Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vedtok nullbudsjett

Etter tre år på rad med stort underskot blei det vedteke eit nullbudsjett for 2024. Styret reknar budsjettet som realistisk, men er tydelege på at tiltak for å redusera risikoen, og stram drift er naudsynt for å sikre resultatet.

Magne Kydland
Publisert 15.12.2023
Sist oppdatert 01.03.2024
Et par kvinner i hvitt
Frå ein korridor ved Haugesund sjukehus. Foto: Kjetil Alsvik/Helse Vest

«Resultatkravet til Helse Fonna er sett til kr 0 i 2024. Føretaket har framleis ei betydeleg økonomisk utfordring og omstillingsbehov og treng meir tid til å innarbeide nødvendige tiltak og tilpassingar i drifta. Manglande resultat og effekt av tiltak i 2023 gjev eit tilsvarande auka krav om effektivisering i 2024. Målsetjinga til Helse Fonna er å betre resultatet i komande år, dersom ein ikkje klarer dette vil det ha store konsekvensar for berekraft, utvikling og gjennomføringsevne». 

Dette står å lese i innleiinga til neste års budsjett, som fredag vart vedteke av styret.  

Tre tøffe år 

Helse Fonna HF har ein prognose for 2023 som inneber eit samla budsjettavvik på 150 millionar kroner. Dette er tredje året på rad med underskot av denne storleiken.  

– Med henvisning til likviditet og investeringsevne, er det heilt naudsynt at budsjettet for 2024 er realistisk og at drifta vert justert til denne ramma. Det er fleire høve som har bidrege til det budsjettavviket, der kostnader for overtid og variable tillegg har bidrege mest. Kostnadane knytt til innleige av personell er og høge, men her har det vore gjennomført eit stort arbeid med å redusere dette. Ved utgangen av oktober, er budsjettavviket her likevel ca. 70 millionar. Elles har kostnader til legemiddel og medisinsk utstyr og forbruksmateriell auka, og tilsvarande for energi og andre varer som har vorte dyrare enn deflatorjustering, heiter det i budsjettsaka. 

Det er no sett i gong eit større utviklings- og omstillingsprosjekt som skal bidra til å redusere den økonomiske og faglege sårbarheita i eit føretak med mange lokasjonar med vaktberedskap og fleire små fagmiljø.

Fleire andre økonomiske tiltak er og sett i gong i løpet av hausten 2023, og desse skal bidra til å redusere underskotet inn i det kommande året og gi handlingsrom til å gjere dei tilpassingane som drifta krev for å komme på ramme.

Ein viktig del av arbeidet med budsjettet vil vere å revidere rammene til dei ulike klinikkane for å sikre ein god føresetnad for god budsjettdisiplin. Ved nokre høve inneber dette å auke ramma.

Rekrutteringsutfordringar 

Styret samla seg til slutt om budsjettet, med ein inntekts- og kostnadsramme på 4,3 milliardar kroner.

Og med ein så stor organisasjon, med over 4000 tilsette, så utgjer til dømes budsjettert lønsauke over 200 millionar kroner. 

Men med usikkerheit i verdsbiletet, bl.a. krigen i Ukraina, og høg inflasjon vil det vere ein risiko i budsjettet.  

– Det er likevel lagt vekk på at budsjetta skal vere realistiske og ein har hatt ei målsetjing om at enkeltpostar ikkje skal vere underbudsjettert, heiter det i vedtaket. 

Ein av dei største risikoane er at Helse Fonna driv til saman fire sjukehus med akuttfunksjonar, med ressurskrevjande parallelle vaktlinjer, noko som krev at det til ei kvar tid er tilgjengeleg naudsynt kompetanse på kvar enkelt stad. Dei mindre sjukehusa har små og sårbare fagmiljø, som i større grad gir rekrutteringsutfordringar. Utfordringane med å skaffe nok fagpersonell, både overlegar, LIS, psykologspesialistar og spesialsjukepleiarar/jordmødrer har blitt meir krevjande dei siste åra. 

– Dette gir risiko i budsjettet, då manglande rekruttering til stillingar vert løyst i drifta med mellombelse løysingar i form av overtid og høg bruk av vikarar og vikarbyrå. Stabilt personale, god rekruttering, utdanning av eigne spesialistar, heiltidsstillingar, betring av arbeidsprosessar, hensiktsmessig arbeidsdeling og kompetansebygging er tiltak som skal bidra til å gjera personellsituasjonen mindre sårbar. Å redusere denne sårbarheita og sikre betre kapasitet og stabilitet i fagmiljøa, er ein sentral del i prosjektet for Fagleg og økonomisk berekraft og utvikling i Helse Fonna som er sett i gang, heiter det i budsjettvedtaket. 

Samrøystes vedtak 

Sjølv om styret er klare på at den økonomiske situasjonen er alvorleg, så var tilbakemeldingane frå styremedlemmene positive. Dei meiner pilene peikar rett veg, og har stor tillit til at administrasjonen skal klare å snu kursen utover neste år. 

