Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styret ynskjer rask effekt av sparetiltak

Helse Fonna har høgare aktivitet og betre resultat enn på lenge. Men styret ber om kraftigare tiltak.

Magne Kydland
Publisert 09.11.2023
Sist oppdatert 01.03.2024
En gruppe mennesker i et rom
Avdelingsleiar Mariann Hollund Espeland (t.h.) og funksjonsleiar Camilla Polden på spesialisert rehabilitering sengepost fortalde styreleiar Petter Steen jr. (t.v.), adm. dir. Anders Hovland og resten av styret om utfordringane knytt til å ha forsvarleg og funksjonell drift på eit freda sjukehus. Foto: Magne Kydland

Månadsrapporten syner at det i september var 7,9 prosent høgare aktivitet samanlikna med september i fjor. Trass i dette har både ventetida og talet på fristbrot auka, og alle er over krava.

– For føretaket samla er gjennomsnittleg ventetid for behandla pasientar 72 dagar. Nivået ligg jamt frå august for psykisk helsevern for barn og unge og for somatikk samla, medan dei har auka for psykisk helsevern for vaksne og innanfor rusbehandling. Samstundes syner rapporten at det er gjort ein stor innsats i føretaket for å redusere ventetida, og det er ein stor nedgang i den gjennomsnittlege ventetida for ventande frå august til september. Dette er avgjerande for å kunne stabilisere og redusere ventetida framover, heiter det i administrerande direktør si oppsummering av drifta i september.

En gruppe mennesker på et sykehus
I tillegg til diskusjonar om økonomien i føretaket, fekk styret også omvising på Stord sjukehus. Her frå akuttmottaket. Foto: Magne Kydland

Pluss i rekneskapen​

Det er ein auke i talet på korridorpasientar, sjølv om talet er lågare enn førre året. Talet på utskrivingsklare pasientar er lågare enn for tilsvarande periode i fjor, og det er viktig at denne trenden vert oppretthalden for å sikre god kapasitet i sjukehusa.

Rekneskapen for september syner eit positivt avvik på 5,6 millionar kroner, og eit akkumulert avvik på 130 millionar kroner. Det positive avviket denne månaden kjem som følgje av inntektsføring av midlar frå revidert nasjonalbudsjett, og bidreg til ei revidering av prognosen for året til 170 millionar kroner under budsjett.

– På fleire område er det oppnådd både reduksjon i kostnadar og auke av inntekter. Det er mellom anna ei positiv utvikling innanfor gjestepasientordninga som er viktig for å kunne oppretthalde kompetansen i føretaket. Det er primært dei samla kostnadane knytt til løns- og personalkostnadar som fører til det samla underskotet, i tillegg til auke i varekostnadar knytt til mellom anna medikament medisinske forbruksvarer. Føretaket er framleis i ein svært krevjande økonomisk situasjon som mellom anna truar framtidig investerings- og utviklingsevne. Det er sett i gang ein brei pakke av tiltak som vil ha effekt både på kort og lang sikt, som vart lagt fram i førre styremøte. Ein del av tiltaka vil ikkje ha positiv verknad før frå 2024. For å redusere underskotet innan utgangen av året er det nyleg innført ytterlegare tiltak, deriblant tilsetjingsstans for alle støttetenester, drift og administrasjon, samt ytterlegare innstrammingar for innleige av personell, heiter det i rapporten.

Har tillit​

Økonomi og tiltak vekte stort engasjement og mykje debatt i styret. Fleire av styremedlemmene peika på at dei kortsiktige tiltaka som er skisserte så langt ikkje er nok. Skal styret akseptere at vi går mot 170 millionar kroner i år? var spørsmålet fleire stilte.

– Styret rosar dei tilsette for innsatsen med å redusere ventetidene, men ser svært alvorleg på situasjonen, og forventar eit økonomisk resultat som er langt betre enn den reviderte prognosen, heiter det i tilleggsvedtaket, som kom fram etter diskusjonen.

Styret bad også om eit meir realistisk budsjettframlegg for 2024. Å budsjettere med 0 kroner i innleige og 0 kroner i overtid, slik enkelte avdelingar gjer, er ikkje realistisk, vart det slått fast.

Når det gjeld økonomiske tiltak, på kort og lang sikt, kom styret med følgjande vedtak: Styret er nøgd med den gode retninga på arbeidet med langsiktige tiltak. Styret har ei klar forventing om at dei skisserte kortsiktige tiltaka også må gje effekt inneverande år.

– Styret hadde ei god, nøktern og realistisk drøfting av stoda i dag. Styret har full tillit til det arbeidet administrerande direktør gjer for å kome i balanse. Styret er og nøgd med at dei tilsette er så konstruktive i dei prosessane vi no står oppe i, seier styreleiar Petter Steen jr.

Et par menn i dress som står på et fortau
Helse Fonna ligg an til 170 millionar kroner i underskot i år, om ein ikkje klarar å bremse kostnadene. Styreleiar Petter Steen jr. (t.v.) har full tillit til at administrerande direktør Anders Hovland klarar dette i lag med resten av organisasjonen. Foto: Magne Kydland

Sjukefråværet skal ned​​

Styret fekk ei orientering om arbeidet med å få ned sjukefråværet i føretaket. Klinikkane har fokus på sjukefråvær og sjukefråværsoppfølging, med klare mål om å redusere fråværet. Dette er fast tema på alle rapporteringsmøte.

– Godt arbeidsmiljø er vesentleg for å skape motivasjon og utvikling, for å rekruttere og halde på kompetente medarbeidarar og for å førebyggje sjukefråvær. Arbeidet med å sikre helsefremjande arbeidsplassar gjennom systematisk og målretta HMS-arbeid må halde fram. Føretaket har fokus på psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, gode arbeidsprosessar, arbeidstidsordningar, styrke medarbeidarane si oppleving av å meistre og sikre seg mot fysisk og psykisk skade. Det vert arbeidd målretta med å ivareta medarbeidarane sin tryggleik, forklarte HR-direktør Kristin Marie Dahle i si orientering til styret.

Gode og tydelege leiarar som bidreg til velfungerande arbeidsmiljø er ein nøkkelfaktor. Det handlar om å skape ein kultur på arbeidsstaden der alle er viktige og kan bidra til å oppnå felles mål

Omvising på Stord sj​ukehus

– Skal vi få dette til, vert utvikling av leiarane vesentleg. Leiarar må vere gode relasjonsbyggjarar og kunne motivere sine medarbeidarar, samt vere gode på å kommunisere med og skape arbeidsglede, tydeleggjere målsetjingar og forventingar, sa Dahle.

Styret bad administrasjonen prioritere denne jobben vidare, fordi sjukefråværet kostar Helse Fonna dyrt kvar einaste månad.

– Alle medarbeidarane er viktige, og det er viktig å syte for at flest mogeleg av dei er på jobb. Det er ingen som synest det er kjekt å vere heime frå jobb, kommenterer Petter Steen jr.

Styremøtet vart avslutta med omvising på akuttmottaket, avdeling for spesialisert rehabilitering og sårpoliklinikken på Stord sjukehus.

Noen få personer som står i et rom
Klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim på Somatikk Stord viste styret rundt på sjukehuset. Anders Hovland (t.v.) og Petter Steen jr. (t.h.). Foto: Magne Kydland