Helse Fonna-styret:

Gler seg over den positive utviklinga

Nedgang i talet på utskrivingsklare pasientar, ventetider, sjukmeldingar og underskot. Mykje peikar i rett retning for Helse Fonna.

Magne Kydland
Publisert 31.05.2024
En gruppe mennesker i et rom
Drifta i Helse Fonna er positiv på dei fleste måtar, og adm. dir. Anders Hovland rosar medarbeidarane for innsatsen. Foto: Eirik Dankel

Det er framleis nedgang i ventetidene i Helse Fonna, og nedgangen ser ut til å halde fram også i tida framover. For alle fagområde er ventetida innanfor eller svært nær ventetidskravet.

– Dette er viktig og resultatet av systematisk og godt arbeid av både leiarar og tilsette i heile føretaket. Det er ein auke i ventetid på enkelte område, og det same gjeld fristbrot, og dette må følgjast tett opp vidare i samarbeid med fagmiljøa, seier administrerande direktør Anders Hovland i si oppsummering til styret.

Han gler seg og over nedgang i utskrivingsklare pasientar i april, og her er det gjort eit viktig arbeid i kommunane for å sikre gode pasientforløp. Samstundes viser tal at det er høg beleggsprosent og tal på korridorpasientar, og denne utviklinga må også følgjast vidare.

– Det er høg aktivitet i føretaket, med ein auke både innan somatikk og psykisk helsevern og rus. Dette er viktig, då det bidreg til den nedgangen som har vore i ventetider, og tyder samstundes på god logistikk og god drift, slår Hovland fast.

 

Drifta i pluss

Det økonomiske resultatet syner vidare nedgang i det negative avviket mot budsjett, for april 3,9 millionar kronar.

– Dette er positivt og viktig. Det er gjort eit stort arbeid i alle delar av organisasjonen for å få til dette til. For april er ein vesentleg del av kostnadene knytt til behandling i nasjonale tilbod, medan drifta elles syner positiv balanse. Det vil vere avgjerande vidare å oppretthalde eit sterkt fokus på å sikre at prognosen for året blir nådd, og at det vert lagt eit grunnlag for å skape overskot frå drifta til investeringar og vidare utvikling av verksemda, seier Hovland.

Administrerande direktør peikar til slutt på ein gledeleg nedgang i sjukefråværet dei siste månadene, sjølv om nivået framleis er høgt.

– Elles ser vi at endringa frå mellombels stillingar til faste stillingar held fram. Dette er positivt og ei ønska utvikling. Det same gjeld stillingsdel, der det er ei klar dreiing i talet på tilsette i heil stilling, opplyser Hovland.

En gruppe mennesker som står i et rom

Styremøtet vart halde på Valen sjukehus, og styret fekk ei omvising av overlege Tone Henriksen (t.v.). Her på lysterapirommet på akuttposten. Foto: Magne Kydland

Gode tilbakemeldingar

Fleire i styret uttrykte på styremøtet at dei er svært nøgde med utviklinga i føretaket. Styreleiar Peter Steen jr. oppsummerer slik:

– Veldig kjekt, og det går i rett retning. Det er svært gledeleg at vi no nærmar oss eit 0-resultat, seier styreleiaren, og fortel at dette vil gje betre evne til investeringar i bygg framover.

– Vi må sikre oss at vi kjem tilbake til å ha eit overskot i drifta, slik at vi kan finansiere naudsynte investeringar ved alle dei fire sjukehusa våre. Vi skal fullføre byggjetrinn 2 i Haugesund, og vi skal ruste opp den viktige tryggleiksavdelinga ved Valen sjukehus. Også på Stord og i Odda er det nødvendig med store investeringar. No er vi vonleg  på veg mot eit trygt økonomisk fundament, seier Petter Steen jr.

Administrerande direktør orienterte og om prioriteringane leiargruppa har gjort i arbeidet med budsjettet for 2025.

– Vi prioriterer å bruke 20 millionar kroner til tiltak som styrkjer rekruttering og bemanning. Dette er mellom anna tenkt inn mot rammene rundt rekruttering og fagleg utvikling og ivaretaking av medarbeidarar. Tilstrekkeleg og rett kompetanse er avgjerande for å sikre gode tilbod, stabile fagmiljø og ei berekraftig drift vidare, og her må vi satse klokt framover, forklarar Hovland.

 

Slutt på røntgentilbod

Administrerande direktør orienterte også styret om at det frå hausten av vil bli slutt på lokalt røntgentilbod i Sauda og Suldal. Innbyggjarane i Indre Ryfylke må då reise til Haugesund eller Odda sjukehus for å ta røntgen. Bakgrunnen er at det over tid har vore stor nedgang i bruken av dette tilbodet.

– Dette er ei naturleg utvikling, mellom anna sidan undersøkingane som er gjennomført i Sauda hovudsakleg er kontrollar som vert tolka av radiologisk avdeling i Haugesund. Pasientar der det hastar, og som treng akutthjelp vert sende til Haugesund eller Odda sjukehus for undersøking. Også pasientar som treng CT, MR og ultralyd vert sende til sjukehus. Erfaringar og klinisk praksis syner at det ofte er behov for oppfylging på skadepoliklinikk ved funn på røntgenbileta. Både utstyr og samla infrastruktur vil bidra til eit betre røntgentilbod i regionen ved å vera tilknytt den akutte døgndrifta. Vurderinga er difor at tilbod om røntgen i Sauda diverre ikkje vert starta opp att etter sommarstenging 2024, forklarar Hovland.