Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vedtok svært stramt budsjett

I forslaget til statsbudsjett er ikkje løns- og prisstigning i 2022 kompensert. Dette gjev store utfordringar for Helse Fonna.

Publisert 25.11.2022
Sist oppdatert 01.03.2024

 Budsjettet for 2023 blir lagt fram for styret i Helse Fonna HF før statsbudsjettet for 2023 er vedtatt av Stortinget. Om statsbudsjettet blir vedtatt slik det føreligg i dag, inneber det eit stort nedtrekk for heile spesialisthelsetenesta i Norge. Løns- og prisvekst inneverande år er ikkje kompensert, noko som vil utgjere eit nedtrekk på om lag 100 millionar kroner berre for Helse Fonna. Dette er ikkje innarbeidd i budsjett, utfordringsbilete eller risiko. Eit slikt nedtrekk vil føre til at administrerande direktør, i dialog med organisasjonen, eigar og styre, må sjå på ytterlegare kraftige tiltak, som til dømes strukturelle tiltak, endra tenestetilbod, endring av opptaksområde, endring av vaktordningar og liknande. Ingen av slike tiltak er undersøkt eller planlagd no, ein vil måtte kome tilbake med diskusjonar og prosessar om dette skulle bli naudsynt.

Dette står å lese i administrasjonen sitt framlegg til budsjett for 2023, som styret slutta seg til, med ein del atterhald.

 

Bu​dsjettet inneheld mange tiltak

​ I takt med aukande oppgåvemengde og utfordringar i drifta er det stadig meir krevjande å få rammer og inntekter til å strekke til. Enkelte kostnadar, som til dømes legemidlar og IKT, aukar meir enn prisveksten skulle tilseie. I tillegg er det i 2023 framleis venta press på prisar og særleg gjeld dette innanfor straum og andre energiformer. Arbeid med realisering av gevinstar med nybygg og IKT-prosjekt må fortsetje med full tyngde. Det vil vere naudsynt å gjennomføre kostnadsreduserande tiltak for å kome på rett kostnadsnivå. For å sikre gjennomføringsevna av tiltaka har føretaket lagt vekt på involvering og forankring i organisasjonen gjennom både leiarar, tillitsvalde og verneombod, heiter det i saka.

styremøte.jpg
 

Stramt budsjett: Helse Fonna må halde fram med kostnadsreduserande og inntektsaukande tiltak, uavhengig av kva som kjem i statsbudsjettet. Til venstre styreleiar Petter Steen jr. og administrerande direktør Olav Klausen. Foto: Eirik Dankel

 

Styret vedtok budsjettforslaget, som har ei ramme på 4,073 milliardar kroner. Med kostnader på 4,071 milliardar kroner, endar ein opp med eit driftsresultat på 1,7 millionar kroner. Men ikkje utan atterhald. Difor vil budsjettet komme opp att til full gjennomgang i januar.

​ Styret i Helse Fonna HF syner til at Stortinget enno ikkje har vedteke statsbudsjettet for 2023. Difor har heller ikkje Helse Vest RHF fullt oversyn over sine rammer for 2023. Styret vil på bakgrunn av dette leggja opp til full gjennomgang av budsjettet på styremøte 13. januar 2023. Styret i Helse Fonna HF ber administrerande direktør følgje opp økonomistyringa i høve til budsjett, og rapportere til styret på same format som i 2022, heiter det i budsjettvedtaket.

Må ta grep

Rapporten for oktober viser at det framleis er ein jobb å gjere før ein kjem i økonomisk balanse, og ventelistene er framleis lange.

Det økonomiske resultatet for månaden var 16,6 millionar kroner under budsjett. Akkumulert er resultatet i år om lag 180 mill. under budsjett. Administrerande direktør ser at avviket mot budsjett er mindre denne månaden enn gjennomsnittet for tidlegare månadar.

Talet på fristbrot er fortsatt høgt i somatikken, men har gått ned frå førre månad. Ventetida for alle behandla pasientar i føretaket er på veg ned. Ventetida innan BUP-feltet har hatt nedgang frå 69 dagar i førre månad til 43 dagar denne månaden, og nærmar seg målkravet frå eigar.

