Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Våre mål - for pasientar og samfunn

En fremtidsrettet og lærende helsetjeneste i kontinuerlig utvikling

Helse Fonna er ein framtidsretta og lærande organisasjon med høg evne til endring, fagutvikling og kontinuerleg forbetring.

Forsking, innovasjon, utdanning og systematisk forbetringsarbeid er integrerte og sentrale delar av føretaket si verksemd og bidreg til utvikling, fagleg kvalitet og rask bruk av ny kunnskap i tenestene.

Gjennom læring på tvers, nye arbeidsformer og målretta bruk av teknologi blir evna til å møte nye behov og framtidige utfordringar styrkt.

Kva skal vere oppnådd innan 15 år?

  • Forsking, innovasjon og forbetring er integrerte delar av ordinær drift i heile føretaket.
  • Ny kunnskap blir systematisk og raskt teken i bruk i tenestene.
  • Læring på tvers av føretaka i Vest, fagområde, lokasjonar og nivå er ein etablert del av kulturen.
  • Teknologi blir brukt målretta for å styrkje fagleg kvalitet, arbeidsprosessar og pasienttilbod.
  • Digitale forløp er ein integrert del av helsetenesta og bidreg til samanhengande, tilgjengelege og effektive pasientforløp.

Kva skal vere oppnådd innan 4 år?

  • Alle avdelingar har forbetringsprosjekt.
  • Alle klinikkar har innovasjonsprosjekt.
  • Alle klinikkar har lokalt initierte kliniske forskingsprosjekt.
  • Utviklingsarbeid er tydeleg forankra i prioriterte område og gir dokumenterbar nytte for tenestene.
  • Læring og erfaringsdeling gir varige praksisendringar på tvers i føretaket.
  • Nye arbeidsformer og teknologi blir brukte i drift der dei styrkjer kvalitet, arbeidsprosessar eller pasienttilbod.
  • Digitale kontaktar aukar med minst 50 prosent per år.
Sist oppdatert 28.07.2026