Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Velg behandlingsstad sjølv: Få hjelp til å velje

Når du blir henvist til undersøking eller behandling på sjukehus, har du rett til å velje behandlingsstad. Ønskjer du individuelle råd før du bestemmer deg? Ring 800 HELSE (800 43 573) og få hjelp av ein pasientrådgivar.

Helse Vest
Publisert 26.05.2017
Sist oppdatert 01.03.2024
Du kan sjølv velje behandlinsstad. (Illustrasjon)

For å ta gode val om eiga helse, er det nødvendig med relevant informasjon. Du kan velje mellom alle offentlege og fleire private behandlingsstader og ventetidene kan variere mykje. Vi har teieplikt og hjelper deg gjerne om du ønskjer individuelle råd om det som er viktig for deg, seier Liv Torunn Rundhovde, pasientrådgivar ved informasjonstenesta Vel behandlingsstad i Helse Vest.

Pasientrådgivarane er sjukepleiarar med erfaring frå spesialisthelsetenesta. Dei kan gi råd om val av behandlingsstad og om pasientrettar. Dei kan òg hjelpe til med å finne avtalespesialist eller tilbod innanfor ordninga Raskare tilbake.

Har du spørsmål til korleis du skal gå fram for å velje behandlingsstad, og kva dette kan ha å seie for deg? Ta kontakt med fastlegen din eller ring 800 HELSE (800 43 573) og be om å få snakke med ein pasientrådgivar.

Du finn meir informasjon på www.helsenorge.no/velg-behandlingssted.

Vel behandlingstad og få raskare hjelp.