Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilfredse legestudentar

Legestudentar ved Universitetet i Bergen (UiB) er svært nøgde med praksisen dei får på Haugesund sjukehus. Så nøgde at dei kjem att gong etter gong.

Publisert 13.10.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Legestudentar 2022 - foto Eirik Dankel-6.jpg
 

Studentros: UiB-studentane ved Haugesund sjukehus er nøgde med praksisopphaldet. Bak frå venstre Vibeke Løvås Bakken (frå Stavanger) og Ingri Bøthun-Leganger (Bergen). I midten frå venstre Agnes Jørgensen Eide (Bergen), Julie Jørs (Bømlo) og Kremena Petrova Trichkova (Karmøy). Framme frå venstre Ahmad Harmoush (Haugesund), Eilif Nordli Syverud (Asker) og Martin Andreas Hovde Hansen (Haugesund). (Foto: Eirik Dankel)

– Ja, vi føler oss svært godt mottekne her. Rettleiarane er godt førebudde, og har lagt opp ein god plan for oss, seier Ingri Bøthun-Leganger frå Bergen. Ho har hatt to praksisperiodar i Haugesund, og kjem gjerne att. Det gjer fleire av medstudentane hennar også.

Sjå film frå UiB om kurs i gipsing

 


Vil komme att

Dei føler seg godt ivaretekne og at dei blir sett, og ikkje minst: At dei blir sett pris på. Generelt er det nøgde med variasjonen i praksisen. Og ikkje minst så lærer ein ting som ikkje går an å lære ved å lese i ei bok.

– Det å vere hyggjeleg og blid i møte med pasientar! Eller forstå korleis ulike yrkesgrupper jobbar i lag. Det er ikkje så lett å lære i forelesningssalen, fortel Agnes Jørgensen Eide, også ho frå Bergen.

Studentane lærer også å bli litt «varme i trøya». For fleire tykkjer det er litt skummelt i starten.

– Ja, vi tør å ta meir plass no, vi står ikkje der berre som passive tilskodarar, seier Ahmad Harmoush frå Haugesund.

Gjengen er legestudentar på femte året, og fleire håpar å komme tilbake til Haugesund sjukehus att, anten som ferievikarar eller vidare i utdanningsløpet.

"Praksisgapet" kallar legane det, avstanden mellom det dei lærte i praksis og kvardagen dei møter som utøvande leger. Eit prosjekt ved UiB tek sikte på å gjere dette gapet mindre.

Skal reklamere

Sjølv om Helse Fonna har eit godt rykte seg blant studentane, som er det likevel mange som vil til dei større byane, eller til Førde – nær naturen.

– Men eg trur dette synet er i ferd med å endre seg. Ikkje minst pga. det faglege innhaldet og korleis ein blir ivareteken her, men dei som kjem hit finn etter kvart ut at det er kjekke ting å finne på også her i Haugesund, seier Martin Andreas Hovde Hansen, som sjølv er frå byen.

 – Så kva kan då Haugesund by på, for studentar?

 – Haugesund er jo filmbyen, så vi får to gratis kinobillettar når vi kje, seier Julie Jørs frå Bømlo med eit smil. Ho er ei av dei få studentane som er på Haugesund sjukehus for første gong, og ho merkar stor skilnad frå Haukeland universitetssjukehus, der ho var i vår.

– Der er det så stort at dei visste knapt at det skulle komme studentar inn døra. Her blir ein verkeleg teken godt imot, skryt Jørs.

Og det er ikkje berre studentane som kjem frå området som skryt av Haugesund sjukehus. Vibeke Løvås Bakken er så nøgd at ho har gjeve seg sjølv ei oppgåve som ambassadør for Helse Fonna og Haugesund sjukehus.

– Eg held på med ein «reklameplakat» for Haugesund sjukehus som eg skal presentere for dei andre studentane! fortel legestudenten frå Stavanger.

Legestudentar 2022 - foto Eirik Dankel-7.jpg

Rettleiarar: Fagleg koordinator Heiko Bratke og lektor Mirja Kliche. (Foto: Eirik Dankel)


Ventar på Vestlandslegen

Overlege Heiko Bratke er hovudansvarleg for studentane frå UiB. Han likar naturleg nok godt å høyre at dei likar seg på Haugesund sjukehus, men meiner likevel at ting kan bli endå betre.

– Vi ser fram til å bli ein del av den såkalla Vestlandslegen-modellen. Då vil studentane vere her heile året frå 4. til 6. året, og vi kunne gjeve dei eit endå betre tilbod, seier Bratke. Han trur – og håpar – at dei som kjem til Haugesund føler seg like mykje som ein av medarbeidarane, som at dei er studentar.

– Eg trur det personlege er viktig. Eg veit kva dei heiter og kor dei kjem frå, og dei blir sett på som unge kollegaer, seier Bratke.

Studentane er tre veker på barneavdelinga og tre veker på kvinneavd. På barn er dei ei veke på nyfødd-intensiv, ei veke på barnepost og ei veke på poliklinikken. Kvar dag klokka 14 har dei eit «meet the expert-seminar», der dei går gjennom praksisrelevante ting frå eit viktig pedriatisk felt, og så er ein dag sett av til avansert hjarte-lungeredning og akutt scenario treng.

– Vi er tidleg i dialog med dei via MittUiB-systemet, som dei kjenner til og brukar dagleg i Bergen. Her ligg alle dokument og viktig informasjon, i tillegg til eit back up-system for dagar der vi har lite tid til å følgje dei opp, slik at dei kan ha eiga læring. Det verkar som vi har fått eit godt system rundt praksisstudentane dei siste åra, slår Bratke fast.