En person i hvit laboratoriefrakk som holder en lyspære
Utviklingsplan 2027-2041

Formål og ramme

Utviklingsplanen er føretaket sitt øvste strategiske dokument og gir retning og mål for korleis verksemda skal utvikle seg over tid.

Kva er utviklingsplanen?

Alle helseføretak i Noreg er pålagde å ha ein utviklingsplan. Den beskriv dei langsiktige måla våre og kva som må vere på plass for å nå dei. Samtidig skal planen leggje til rette for vidareutvikling av samfunnsoppdraget innan pasientbehandling, utdanning, forsking og opplæring av pasientar og pårørande.

Planen beskriv ikkje enkeltståande tiltak eller prosjekt, men overordna mål og prioriteringar. Den skal gi eit felles grunnlag for avgjerder på tvers av fag, nivå og geografiske område.

Planhierarki i Helse Fonna

Utviklingsplan

  • Økonomisk langtidsplan
  • Strategisk kompetanseplan
  • Plan for strategisk forvaltning av areal
  • Forskings- og innovasjonsstrategi
  • Kommunikasjonsstrategi
  • Prehospital plan
  • Strategi for Helsefellesskapet
  • Beredskapsplan/-strategi
  • Digitaliseringsstrategi

Kvifor er utviklingsplanen viktig for Helse Fonna?

Utviklingsplanen skal gi felles retning og plan for prioriteringar og utvikling framover.

Helse Fonna står overfor endringar knytte til demografi, sjukdomsbilete, tilgang på personell, teknologiutvikling og økonomiske rammer. Utviklingsplanen er eit viktig verktøy for å møte desse utfordringane på ein heilskapleg, strategisk og berekraftig måte.

En innsjø med fjell i bakgrunnen
Om Helse Fonna

Helse Fonna gir spesialiserte helsetenester til om lag 185 000 innbyggarar i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland, fordelte på 16 kommunar. 

Verksemda omfattar fire sjukehus i Haugesund, Stord, Odda og på Valen, samt tre DPS (Haugaland, Stord og Folgefonn). Den prehospitale tenesta dekkjer opptaksområdet gjennom 10 ambulansestasjonar. 

Helse Fonna tilbyr spesialisthelsetenester innan somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Verksemda omfattar også forsking, utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.

Samanheng med nasjonale og regionale føringar

Utviklingsplanen byggjer på føringar frå nasjonale myndigheiter og Helse Vest RHF. Planen omset desse føringane til lokale prioriteringar for Helse Fonna, slik at vi både støttar opp under nasjonale og regionale mål og ivaretar oppdraget i vårt eige opptaksområde, samtidig som vi sikrar strategisk og nødvendig utvikling lokalt.

Overordna strategiar

Planen byggjer blant anna på følgjande nasjonale og regionale føringar:

  1. Nasjonal helse- og samhandlingsplan 2024–2027
  2. Meld. St. 21 (2024–2025) Helse for alle – om prioritering i helsetenesta
  3. NOU 2023:4 Tid for handling – personellet i ei berekraftig helse- og omsorgsteneste
  4. Helsepersonellplan 2040
  5. Rettleiar for arbeidet med utviklingsplanar, revidert 2025
  6. Nasjonal digitaliseringsstrategi 2024–2030
  7. Nasjonal helseberedskapsplan 2025
  8. Totalberedskapsmeldinga og nasjonal sikkerheitsstrategi
  9. Felles klima- og miljømål for spesialisthelsetenesta
  10. Økonomisk langtidsplan i Helse Vest
  11. Regional utviklingsplan (styrebehandling i desember 2026)

Korleis vi har arbeidd med planen

Utviklingsplanen er utarbeidd gjennom ein brei og inkluderande prosess. Vi har lagt vekt på å sikre god forankring gjennom både informasjon og aktiv involvering.

Føretaksleiinga og styret har sikra ei tydeleg strategisk retning med bakgrunn i regionale og nasjonale føringar. Samstundes har prosessen vore prega av brei medverknad gjennom samarbeid med føretakstillitsvalde og vernetenesta, og innspel frå brukarar, pårørande, medarbeidarar og kommunane i Helsefellesskapet.

Denne prosessen har vore viktig for å sikre eit kunnskapsbasert, realistisk og godt forankra resultat.

Tidshorisont og rullering

Utviklingsplanen har to tidshorisontar: 2027–2030 og 2027–2041.

15-årsperspektivet beskriv tilstanden vi siktar mot. Fireårsperspektivet angir delmål og prioriteringar for dei neste fire åra. Utviklingsplanen blir revidert kvart fjerde år. Det gjer at vi kan justere kursen i takt med ny kunnskap, endra rammevilkår og utviklinga i tenestene.

Et tre med blader foran en bygning
Mål

Mål - ikkje tiltak

Utviklingsplanen beskriv mål, ikkje konkrete tiltak. Måla gir retning og handlingsrom og skal danne grunnlaget for vidare planlegging, prioritering og gjennomføring. Planen blir følgd opp med fagplanar, økonomiske langtidsplanar og budsjett.

Utviklingsplanen er strukturert rundt ti mål. Desse beskriv kva Helse Fonna skal vere for pasientar, medarbeidarar og regionen i åra framover, og dannar grunnlaget for alle prioriteringar og avgjerder.

Måla skal:

  • Gi strategisk retning for prioriteringar og avgjerder.
  • Synleggjere kva vi skal oppnå, ikkje korleis vi gjer det.
  • Bli forstått i samanheng og påverke kvarandre.

Kvart mål består av:

  • Kort beskriving av ønskt framtidig tilstand.
  • Kva skal vere oppnådd innan 15 år?
  • Kva skal vere oppnådd innan 4 år?
Sist oppdatert 28.07.2026