Tek asbestfunn på alvor

Fleire tilsette ved Haugesund sjukehus kan ha blitt eksponert for asbest og blir no følgt opp av bedriftshelsetenesta. Men det er berre snakk om svært låg grad av eksponering og dette utgjer ingen helserisiko.

Publisert 21.04.2023
Sist oppdatert 01.03.2024

I samband med riving av den gamle austblokka ved Haugesund sjukehus vart det oppdaga asbest, noko som er teke høgde for i rivingsjobben.

Som følgje av dette er det teke prøvar fleire stader på Haugesund sjukehus. No er rapporten klar, og det er blitt påvist asbest over himlingen enkelte stader rundt om i bygget frå 1970-talet.

– Fleire av våre tilsette i driftsavdelinga har vore oppi himlingane i samband med vedlikehald og anna teknisk arbeid og kan ha blitt eksponert for asbest, opplyser administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland (biletet).

styremøte-anders.jpg

Arbeidstilsynet er rutinemessig varsla, og fokus no blir å følgje opp dei tilsette. Bedriftshelsetenesta driv med kartlegging og lagar plan for vidare oppfølging i tråd med reglar og forskrifter.

Ifølgje rapporten er det snakk om svært låg grad av eksponering. Det er ingen risiko for at andre medarbeidarar, pasientar eller pårørande har vore utsett for asbest. Det er heller ikke vurdert risiko for dei som har blitt eksponert i samband med arbeid over himlingen.

– Dette tek vi på største alvor, og vi vil gjere det vi kan for å følgje opp eigne tilsette og eventuelle underleverandørar som kan ha vore eksponerte for asbest, understrekar Hovland.

Det blir i første omgang utført registrering av dei som har vore eksponert, og sidan det berre er snakk om låg eksponering, så er det ikkje behov for vidare helseundersøking.

Bedriftshelsetenesta stiller seg til disposisjon til å informere og svare på spørsmål frå andre medarbeidarar og leiarar i dei avdelingane som er involverte. Dei vil også følgje opp dei som har vore eksponerte i samband med teknisk arbeid over himling.

Det er viktig å understreka at asbest i materiale som ligg i ro ikkje er skadeleg. Det er først når ein byrjar å jobbe med asbesthaldig materiale, slik som å sage eller bore, og det virvlar opp støv/fibrar, som kjem inn i luftvegene, at det vert rekna som farleg. I dette tilfellet blei det oppdaga laus asbest enkelte stader over himlingen, men kartlegginga påviste altså låggradige nivå, som altså inneber svært låg esksponering, også for dei som har arbeidd i desse områda.