– Det er gjort eit veldig godt arbeid med neste års budsjett, og dette skal vi få til. Men det blir knallhard jobbing i heile 2024 for å nå dei måla vi i dag har vedteke, oppsummerer styreleiar Petter Steen jr.

Negativt resultat over fleire år går ut over likviditeten i føretaket, som igjen går ut over investeringsevna. Neste års investeringsbudsjett er på 335 millionar kroner. Av dette går 250 millionar til byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus.  

Forutan forprosjekt til ny sikkerheitspost på Valen sjukehus, og ombygging og installering av ny CT ved Odda sjukehus, er det berre lagt inn pengar til nødvendig vedlikehald og kjøp av medisinteknisk utstyr.  

 – Vi skulle gjerne hatt meir midlar til både bygg og utstyr, men må berre prioritere det mest nødvendige. Det er dyrt å vere fattig, slår Anders Hovland fast. 

 Budsjettet og investeringsbudsjettet vart samrøystes vedteke. 

Høg aktivitet og kortare ventetid 

- 2023 har for Helse Fonna vore eit år prega av høg aktivitet. Per oktober har det vore ei auke i talet på konsultasjonar på 7,9 prosent. Dette har vore viktig, for sjølv om pandemien offisielt var ferdig i april 2022, har helseføretaka si drift, inkludert Helse Fonna, framleis vore prega av pandemien. I pandemien oppstod det lang ventetid for mange pasientgrupper, og i løpet av 2023 har føretaket greidd å redusere ventetida vesentleg for dei som venter på behandling, poengterer administrerande direktør Anders Hovland. 

 Han peikar på at det skjer mykje positivt i føretaket, trass i ein vanskeleg økonomi. 

 – Drifta er prega av eit stort utviklingsfokus, og det er sett i gang mange innovasjons- og utviklingsprosjekt som bidreg eller skal bidra til auka kvalitet og betre løysingar for drifta, pasientane og dei tilsette. Fokus på arbeidsmiljø syner at mange trivst og er godt nøgde med arbeidsplassen sin, forklarar Hovland. 

 Føretaket har og særs gode resultat på mange av de nasjonale kvalitetsindikatorane. Men administrerande direktør trekkjer også fram at det er ein del utfordringar.  

– Arbeidsbelastninga er høg innafor einskilde område og yrkesgrupper, og det har høg prioritet å sikre gode og berekraftige arbeidskvardagar for alle våre tilsette. Vi har heller ikkje nådd målet for kliniske behandlingsstudiar. Sjølv om det blir gjennomført mange viktige og store studiar i føretaket, har ein ikkje greidd å nå målet om auke på 15 prosent og er ved utgangen av året på same nivå som førre året. Det er sett i gang tiltak for å betre dette, og dette vil følgjast opp og i det kommande året, seier Hovland. 

For pasientskadar ligg Helse Fonna framleis over målet på 10 prosent, sjølv om tala dei siste åra varierer. Det var ikkje registrert nokre av dei alvorlegaste skadane for den evaluerte perioden.  

En bygning med trær i front
Stord sjukehus er eit freda bygg. (Foto: Eirik Dankel)

Bekymra for dårleg standard 

Brukarutvalet har kommentert fleire av punkta der ein ikkje har nådd målet, og understrekar at dei har eit godt samarbeid med administrasjonen, og at dei har tru på at utfordringane føretaket står overfor blir følgt opp. 

 Leiar i brukarutvalet, Grethe Müller, støttar dei tre hovudområda som må prioriterast: Styrkje psykisk helsevern og tverrfagleg rusbehandling, styrkje forsking, innovasjon og kompetanse, og sikre rask tilgang til helsetenester og samanhengande pasientforløp. 

 Brukarutvalet løftar også opp si store bekymring for det å drive sjukehus i dårlege bygg. Særleg gjeld dette sikkerheitsposten på Valen sjukehus og freda bygg på Stord sjukehus. Brukarutvalet la eitt av sine møte i år til Stord sjukehus for å få omvising. Det gjorde stort inntrykk. 

 – Vi er kjende med verneforskriftene som no blir forvalta av Vestland fylkeskommune, og som legg hindringar i vegen for å kunne gjere noko med til dømes smale døropningar, som gjer at pasientar ikkje kan bruke hjelpemiddel inn på toalett og bad. Pasientane er difor særleg utsette for fall, noko som kjem fram i avviksmeldingane. Det er ikkje rimeleg at offentleg vern av sjukehusbygningar skal belaste sjukehuset sin økonomi i den grad det gjer i dag. Vi er også ganske sikre på at bygningsmessige forhold verkar inn på moglegheitene for å rekruttere overlegar i faste stillingar til Stord, skriv Müller. 

Det er lagt inn 1 million kroner i neste års investeringsbudsjett til utviding av dører på Stord sjukehus. 

Les alt om neste års budsjett i styresakene frå møtet.