Utdanningsplan
Lungesjukdomar - Haugesund sjukehus
Utdanningsverksemda
Utdanningsverksemda skal sørge for at utdanninga av legespesialistar skjer innan fagleg forsvarlege rammer og på ein måte som sikrar tilstrekkeleg kvalitet og gjennomstrømming i utdanningsløpet.
Det skal lagast ein overordna utdanningsplan for den enkelte spesialitet som angir korleis verksemda vil sikre at leger i spesialisering kan oppnå læringsmåla. Formålet med den overordna utdanningsplanen for kvar av spesialitetane er å skildre oppbygging og rekkefølge for heile utdanningsløpet i spesialiteten, inkludert spesialiserings- /suppleringsteneste.
Viser til Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund sjukehus
LIS3 utdanninga byggjer på LIS2. Desse utdanningsløpa må såleis bli sett i samanheng. Vaktarbeid, organisasjon, administrasjon m.m. vil også vera felles for LIS2 og LIS3 i Haugesund.
Endringar i overordna planar vil medføre endringar både for LIS2 og LIS3 lungesjukdomar. Endringar og oppdateringar er i kontinuerleg prosess. For å sikre gjennomgåande oppdaterte planar mellom LIS2 og utdanningsplanen LIS3 lungesjukdomar Helse Fonna Haugesund sjukehus, vel me å vise til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund sjukehus for det som er felles i den vidare skildringa av LIS3 lungesjukdomar.
Heile LIS 3 lungesjukdomar sitt utdanningsløp kan ikkje gjennomførast i Helse Fonna. Samarbeidsavtale om 6 månaders suppleringsteneste vil måtte bli inngått med Lungeavdelingen, Haukeland Universitetssjukehus.
Det gjelder Læringsmål: LUN-035, LUN-038 og LUN-040.
Målsetjinga med utdanningsverksemda er å gje kandidaten ferdigheit og innsikt i utgreiing og behandling av lungesjukdomar. Dette oppnåast ved å:
- Legge til rette for at utdanningskandidatane får ei god og målretta LIS 3 utdanning i lungesjukdomar
- Legge forholda til rette for oppnåing av læringsmål knytt til LIS 3 lungesjukdomar.
- Integrere spesialistutdanninga i drifta av seksjonen med mål om å kombinere god utdanning med god drift.
Spesifikt for LIS 3 lungesjukdomar er som følger:
Lungeseksjonen
Befolkningsunderlag på ca. 110.000. I tillegg mottar seksjonen pasientar frå heile Helse Fonna sitt nedslagsområde (Stord og Odda) for tuberkuloseutgreiing/-behandling, samt også pasientar som skal gjennomgå spesielle lungerelaterte prosedyrar som EBUS og CT-rettleia biopsi. Lungeseksjonen ligg under Klinikk for medisin Haugesund og Odda.
Lungepostane
Lungeseksjonen har to lungepostar med til saman 13 senger. Fram til 01.03.19 var det 19 senger knytt til lungeseksjonen, men ein har valt å prioritere poliklinisk utgreiing, dette på bakgrunn av m.a. pakkeforløpspasientane, derav nedtak av senger og auka poliklinisk verksemd. Det er ca. 1300 innleggingar på lungepostane pr. år.
Lungepoliklinikk
Lungepoliklinikken driv brei poliklinisk verksemd med til saman ca. 5000 konsultasjonar per år. Det foregår både utredning og kontrollar av lungesjukdom.
Me har eigen dagpost for utredning i pakkeforløp lungekreft.
Etter utredning og diagnostikk tilbyr me kontrollar for pasientar i ulike fagområder; KOLS-poliklinikk, oksygenkontrollar, astmakontroller, bronkiektasikontrollar (gjerne i samarbeid med lungefysioterapeut), kontroll av interstitielle lungesjukdomar, sarkoidose og lungekreft. Det blir utført spirometritestar, diffusjonstestar, metacholinprovokasjonstestar, FeNo, ergospirometritestar, gangtestar, blodgassanalyser, indusert sputum, ultralyd thorax, pleuratappingar/pleurabiopsier samt eksufflering av pneumothorax. Det blir gitt infusjoner(astma).