Fleire av styremedlemmene uttrykte at dei er bekymra for situasjonen. Styreleiar Petter Steen jr. oppsummerte situasjonen slik:

​ Realiteten er at det er ein dramatisk situasjon for spesialisthelsetenesta i heile landet, ikkje berre Helse Fonna. Vi må ikkje komme i ein situasjonen der vi er tomme for likviditet. Situasjonen er alvorleg, og no er tida inne for å sjå på strukturelle grep. Det betyr ikkje at vi skal leggje ned lokalsjukehus, men vi må sjå på samhandling mellom sjukehusa. Kven gjer kva, og kor mykje dobbeltarbeid gjer vi? Eg trur det går an å ha ein ryddig og klok prosess på dette, i nært samarbeid med lokalsamfunna. Målet er betre samsvar mellom inntekter og utgifter, og ikkje minst betre kvalitet på tenestene. No er det på tide at styret peikar ut vegen vidare, vi må dybdebore. Styret må vere tett på og ein god støttespelar i denne oppgåva, og det må ei stor endring til. Eg trur dette kjem til å gå bra, sa Steen jr.

 

Ser alvorleg p​​å situasjonen

Etter ein lang debatt, tok styret økonomirapporten til orientering, med følgjande tillegg:

«Styret i Helse Fonna HF ser framleis svært alvorleg på den økonomiske situasjonen, slik han er presentert i verksemdsrapporten.

Styret er oppteke av at dei tiltaka som er sette i verk, blir førte vidare og forsterka. Styret bed AD om å utfordra heile organisasjonen med omsyn til å gå kritisk gjennom verksemda og sjå på naudsynte endringar, effektivisering og rette prioriteringar av tenestetilbodet.

Mogeleg innstramming av det økonomiske handlingsrommet som følgje av statsbudsjettet for 2023 vil koma på toppen av det akkumulerte underskotet for 2022. Dette gjer det naudsynt med total gjennomgang av heile verksemda for på ny å kome i økonomisk balanse. Styret ser positivt på alle tiltak som kan gje auka inntekter og reduserte utgifter under føresetnad av at arbeidsmiljø, pasienttryggleik og kvalitet i behandlinga blir ivareteke».

Fekk kvalitetspris

På styremøtet vart årets kvalitetspris delt ut. Den gjekk til EPJ-senteret (elektronisk pasientjournal).

Avdelinga får prisen for måten dei har optimalisert bruken av ulike fagsystem, til gode både for klinikarar, pasientar og forvaltninga i Helse Fonna.

Det siste tiåret har det vore stor utvikling i talet på kliniske fagsystem. Fleire små og store system er tekne i bruk, og blant anna er hovudjournalsystemet DIPS innført. Innføring av nye system fører til at ein må endre arbeidsmåte, men regionale innføringssystem blir ofte avslutta kort tid etter at løysinga er på plass, og før gode rutinar har fått etablert seg. På bakgrunn av dette vart det i fjor haust oppretta eit prosjekt som skulle sjå nærare på korleis ein kunne løyse denne utfordringa.

​ Arbeidet er med på å redusere risikoen for at gløymde svar fører til pasientskader som følgje av forseinka behandling. I tillegg kan det frigjere ressursar for unødvendig rekvirering av nye prøvar og undersøkingar som alt er utført. Det er brukt ein metodikk med godt skildra mål, tiltak og resultat, heiter det i grunngjevinga for Kvalitetsprisen 2022.

kvalitetspris.jpg

Kvalitetsprisen 2022: Elin Ulsund Hansen og Ida Dankel Seim tok imot kvalitetsprisen på vegner av EPJ-senteret. Foto: Eirik Dankel

 

Ny fagdirektør​

I styremøtet møtte også ny fagdirektør i Helse Fonna, Andreas Andreassen. Han startar i stillinga 1. desember.

Avtroppande fagdirektør Haldis Ø. Lier blei takka for den store innsatsen ho har gjort gjennom mange år for fag, forsking, innovasjon og kvalitet i føretaket. Ho skal no over i ny stilling som leiar for forsking og innovasjon i Helse Fonna.

 

fagdirektør.jpg

Viktig jobb: Andreas Andreassen tek over stafettpinnen frå Haldis Ø. Lier som fagdirektør i Helse Fonna. Foto: Eirik Dankel

 

​