Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spennande forsking i Helse Fonna

Overlege Benedicte Skjold-Ødegaard er gastrokirurg og forskar og har lagt til rette for at legane som er i spesialisering i Helse Fonna kan simulere kirurgiske inngrep.

Margareth H. Langebro
Publisert 22.11.2021
Sist oppdatert 01.03.2024
Benedicte Skjold-Ødegaard. (Foto Eirik Dankel)

- Det er viktig å trene før ein står i operasjonsstova, seier gastrokirurg Benedicte Skjold-Ødegaard. Ho skriv nå eigen doktorgradsavhandling med tittelen «Kompetansebasert strukturert opplæring av kirurgiske leger i spesialisering» Foto: Eirik Dankel

Styret i Helse Fonna fekk i dag høyre at systematisk trening gir resultat og at det å gi strukturert opplæring i en travel sjukehuskvardag er ein kunst.

Skjold-Ødegaard har henta inspirasjon til si forsking frå Storbritannia og skriv nå eigen doktorgradsavhandling med tittelen «Kompetansebasert strukturert opplæring av kirurgiske leger i spesialisering».

I England blei det i 2014 innført eit system for opplæring i kikkholskirurgi knytt til kreftkirurgi for legar som er i spesialisering i sjukehus. Dette arbeidet har forskaren og overlegen i Helse Fonna lagt til grunn for si forsking.

Målet i Storbritannia var å gi strukturert og standardisert opplæring for å sikre god kvalitet på tenestene. Det er dette arbeidet som nå blir vidareført i Helse Fonna.

– Det er ikkje berre det å trene på sjølve operasjonen som er nødvendig, men ein må og trene på å gi god opplæring. Dette vil styrkje kvaliteten til beste for pasientane, seier Skjold-Ødegaard.

Ho meiner det er viktig å standardisere for å skape gode og likeverdige tenester uavhengig av sjukehus og kirurg. I dag er slik at korleis prosedyrar blir utført varierer frå kirurg til kirurg på sjukehus i heile Europa. Både utveljing av kven ein opererer og korleis ein opererer varierer.

– Nytten av simulering i utdanning har vi truleg berre sett starten på. Her kan ny teknologi flytte grenser, seier forskaren.

Ved å standardisere prosedyrane er det enklare å måle kvaliteten og effektivisere behandlingsforløpet for den enkelte som treng operasjon.

– Samstundes er det viktig å trene før ein står i operasjonsstova, seier den engasjerte forskaren.

Ho har plan om å samarbeide med andre legar i Europa for å vurdere om det kan lagast ei felles prosedyre for opplæring og utføring av blindtarmoperasjonar.

Styret lytta med interesse til arbeidet.

– Dette er eit spennande og viktig arbeid. Å sikre god opplæring og kunnskapsdeling er viktig for å trene på ein effektiv og målretta måte, seier nestleiar Brian Bjordal i styret i Helse Fonna.