I tillegg har ein:
- bronkoskopi-undersøkingar (organisert under Gastrolab/-pol ) ein heil og ein halv dag i veka.
- Kjemoterapi-/immunterapi-behandling (organisert under Kreftpoliklinikken ) for lungekreftpasientane.
- NIV-behandling blir gitt på hjerteovervåkingspost/intensivpost, lungelegane går dagleg tilsyn/visitt på desse pasientane i vekedagar.
- Heimerespiratorteam: 1 overlege og 1 sjukepleier som har ansvar for pasientane som har heimerespiratorbehandling.
- Regelmessig samarbeid med Palliativt team både i sengepost og i poliklinikk.
- Pasientopplæring med kurs innan astma og KOLS.
Haugesund sjukehus har ansvar for tuberkuloseutgreiing i Helse Fonna og tuberkulosekoordinatoren i Helse Fonna er tilknytt Lungeseksjonen her.
Utredning av lungekreft er organisert primært poliklinisk. I eit forløp utredar me med lungefunksjonstesting, bronkoskopi med biopsi og EBUS. CT biopsi på radiologisk avdeling. Pleuradrenasje på lungepoliklinikk.
Kvar fredag har me Multidisiplinære teammøter (MDT) møte med radiolog, patolog og lungelegar. I tilfeller me ønsker vidare drøfting deltar me kvar fredag på Regionalt MDT videomøte med Haukeland Universitetssjukehus.
Det arbeidast for å delta på MDT møte i interstitielle lungesjukdommar ved Haukeland Universitetssjukehus.
Stillingar
Det er 5 overlegestillingar og 4 LIS-stillingar knytt til Lungeseksjonen, 4 av 5 overlegar er ferdig utdanna lungespesialistar.
Seksjonen har moglegheit for to LIS legar i B-grein stilling.
Det er tre utdanna lungesjukepleiarar i Lungeseksjonen og tre utdanna kreftsjukepleiarar med særleg interesse for lungekreft. Det er 100% fagsjukepleiar i lungefaget.
Vaktordning
Overlegane er knytt til den generelle 12-delte overlegevaktordninga i Klinikk for medisin Haugesund og Odda. Alle overlegane er i full stilling.
Vedrørande LIS: Sjå Overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund Sjukehus.
Dagsorden
70% av arbeidet til LIS som er tilsett i Lungeseksjonen er knytt til lungerelatert arbeid. Det er forsøkt utarbeide ca. 2-3-månadersplan over arbeidsoppgåver gjennom avansert oppgåveplanlegging. Av denne framgår arbeidsoppgåver for alle legane, inkludert LIS3 og LIS2, som postarbeid, poliklinikk, fordjuping, undervising og andre arbeidsoppgåver.
Det er ein postoverlege tilknytt kvar av lungesengepostane.
Det er tavlemøte kvar dag med gjennomgang av alle innlagte pasientar med overlege, LIS og sjukepleiarar tilstade. Etter det startar arbeidet med previsitt og visitt.
Kvar onsdag forbetringsmøte.
Etter visitten er det postarbeid og div. prosedyrar som t.d. pleuratappingar.
Alle LIS har regelmessig poliklinikk som også framgår i oppgåveplanlegging.
I tillegg vil LIS3 få opplæring i bronkoskopi/EBUS med supervisjon.
Utdanningsløpene
Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund sjukehus.
Spesifikt for LIS 3 lungesjukdomar Helse Fonna, Haugesund Sjukehus er som følgjer:
Det er planlagt at LIS3 i lungesjukdomar er på Lungeseksjonen i første omgang i ca. 1,5 år. For spesialiteten LIS3 lungesjukdomar kan dei fleste, men ikkje alle, læringsmål bli oppnådd i Haugesund. 6 månaders teneste for å oppnå spesifikke læringsmål må avtalast med Lungeavdelingen, Haukeland Universitetssykehus (HUS).
