Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Vestlandslegen

Eit intensivt første møte med Haugesund sjukehus

Vestlandslegen-studentane blei betre kjent med sine nye studiestad i november. Dette fekk dei med seg på nokre få timar.

Eirik Dankel
Publisert 16.11.2026
Ei gruppe menneske i eit laboratorium
Stein Arve Lund er overlege og forklara om intervensjonsradiologi. (Alle foto: Eirik Dankel)

Nytt studie, nye medstudentar og eit møte med sjukehuset som om tre år skal bli den nye studiekvardagen. Mykje skjer om dagen for Vestlandslegen-studentane.

Også for oss i Helse Fonna. Øvst i bygget venta vi spent på dei 24 som skulle komme frå Bergen denne dagen.

Administrerande direktør Anders Hovland ønska velkommen.

Verdas første

Administrerande direktør Anders Hovland var ein av dei.

– De er verdas første legestudentar i Haugesund. Mange hadde lyst til å bli det. Her er de endeleg, sa han når alle var på plass.

Målet til Hovland er klart.

– Vi skal gi den beste utdanninga og det beste studieløpet når de kjem hit i 2029. Mange skal bli kjent med ny stad og eit nytt sjukehus og kontakten vi skal ha dei neste tre åra skal gjere de trygge på det. Hjarteleg velkommen til Helse Fonna og Vestlandslegen i  Haugesund.

For oss er de framtida, sa ordførar i Haugesund, Nils Konrad Bua.

– For oss er de framtida

Kva så med Haugesund?  Ordførar Nils Konrad Bua er byens beste ambassadør.

– Vi har så ufatteleg mykje å by på, sa han entusiastisk.

– Eg vil at det å vere student i Haugesund, dei åra du er her, det er år du skal hugse. Ta plass og rom i byen. Ta del i den.

For ein by handlar om menneska, fortsette Bua.

– Kanskje det viktigaste er kompetansen de kan bidra med. Vi treng den på sjukehuset og vi treng den i kommunen. For oss er de framtida.

 Josefine Flaaten og Evegenia Taranova er medisinstudenter i praksis i Haugesund.  Harman Singh Bharaj er LIS1.  

Frå nokon under 30

Kanskje det du lurar mest på som student og etter kvart skal ta del i ein sjukehuskvardan er korleis det faktisk er her.

Evegenia Taranova og Josefine Flaaten er medisinstudentar sjølv og kan betre enn nokon skildre akkurat det.

– Å vere her i Haugesund er annleis enn i for eksempel i Stavanger eller Bergen, sa Taranova.

– Her opplev eg at det er mindre forhold der vi har nærare kontakt med alle legane og at vi kjenner pasientane betre, utdjupa Flaaten.

Begge rosar tida dei har hatt i Helse Fonna.

– Vi blir teke godt i mot. Det er mi oppleving. Dei veit at vi kjem og tek oss med på mykje forskjellig, forklara Taranova før ho hadde ei oppfordring.

– Hiv deg ut idet, ta sjansen og grip moglegheitene. Då får du ei fantastiskoppleving. Tør å lære, tør å henge deg på. Det er god trening, og trening treng du når du står åleine med pasienten.

Om seks år er verdas første Vestlandslegen-studentar i Haugesund ferdig utdanna. Tida går fort, sa ein engasjert Harman Singh Bharaj. Han er sjølv LIS1 i Haugesund.

– Her i Haugesund er mange moglegheiter. Det vil de sjå når de kjem hit.

Ein del av besøket var omvising på intensiv og intervensjonsradiologi, samt Simarena ved Høgskulen på Vestlandet.

Men før det fekk dei med denne beskjeden frå Bharaj som kanskje letta litt på nervane.

– Du skal ikkje kunne alt når du er ferdig å studere, men du skal vite korleis du kan finne ut av alt.

Gunnar Sjøen er avdelingsleiar og overlege ved intensivavdelinga. Han ga dei eit innblikk i ei av dei mest rolege avdelingane i bygget.

Førstemøteevaluering

Etter besøket har studentane gitt tilbakemelding.

– Tilbakemeldingane er gode, seier Sondre Gunleiksrud som er delprosjektleiar.

– Studentane føler seg godt ivareteke og har eit bra inntrykk av sjukehuset, byen og studiestaden. Neste gong vil dei vere her lenger. Det skal vi så absolutt få til.