Tomme tarmar førte til kvalitetspris

Medarbeidarane på gastromedisinsk poliklinikk kan juble for nok ein pris.

Magne Kydland
Publisert 24.11.2023
Sist oppdatert 01.03.2024
En gruppe kvinner som holder en baby
Oppe f.v.: Janneth Hægland, Eirik Dankel, Jeanette Pedersen, Helga Tonning, Marijn Radersma og Selma Underhaug.

– Vinnar av kvalitetsprisen 2023 er Gastromedisinsk poliklinikk. Dei har det siste halvanna året jobba med forbetringsprosjektet «Ren vei - trygg kjøring». Målet dei jobba mot var å redusere rebooking av koloskopipasientar. Då dei starta forbetringsarbeidet måtte 43 prosent av koloskopi-pasientane ha ny time pga. dårleg tømmingskvalitet, etter at eininga har sett i verk ulike tiltak har dei stabilisert seg på 3-4 prosent rebookingar, heiter det i grunngjevinga for Kvalitetsprisen i Helse Fonna, som blir delt ut éin gong i året.

Kvalitetsprisen skal løfte fram gode resultat og stimulere og inspirere til forbetring og utvikling. Prisen vert delt ut til medarbeidarar, eller einingar, som på ein framifrå måte har bidrege til å styrke kvaliteten på tenestetilbodet.

En gruppe mennesker i et rom
Funksjonsleiar for gastromedisinsk poliklinikk, Jeanette Pedersen, presenterte prosjektet. (Alle foto: Eirik Dankel)

Det var fire søkjarar, frå tre ulike sjukehus, til årets pris, og alle søkjarane har på ulikt vis drive systematisk arbeid som har bidrege til utvikling og gjennomføring av kvalitetsforbetring og pasienttryggleik.

Men det var igjen «gastropol» som skilde seg ut. Dei har tidlegare blitt heidra for same prosjektet på Helse Vest sin kvalitetskonferanse.

– Alle fire søknadene var gode, så gode at det var vanskeleg å velje kven som skulle vinne. Men det dei har gjort på gastropol er nybrottsarbeid, som kan vere viktig på nasjonalt nivå, seier fagdirektør Andreas Andreassen.

En mann og en kvinne som holder en plakett
Fagdirektør Andreas Andreassen delte ut prisen.

Mange gevinstar

Juryen har vektlagt at dei har arbeidd målretta og systematisk gjennom å teste ut forskjellige tiltak, dei har hatt brukarmedverknad, samt auka den faglege kvaliteten på undersøkingane. Forbetringsarbeidet har ført til mange gevinstar: Betre bruk økonomiske ressursar og medarbeidaranes tid,  pasientane slepp å ta ubehageleg undersøking på ny, kvaliteten på koloskopi-undersøkinga blir betre ved god tømmingskvalitet og dermed auka pasienttryggleik. Mindre rebooking påverkar og ventelistene.   

En gruppe mennesker som snakker
Styreleiar Petter Steen jr. gratulerer overlege Marijn Radersma med prisen.

– Dette resultatet har dei oppnådd gjennom tverrfagleg arbeid i eininga, og tiltaka dei har iverksett er mange: blant anna har dei har gått gjennom tilbakemeldingar i det nasjonale kvalitetsregisteret Gastronet,  laga nye innkallingsbrev, laga film som forklarer framgangsmåte ved tømming, skifte av tømmingsmiddel og opplæring til tilsette på sengepost. Dei gjennomfører regelmessige målingar for å følgje med rebookingar framover, og vil implementere tiltak til dei andre undersøkingane i eininga. Medarbeidarane ved Gastropol deler informasjon om forbetringane med tilsvarande einingar i Helse Fonna, og med andre helseføretak, skriv juryen.

Styret, med styreleiar Petter Steen jr. i spissen, applauderte for det gode kvalitetsarbeidet som blir utført i føretaket, og særleg til medarbeidarane på gastropol, som fekk årets gjævaste pris i Helse Fonna.

En person som holder en presentasjon
Åsa Eldøy presenterte Topp 5 risiko - vald og truslar mot medarbeidarar.

Vald og truslar eit stort problem

Vald og truslar mot medarbeidarar er eit område som blir vurdert til å ha høg risiko og som ein ser er aukande. Forholdet har tidlegare til ein viss grad vore «akseptert» - at det er noko ein må tola når ein jobbar i spesialisthelsetenesta». Men no er det slutt på det. Alle føretaka i Helse Vest set no i verk ei rekkje tiltak for å få redusere vald- og truslar mot medarbeidarar. 

Helseføretaka har stort sett like rutinar for å politimelde, men har ulike grenser for kva som blir akseptert av vald og truslar og dermed kva som blir meldt og ikkje. 35 prosent av dei meldte sakene blir henlagt, ein del er enno ikkje behandla eller føretaka har ikkje fått tilbakemelding frå politiet. 

I Helse Fonna er 54 saker melde til politiet i perioden 2020 til 2022. 29 av sakene er lagt bort, medan fem har ført til straff. 

Å få bukt med vald og truslar mot medarbeidarar har svært høg prioritet. Blant tiltaka som no blir sett i verk er tettare dialog og samarbeid med politiet, haldningskampanjar internt og eksternt, kartlegging, trening av risikovurdering av forhold ved arbeidssituasjonen, dele erfaringar på tvers av føretaka, betre rutinar for å melde ifrå, vald og truslar som fast tema på avdelingsmøte, lik metodikk for risikovurdering av vald og truslar, og lik registrering og dokumentasjon. 

