To postdoktorstipend til Helse Fonna

Tone Henriksen og Kirsten Braatveit kom gjennom nålauga hos Helse Vest.

Publisert 28.11.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har tildelt midlar til 57 av dei totalt 245 søknadene som var sende inn innan fristen 15. september. I tillegg har 160 stipendiatar og prosjekt fått vidareført finansieringa si. Vel 182 millionar kroner går til å finansiere nye og vidareførte prosjekt og stipend.

 

kirsten-braatveit-foto-stina-steingildra-nett.jpg

Får midlar: Kirsten Braatveit.

Blant dei som har fått midlar er Helse Fonna sine medarbeidarar Tone Henriksen og Kirsten Braatveit. Henriksen er tildelt postdoktorstipend 100 prosent i 2,5 år, medan Braatveit er tildelt postdoktorstipend 50 prosent i fem år.

 

Tone Henriksen - nett.jpg

Får midlar: Tone Henriksen.

Tildelinga av frie midlar, utan tematiske føringar, tar utgangspunkt i søknadene som er sende inn innan fristen 15. september 2022. Minimum 75 prosent av forskingsmidlane i Helse Vest skal gå til prosjekt som søkjer desse midlane. I tillegg til tildelinga av dei frie midlane, har samarbeidsorganet vidareført tildeling til 15 strategiske prosjekt og satsingar.

Søknadene er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadene, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt. Dette er forankra i retningslinjene for søknadsvurdering.

– Sjølv om det i år kom inn færre søknader enn i tidlegare år, er konkurransen fortsatt hard, seier professor Tom Mala, som leiar vurderingsarbeidet. Søknadsporteføljen viser fleire sterke, etablerte forskingsmiljø og nokre fagmiljø som er under utvikling, og kompleksiteten er stor.

Les meir om tildelinga og kven som har fått midlar på Helse Vest si nettside: Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2023 - Helse Vest RHF (helse-vest.no)