«Innhaldet i utviklingsplanen er jobben vår. Framtida vår.»
Tillitsvalde og hovudverneombodet om utviklingsplanen.
Dei tillitsvalde og verneomboda representerer alle som jobbar i Helse Fonna. Dei er der for dei.

Også for å lage ein utviklingsplan alle medarbeidarane skal kjenne dei er ein del av.
– Nokon lurer sikkert skal vi gjere dette?
Andrika Hagfjäll er tillitsvald for sjukepleiarforbundet.
– Utviklingsplanen er ein viktig sjanse til å påverke. Innhaldet i utviklingsplanen er jobben vår. Framtida vår.
Ho jobbar saman med dei andre tillitsvalde for å skape denne framtida.
Jorge Del Pino representerer dei mange i Fagforbundet.
– Mange forstår ikkje kor viktig det er å seie frå kva dei meiner. Kanskje trur du ikkje det er nokon vits. Vi må vere involvert og eige utviklingsplanen saman. Når eg involverer meg kan eg seie det er min plan også.

Jessica Viland er her for legane i Helse Fonna.
– Eigarskap er viktig. Vi som tilsette må vite om det vi driv med. Slik kan vi gjere ein betre jobb og ha det betre på jobb. Det veit vi.
Stian Sørensen er stemma frå Delta.
– Eg vil at utviklingsplanen skal vere til å kjenne igjen for alle tilsette. Den skal ha ein raud tråd frå det vi gjer i det daglege til kva vi planlegg framover. Planen skal binde oss saman.
Randi Broch Guddal er hovudverneombod og representerer heile vernetenesta i Helse Fonna:
– Å ha ein felles plan er fundamentet vårt. Då veit alle kva vi står for. Det handlar om korleis medarbeidarane skal få gjere jobben sin, og det handlar om pasientane som treng hjelpa vår. Alt heng saman.