En gruppe mennesker i et rom
Utviklingsplan 2027-2041

Befolkning, behov og bemanningsutvikling mot 2041

Demografisk utvikling

Fram til 2040 står Helse Fonna-regionen overfor ei tydeleg demografisk endring. Den samla befolknings­veksten i opptaksområdet er berekna til om lag 1,6 prosent.

Talet på innbyggarar over 65 år er venta å auke med 28 prosent.

Talet på innbyggarar over 80 år er venta å auke med 60 prosent, mens gruppa 65–79 år aukar med 17 prosent.

Samstundes er det venta ein nedgang i talet på barn og unge på 9 prosent og ein nedgang i befolkninga i yrkesaktiv alder på 4 prosent.

Utviklinga gjeld heile opptaksområdet, men slår ulikt ut mellom kommunane.

Alle kommunane er venta å få vekst i befolkninga over 65 år, og i dei fleste kommunane er det aldersgruppa over 80 år som aukar mest.

Haugesund og Karmøy har den største venta veksten i absolutte tal, mens fleire mindre kommunar får ei sterk relativ aldring av befolkninga.

Dette inneber at også kommunar med lågare folketal kan bli betydeleg påverka, fordi endringane skjer i eit mindre befolkningsgrunnlag.

Hovudtal

Opptaksområdet

  • Befolkning: + 3 014
  • Innbyggarar over 65 år: + 28 %
  • Yrkesaktiv alder: - 4 %
  • Innbyggarar over 80 år: + 60 %

Endring etter aldersgruppe

  • 0-17: - 3 554
  • 18-64: - 4 283
  • 65-79: + 4 687
  • Over 80: + 6 164

Auke i innbyggarar over 65 år i 2041

28 %

Eit aukande behov kombinert med avgrensa tilgang på personell gjer omstilling naudsynt for å sikre berekraftige og gode helsetenester for befolkninga.

Aktivitetsframskriving

Framskrivingane mot 2040 viser at Helse Fonna vil få eit aukande behov for helsetenester, blant anna som følgje av ei aldrande befolkning. Dette vil påverke både omfanget av tenester, behovet for kapasitet og krava til omstilling i føretaket.

Hovudtal:

  • Somatiske liggedøgn: + 13,4 %
  • Somatisk poliklinikk: + 16,3 %
  • Psykisk helsevern og rus liggedøgn: 0,0 %
  • Psykisk helsevern og rus poliklinikk: + 5.0 %

Veksten er størst innan somatiske tenester. Somatiske liggjedøgn er framskrivne til å auke med 13,4 prosent, frå 91 000 liggjedøgn i 2024 til 104 000 i 2040.

Somatisk poliklinikk aukar med 16,3 prosent, frå 196 000 konsultasjonar i 2024 til 228 000 i 2040.

Framskrivingane viser også at behovet for somatisk sengekapasitet kan auke til om lag 316-334 senger i 2040, avhengig av føresetnadene som blir lagde til grunn.

Innan psykisk helsevern og rus er utviklinga meir stabil.

Talet på liggjedøgn er om lag uendra fram mot 2040, med 34 000 liggjedøgn i 2024 og 34 000 i 2040.

Poliklinisk aktivitet innan psykisk helsevern og rus aukar moderat, med 5,0 prosent, frå 89 000 konsultasjonar i 2024 til 93 000 i 2040.

 

Oversikt
Område 2024 2030 2040 Endring 2024-2030 Endring 2024-2040
Somatiske liggedøgn 91 413 96 579 103 651 +5,7 % +13,4 %
Somatisk poliklinikk 196 295 209 529 228 206 +6,7 % +16,3 %
Psykisk helsevern og rus liggedøgn 34 381 34 931 34 375 +1,6 % 0,0 %
Psykisk helsevern og rus poliklinikk 88 668 95 032 93 096 +7,2 % +5,0 %

 

Aktivitetsveksten blir særleg driven av auka behov innan somatiske fagområde. Framskrivingane peikar blant anna på auke innan hjarte- og karsjukdommar, lungesjukdommar, fordøyingssjukdommar, kreft og augesjukdommar.

Dette inneber at føretaket må planleggje for auka aktivitet samtidig som tilgangen på helsepersonell blir ei tydelegare avgrensing.

Fleire sentrale yrkesgrupper har høg pensjonseksponering, og bemanningssituasjonen vil derfor vere ei viktig ramme for utviklinga av tenestene.

Kva driv veksten?

Somatiske liggedøgn:

  • Hjarte- og karlidingar: + 29,5 %
  • Lungesjukdommar: + 24,5 %
  • Fordøyelse: + 15,7 %

Somatisk poliklinikk:

  • Kreft: + 58,0 %
  • Augesjukdommar: + 44,3 %
  • Hjarte- og karlidingar: + 29,0 %

Samla viser framskrivingane at behovet for helsetenester aukar raskare enn dei tilgjengelege ressursane.

Dette gjer det nødvendig å utvikle tenestene slik at kapasitet, kompetanse og teknologi blir utnytta betre.

For å sikre berekraftige og gode helsetenester fram mot 2040 må Helse Fonna arbeide målretta med effektiv ressursbruk, betre pasientforløp, meir formålstenleg oppgåvedeling og nye måtar å organisere tenestene på.

 

Framtidig vekst i Helse Fonna ventast i hovudsak å komme innan somatiske tenester og er nært knytt til ein aldrande befolkning.

 

En bygning med trær foran
Kva driv utviklinga?

