Våre mål - for pasientar og samfunn
Rask tilgang til trygge og nære helsetenester av høg kvalitet
Helse Fonna sikrar pasientane rask tilgang til trygge og opplevd nære helsetenester, med utgangspunkt i pasienten sine heilskaplege behov. Brukarvennleg teknologi og digitale løysingar styrkjer tilgjengelegheit, oppfølging og tryggleik – uavhengig av kvar pasienten bur.
Pasientar og pårørande opplever nærleik, føreseielegheit og tryggleik i møte med helsetenesta.
Høg kvalitet er kjenneteikna av kunnskapsbaserte og fagleg sterke tenester, høg pasienttryggleik og gode pasientopplevingar i Helse Fonna. Tenestene har minst mogleg uønskt variasjon og er i tråd med beste praksis.
Kva skal vere oppnådd innan 15 år?
- Innbyggjarane har og opplever eit likeverdig tilbod med rask tilgang til trygge og nære helsetenester av god kvalitet, og føretaket nyttar samla kapasitet og kompetanse for å sikre dette.
- Tenestene er kjenneteikna av høg pasienttryggleik, gode pasientopplevingar og liten uønskt variasjon.
- Føretaket har robuste fagmiljø og tilstrekkeleg kompetanse til å sikre høg kvalitet og trygge tenester.
- Digitale tenester og heimebasert oppfølging er ein integrert del av tilboda.
- Tenesta er tydeleg differensiert og prioritert slik at pasientane får hjelp på rett nivå, til rett tid og på riktig måte i samarbeid med kommunehelsetenesta.
- Føretaket utviklar seg i samspel med dei andre helseføretaka og andre aktørar i helsetenesta, og bidreg til heilskaplege løysingar i regionen.
Kva skal vere oppnådd innan 4 år?
- Tid til vurdering og oppstart av behandling er innanfor måltal på alle fagområde.
- Innbyggjarane opplever eit likeverdig tilbod av god kvalitet.
- Systematisk prioritering og målretta kompetanseoppbygging styrkjer tilgjengelegheit og kvalitet.
- Kloke val er etablerte i regionen.
- Digitale kontaktflater, konsultasjonar og heimebaserte løysingar blir brukte som ordinære delar av tenestetilbodet.
- Felles tilvisingsmottak er etablert for alle relevante fagområde, og pasientane får rett hjelp på rett nivå.
- Pasientflyt og kapasitetsutnytting er forbetra på tvers av fagområde.
- Robuste fagmiljø er styrkte gjennom organisering, samarbeid og betre bruk av samla kompetanse.
- Samarbeidet med dei øvrige føretaka, Helse Vest RHF og andre aktørar i helsetenesta gir samordna løysingar og betre tilbod og kapasitet for pasientar og tenester.
- Føretaket bruker samla kapasitet og kompetanse for å sikre rett hjelp på rett nivå.
Sist oppdatert 06.10.2026