei oppgåve som dei einskilde fagområda må gjere, i samarbeid med fagdirektør og Avdeling for kvalitet og pasienttryggleik. Nokre av kvalitetsindikatorane avdekker også ein variasjon mellom sjukehusa i Helse Fonna. Desse forskjellane må adresserast, og me må arbeide for å utjamne forskjellane, heiter det i saka. 
Styret vart svært nøgde med gjennomgangen, som viser at føretaket har høg kvalitet på tenestene. 
 
–​ Det er eit kontinuerleg og fokusert arbeid som vert gjort. Forbetringsarbeid er viktig, både på dei indikatorane der ein ligg godt an, og sjølvsagt på dei ein ligg dårleg an, understrekar styreleiar Petter Steen jr. 
 

Ko​mmunane får ros 

Talet på utskrivingsklare pasientar har lenge vore ei utfordring. Men no er talet på veg ned, og er mykje lågare enn for eitt år sidan. Det er styreleiaren godt nøgd med. 
 
– Her har kommunane verkeleg teke eit krafttak for å klare å ta heim fleire pasientar, seier Steen jr. 
 
 
Petter Steen - 2022 - foto Eirik Dankel_14.jpg
Styreleiar Petter Steen jr. rosar kommunane, som har prioritert arbeidet med å ta imot utskrivingsklare pasientar. (Foto: Eirik Dankel)
Rapporten for august viser at det har vore høg aktivitet i føretaket, både for inneverande periode og for året så langt. Det er gjennomført 1000 fleire polikliniske konsultasjonar i august, og 12000 fleire gjennom året, noko som utgjer ein auke på 8,7 prosent. 
 
Talet på korridorpasientar er og lågare samanlikna med same periode i fjor, noko som dels heng saman med et lågare tal på utskrivingsklare pasientar. Sjukefråværet har vorte redusert gjennom året, og ligg i august på 6,7 prosent, som er ned mot IA-målet og lågare enn snittet for de tre føregåande åra. 
Med høg aktivitet aukar også inntektene. Det er hovudsakleg høgare løns- og personalkostnadar enn budsjettert, samt auka kostnadar til legemiddel og medisinske forbruksvarer, som gjer at Helse Fonna endar med 15,9 millionar kroner dårlegare enn budsjettert i august. 
 
–​ Vi tek sjølvsagt imot alle bidrag frå styresmaktene med takk, men denne jobben må vi først og fremst klare sjølv. Iverksette tiltak verkar, men det er ikkje nok, slår styreleiaren fast. 
Fleire av styremedlemmene som tok ordet understreka at Helse Fonna no er i ein svært alvorleg økonomisk situasjon, og det helseføretaket i Helse Vest som ligg dårlegast an. Difor bad dei om at det blir sett i verk ytterlegare tiltak for å redusere overforbruket mest mogeleg i 4. kvartal. 
 

Skal jobbe med tiltak 

På styremøtet vart det presentert ein plan for tiltak som har som mål å sikre Helse Fonna økonomisk og fagleg berekraft i åra framover. Som kjent er føretaket i ein svært krevjande økonomisk situasjon, med eit samla underskot på 135 millionar kroner så langt i år. I fjor var underskotet endå større. Samtidig har det vore fleire rundar med tiltak. 

–​ Dette betyr at vi saman må finne måtar å redusere kostnadene, samtidig som vi sikrar vidare utvikling, både for verksemda og medarbeidarane. Vi må også halde oppe den høge faglege kvaliteten vår. Det er ikkje noko enkle svar på korleis dette best kan gjerast, seier Hovland, som opplyser at direktørgruppa har identifisert fire hovudområde for utvikling, med forslag til tiltak på desse områda. 
 
Det første gjeld organisering av verksemda, der ein må sjå korleis ein kan vere robuste fagleg sett, og korleis ein kan utnytte kapasiteten best mogeleg på tvers av føretaket. 
Eit anna område er digitalisering og prioritering, der fokuset er på korleis ein kan få brukt alle hovud og hender best mogeleg, samtidig som ein opprettheld den faglege kvaliteten. 
Ein vil også ha fokus på såkalla gjestepasientar. Mange pasientar i Helse Fonna sitt område får behandling andre stader. Eit mål vil vere å få fleire til behandling på sjukehusa i Helse Fonna. 
 
Det siste, og kanskje viktigaste området, handlar om medarbeidarane, korleis ein kan leggje til rette for gode arbeidskvardagar og utvikling gjennom heile yrkeslivet. Dette handlar også om rekruttering og arbeidsbelastning. 

Ingen skal miste jobben 

Tiltaka utgjer ein brei pakke, og vil bli jobba med over tid. Det vil bli etablert ei portefølje- og prosjektorganisering for å sikre god framdrift, og det vil bli sett ned ulike arbeidsgrupper som skal sikre at dei beste løysingane kjem på bordet. 
 
Tiltakspakken har vore drøfta med tillitsvalde som har komme med mange gode innspel som er tekne inn i planen. 
 
– Eg har stor forståing for at det kan skape bekymring og uro når dette arbeidet blir sett i gang. Men eg kan heilt klart seie at ingen vil miste jobben sin. Eg har også fått mange spørsmål om dette vil ha noko å seie for akuttberedskapen på dei ulike lokasjonane våre. Det vil det ikkje ha. Målet med å sjå på organiseringa vår er nettopp å sjå på korleis vi kan ivareta dette med god kvalitet på det faglege, og stabil arbeidsbelastning for helsepersonellet vårt, seier Hovland. 
 
Førebels tidsplan på arbeidet er fram til sommaren 2024. Ein skal sikre involvering av tillitsvalde og verneombod, og det vil blir gjennomført møte med både tillitsvalde, leiarar og alle medarbeidarar. 
 
Styret var godt nøgd med planen og gav klarsignal til å gå i gang med den viktige jobben. 
 
– Eg deler rosen og optimismen, som eg føler rundt bordet. Dette skal vi få til. Og så må vi ikkje gløyme den realistiske inngangen til saka: Vi har fire sjukehus, og det skal vi ha. Vi må utnytte kapasiteten i heile føretaket, og gjere det beste ut av det. Styret må vere tett på i dette arbeidet, også for å skjønne prosessane som pågår, seier Steen jr.