Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Våre mål - føresetnader

Ei berekraftig helseteneste

Helse Fonna sikrar berekraftige tenester gjennom ansvarleg og klok ressursbruk, tydelege prioriteringar og miljøansvar. Ressursane blir brukte der dei gir størst verdi for pasientane og samfunnet.

Framtidsretta bygg og formålstenleg medisinsk-teknisk utstyr bidreg til utvikling av tenestene og stabil drift over tid.

Målretta bruk av brukarvennleg teknologi og digitalisering bidreg til god ressursbruk, nære tenester og meir tid til pasientretta arbeid.

Kva skal vere oppnådd innan 15 år?

  • Føretaket leverer fagleg, økonomisk og miljømessig berekraftige tenester.
  • Føretaket har økonomisk handlingsrom og prioriteringskraft som sikrar berekraftig utvikling.
  • Ressursar blir brukte der dei gir størst verdi for pasientane og samfunnet.
  • Tenester utan dokumentert nytte eller med uønskt effekt er avgrensa i Helse Fonna og i Helsefellesskapet.
  • Tenesta er klimanøytral.
  • Bygg, infrastruktur og medisinsk-teknisk utstyr er tilpassa framtidige behov og støttar effektive pasientforløp.
  • Bygg, infrastruktur og medisinsk-teknisk utstyr er driftssikre og blir utnytta på ein måte som gir gode arbeidsforhold.

Kva skal vere oppnådd innan 4 år?

  • Føretaket har styrkt økonomisk berekraft for investering og utvikling.
  • Undersøkingar, behandlingar og kontrollar utan dokumentert nytte eller med uønskt effekt er redusert for ein vesentleg del av fagområda.
  • Miljømål og berekraftige omsyn er integrerte i drift og utvikling av nye løysingar.
  • Digitale arbeidsprosessar og bruken av tilgjengeleg teknologi er optimaliserte.
  • Pasientar og medarbeidarar opplever digitale løysingar som nyttige og brukarvennlege.
  • Behov knytt til bygg, infrastruktur og medisinsk-teknisk utstyr er prioriterte ut frå pasientforløp, driftstryggleik og arbeidsmiljø, og byggjer på framtidige behov.
Sist oppdatert 28.07.2026