– Men aller viktigast er å innføre felles haldningar og ei systematisk tilnærming til opplæring og handtering, seier leiar i Bedriftshelsetenesta i Helse Fonna, Åsa Eldøy, som presenterte planen for styret. 

En person som snakker med en gruppe mennesker
Åsa Eldøy er avdelingsleiar for HMS og bedriftshelsetenesta.

Fleire får behandling

Det har vore eit sterkt fokus i føretaket på å redusere ventetida til pasientane. Gjennomsnittleg ventetid for behandla pasientar var i oktober 68 dagar, ein nedgang frå 72 dagar førre månad. 

– Det er gjort ein stor og viktig jobb i klinikkane med å korte ned ventetidene. Lang ventetid har vore ei utfordring i heile landet etter pandemien, og den reduksjonen som er oppnådd her er i løpet dei siste månadane vesentleg og betyr mykje for pasientane, seier administrerande direktør Anders Hovland.

Talet på fristbrot er og kraftig redusert og var i oktober 551 - ein nedgang på meir enn 200 sidan september. Det er auke i talet på polikliniske konsultasjonar både innan somatikk og psykisk helsevern og rus i perioden, på høvesvis 9,6 prosent og 3,8 prosent. 

Tilbod om digital kontakt og digitale helsetenester er ei viktig del av tenesteutvikling, og gir lettare og betre tilbod for pasientane og betre bruk av helseressursane. Det er markert auke i digitale kontaktar i føretaket for perioden. I første tertial vart det registrert 331 kontaktar, i andre tertial 550, og i dei to første månadane i tredje tertial 308 digitale kontaktar.

På rett veg

Rekneskapen for oktober viser eit negativt avvik på 16,4 millionar kroner, og eit akkumulert negativt avvik på 145,2 millionar kroner. Avviket kjem i hovudsak av høgare løn- og personalkostnadar enn budsjettert. Det er sett i verk fleire tiltak for å snu den økonomiske utviklinga. Ikkje alle har hatt effekt innanfor gjeldande periode, men tiltaka som er sett i gang skal både bidra til å redusere underskotet i inneverande år, samt sikre best mogleg føresetnader inn i det kommande budsjettåret. 

– Administrerande direktør ser alvorleg på den økonomiske situasjonen og utfordringsbildet inn mot budsjettet for kommande året. Av positiv økonomisk utvikling bør det nemnast at utgiftene til innleige er vesentleg redusert i løpet av året. Det er og positivt at det er eit positivt avvik på 4,2 millionar kroner for gjestepasientar i oktober ei positiv og ønska utvikling dei siste månadane som betyr at vi behandlar fleire av pasientane i regionen innanfor Helsefellesskapet i Fonna, heiter det i administrerande direktør si oppsummering for oktober.

Alle stillingar skal godkjennast

Helse Fonna har sidan i sommar arbeidd med fleire tiltak for å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene. Fleire av desse tiltaka har som mål å sikre at den langsiktige drifta av føretaket er fagleg og økonomisk berekraftig. Samstundes syner den økonomiske utviklinga gjennom året så langt at mykje av dei same utfordringane frå føregåande år bidreg til eit overforbruk. Sjølv om kostnadane til innleige av personell er kraftig redusert gjennom året samanlikna med føregåande år, er det framleis et overforbruk mot budsjett. Det same gjeld overtid, og trenden frå 2019 syner ei auke i både brutto årsverk, overtid og innleige fram til 2023, sjølv om altså innleige av personell er redusert mot 2022. 

– Frå og med oktober har det vore tilsetjingsstopp for stab- og støtte-einingane der all utlysing av stillinga skal godkjennast av nivå 2-leiar og først lysast ledig etter avklaring med administrerande direktør. Det er vidare innført ei ytterlegare stans/reduksjon av innleige av personell, der all innleige av personell skal godkjennast av nivå 2-leiar og avklarast med administrerande direktør. Samstundes har det vore naudsynt å arbeide med å redusere ventelistene som er opparbeida etter pandemien, og her er det gjort ein stor jobb. Det vert no innført ytterlegere tiltak knytt til tilsetjingar, der all utlysing av stillinga skal godkjennast av nivå 2-leiar og først lysast ledig etter avklaring med administrerande direktør, opplyser Hovland.

Fekk positiv tilbakemelding

Fleire av medlemmene i styret gav gode tilbakemeldingar og uttrykte stor tru på at den jobben som no blir sett i gang skal gje gode resultat.

Det førte til følgjande samrøystes vedtak: «Styret i Helse Fonna HF tek saka til vitande og er nøgd med prosessen så langt. Styret  ber administrasjonen oppretthalde arbeidet med tiltak for å sikre ei berekraftig drift innanfor den tildelte budsjettramma for 2024. Styret syner elles til AD sin presentasjon som blei framlagt i møtet og som gir ein tydeleg illustrasjon av vegen vidare».

– Eg konstaterer at administrerande direktør følgjer opp vedtaket frå førre styremøte og at heile føretaket tek på alvor at vi må komme i økonomisk balanse. Ein rosar og dei tillitsvalde for svært konstruktive og kloke bidrag i prosessen, seier styreleiar Petter Steen jr.