Kandidatane må samtidig fullføre LIS2 indremedisin utdanningsplan og det visast til egen utdanningsplan for detaljer i denne. Me forventar at utdanninga (LIS2 og LIS3) er gjennomført på normert tid.
Introduksjon av nye LIS
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund Sykehus.
Spesifikt for LIS3 lungesjukdomar Helse Fonna, Haugesund Sykehus er som følger:
Mottar informasjonsmateriell/introduksjonspakke pr. mail frå leiinga på lungeseksjonen.
Tilgang og opplæring til ulike nasjonale helseregister (kreftregister).
Første dag/dagar på lungepost er saman med overlege og også gjerne to LIS.
Første dag/dagar på poliklinikk er det avsett god tid og få pasientar, slik at ein får gå gjennom rutinar/opplæring.
Supervisjon, veiledning og faglig utvikling.
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund Sykehus
Spesifikt for LIS3 lungesjukdomar Helse Fonna, Haugesund Sykehus gjelder dette:
Det er to overlegar som superviserer på previsitt, og dei er gjerne med på visitt på lungepostane. Det er overlege tilgjengeleg for supervisjon når LIS har poliklinikk. All opplæring i prosedyrar som pleuratapping/biopsi/bronkoskopi og anna føregår ved supervisjon.
Multidisiplinære teammøter (MDT) med lungelege, radiolog, patolog tilstade lokalt. Regionalt er også thoraxkirurg, onkolog tilstades. Kvar fredag er det MDT-møte lunge lokalt og regionalt der hovudføremålet er å gje pasientar i pakkeforløp lungekreft morfologisk diagnose, TNM klassifisering og behandlingsbeslutning. Desse samarbeidsmøta varer inntil 60 min og er svært lærerike.
Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund Sykehus.
Teoretisk undervisning
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund Sykehus.
Spesifikt for LIS3 lungesjukdomar Helse Fonna, Haugesund Sykehus er som følger:
Internundervisning i lungesjukdomar lokalt kvar tysdag kl.11:45-12:30.
Internundervisning i lungesjukdomar i samarbeid med Lungeavdelingen på Haukeland kvar mandag/torsdag kl.12:00-12:30.
Medisinsk morgonundervisning tirsdag, onsdag og torsdag - 15 min. Samt lunsjundervisning pnsdag - 45 min.
Legenes felles fredagsundervisning kvar andre fredag - 30 min.
Felles kompetansemål (FKM)
Viser til overordna utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund Sykehus.
Utdanningsutval og utdanningsansvarlig overlege
Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund Sykehus
Utdanningsutval for LIS3 lungesjukdomar Helse Fonna, Haugesund Sykehus - kontakt utdanningsansvarlg overlege.
Forsking
Overlege har drive noko forsking innanfor KOLS, og jobbar med å starte doktorgradsarbeid med utgangspunkt i mekanisk ventilasjon.
Bidragsytarar til fleire nasjonale register: Kreftregisteret og Heimerespiratorregisterert.
Deltar i følgande lungekreftstudier: TRIPLEX studie, SoluCom studie og IMPRESS. Overlege engasjert i 10% stilling for å følge opp lungekreftstudier.
Individuell utdanningsplan
Ved tilsetjing vil det bli utarbeidd individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeidd av LIS i samarbeid med rettleiar og evt. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.
Simulering og ferdighetstrening
Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund sjukehus.
Tillitsvalte
Viser til Overordnet utdanningsplan LIS2 indremedisin Haugesund sjukehus.
Kontakt
Utdanningsansvarleg overlege for LIS2 indremedisin ved Klinikk for medisin Haugesund og Odda.
Utdanningsansvarleg overlege for spesialiteten i lungesjukdomar ved Klinikk for medisin Haugesund og Odda.