Hovudfunn

  • Befolkninga over 65 år aukar med 28 %, mens gruppa 80+ aukar med 60 %.
  • Somatiske liggedøgn aukar med 13,4 % (+15 276).
  • Somatisk poliklinikk aukar med 16 % (+38 177).
  • Psykisk helsevern og rus er relativt stabil gjennom planperioden, poliklinikk +5 %.
  • Fleire sentrale yrkesgrupper har høg pensjonseksponering.
  • Framskrive sengebehov aukar til 316-334 senger i 2040.

Yrkesaktivitet

Forsørgjarforholdet, det vil seie forholdet mellom personar i yrkesaktiv alder og eldre, illustrerer alvoret i utviklinga for Helse Fonna. I 2025 er det 2,9 yrkesaktive per innbyggjar over 65 år, mens dette forholdstalet er venta å bli redusert til 2,1 innan 2040. Samtidig ligg nivået under landsgjennomsnittet (2,7–3,0) gjennom heile perioden, noko som inneber at føretaket går inn i denne utviklinga med eit meir krevjande demografisk utgangspunkt.

Ei stadig mindre yrkesaktiv befolkning skal understøtte ein aukande andel eldre, samtidig som behovet for helse- og omsorgstenester aukar. Dette vil få konsekvensar for tenestebehov, kapasitet og tilgang på personell.

Samla understrekar dette at framtidig kapasitet ikkje kan vurderast isolert, men må sjåast i samanheng med utvikling av arbeidsformer, betre pasientflyt, meir målretta bruk av døgnkapasitet og styrkt samhandling mellom nivåa.

En by med mange bygninger
Forsørgjarforhold - yrkesaktive per innbyggar over 65 år
  • 2026: 2,86 yrkesaktive per 65+
  • 2030: 2,67 yrkesaktive per 65+
  • 2040: 2,14 yrkesaktive per 65+
Kommunar i opptaksområdet
Kommune 2026 2030 2040
Bokn 2,57 2,50 1,82
Bømlo 2,89 2,70 2,08
Eidfjord 2,25 1,99 1,79
Etne 2,42 2,32 1,83
Fitjar 2,54 2,33 1,95
Haugesund 3,19 3,01 2,34
Karmøy 3,14 2,95 2,32
Kvinnherad 2,30 2,11 1,67
Sauda 2,45 2,24 1,90
Stord 3,09 2,80 2,23
Suldal 2,80 2,64 2,08
Sveio 1,97 1,95 1,72
Tysnes 3,16 3,02 2,43
Tysvær 2,21 2,08 1,81
Ullensvang 2,23 1,80 1,83
Utsira 2,81 2,54 2,08
Vindafjord 2,30 2,10 1,72

 

Bemanning

Arbeidskraft blir ei stadig tydelegare strategisk avgrensing. Fleire sentrale yrkesgrupper i Helse Fonna har høg pensjonseksponering. Analysane viser at 111 legeårsverk, 352 sjukepleiarårsverk og 148 ABIOK-årsverk inngår i grupper med høg andel tilsette over 50 år. Fleire kritiske spesialsjukepleiargrupper har over 50 prosent tilsette over 50 år.

Når befolkninga i yrkesaktiv alder samtidig blir redusert, aukar risikoen for mangel på kompetanse og tap av nøkkelkompetanse innan fagområde som allereie er sårbare. Rekruttering, stabilisering, kompetanseutvikling og betre bruk av den samla kompetansen blir derfor avgjerande for å sikre kvalitet, kapasitet og beredskap i tenestene.

Utfordringsbiletet peikar samla sett på behovet for tydelege vegval i utviklingsplanen. Helse Fonna må møte ei framtid der fleire eldre vil ha behov for helsetenester, samtidig som tilgangen på arbeidskraft blir meir avgrensa. Det vil krevje sterkare prioritering, betre samhandling med kommunane, meir aktiv oppgåvedeling, systematisk kompetanseplanlegging og målretta bruk av teknologi og nye arbeidsformer.

Utviklingsplanen må derfor leggje til grunn at berekraftige tenester ikkje kan skapast gjennom auka aktivitet åleine. Føretaket må utvikle tenester som bruker kapasitet og kompetanse klokare, styrkjer pasientforløpa og gjer det mogleg å gi trygge, nære og likeverdige helsetenester også når behova aukar og personellressursane blir knappare.

En gruppe kvinner i hvite laboratoriefrakker
Aldersfordeling og pensjonseksponering
Aldersfordeling utvalte grupper per 2025
Yrkesgruppe Antal Under 40 40–49 50+
Lege 431 51 % 23 % 26 %
Psykolog/psykologspesialist 134 57 % 22 % 21 %
Sjuke­pleiar 1 218 50 % 22 % 29 %
Jordmor 63 41 % 28 % 31 %
Helsefagarbeidar 162 42 % 23 % 36 %
Anestesisjukepleiar 44 27 % 27 % 45 %
Barn-/pediatrisk sjukepleiar 11 55 % 18 % 27 %
Intensivsjukepleiar 157 29 % 19 % 52 %
Kreft-/onkologisjukepleiar 20 20 % 25 % 55 %
Operasjonssjukepleiar 59 29 % 15 % 56 %
ABIOK samla 291 26 % 23 % 51 %
 
 
 
Pensjonseksponering i utvalgte yrkesgrupper (2025)
Yrkesgruppe Antal tilsette Andel over 50 år Kommentar Risiko
ABIOK-sjukepleiar 148 51 % Del av nasjonal sjukepleiarmangel Svært høg
Sjukepleiar 352 29 % Stor forventa mangel Høg
Helsefagarbeidar 58 36 % Stor forventa mangel Høg
Lege 111 26 % Varierande mellom spesialitetar Middels
Psykolog 28 21 % Avgrensa tilgang på spesialistar Middels
 
Sist oppdatert 31.07.2026