Samfunnsansvar

Samfunnsansvar og det å vere ansvarlege verksemder handlar om korleis vi i spesialisthelsetenesta løyser samfunnsoppdraget vårt, i samspel med andre. Korleis påverkar verksemda vår menneske, miljø og samfunn?

Diagram, ringdiagram, FNS bærekraftsmål. Grafikk.

Spesialisthelsetenesta forvaltar store ressursar på vegner av fellesskapet, og vi har ei plikt overfor samfunnet i stort å forvalte desse ressursane på ein berekraftig måte.

Staten stiller krav og forventningar til at verksemdene dei eig skal opptre ansvarleg, vere leiande i sitt arbeid for å vareta menneskerettar, arbeidstakarrettar, redusere sitt klima- og miljøfotavtrykk og førebyggje økonomisk kriminalitet som, blant anna, korrupsjon og kvitvasking av pengar. Statlege verksemder skal vere leiande i arbeidet med samfunnsansvar.​

Dette er nedfelt i Eigarskapsmeldinga: Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap, St.6 (2022-2023)

Det å vere ei ansvarleg verksemd betyr kva ansvar det er venta at vi skal skal påta oss for menneske, samfunn og miljø, som blir påverka av verksemda vår.​​​​​​​​

Utgreiing for samfunnsansvar 2024

Førespurnader om informasjonsplikt og spørsmål om korleis Helse Vest RHF arbeider med openheitslova kan sendast her: post@helse-vest.no

Sist oppdatert 10.09.2024