Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Ein sjukepleiar førebur medisinar
Utdanning og kompetanse

Hospitering

Helse Fonna legg til rette for hospitering, arbeidspraksis og andre tidsavgrensa opphald i føretaket som bidreg til fagleg utvikling, forsking, læring og samhandling.

Hospitering kan ha ulike formål, mellom anna utdanning, forsking, kompetanseutvikling, arbeidstrening eller styrking av samhandling mellom tenestenivå. Formålet med hospiteringa er avgjerande for kva oppfølging, avtalar og tilgangar som er nødvendige. For å sikre rett handtering og registrering må formålet vere avklart før hospiteringa startar.

Hospitering for medisinstudentar, ambulanse og andre studentgrupper

Gjeld studentar innan medisin, psykologi og bachelor- eller masterutdanningar frå lærestader som ikkje har samarbeidsavtale med Helse Fonna (lærestader utanom HVL, UiB, UiS og VID).

Det er krav om minimum B1-nivå i norsk for å kunne hospitere.

Les meir om hospitering for medisinstudentar og andre studentgrupper

Vedlikehald av kompetanse

Ordninga er aktuell for personar som har behov for fagleg oppdatering eller vedlikehald av kompetanse, til dømes offshorepersonell eller anna helsepersonell.

Ta kontakt med aktuell avdeling for å avtale hospitering.

Avdelingar - Helse Fonna HF

Samhandling mellom kommunar og Helse Fonna

Hospitering kan vere eit viktig verkemiddel for å styrkje samarbeid, kompetanseutveksling og gode pasientforløp mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Denne ordninga gjeld hospitering mellom Helse Fonna og kommunane i regionen.

For spørsmål om denne hospiteringsordninga, ta kontakt med Avdeling for samhandling på samhandling@helse-fonna.no.

Andre førespurnader om hospitering

Dersom føremålet med hospiteringa ikkje fell inn under kategoriane ovanfor, kan du ta kontakt med aktuell avdeling i Helse Fonna for nærare informasjon og avklaring, eller sende e-post til po@helse-fonna.no.

Sist oppdatert 12.11.2026