Våre mål - for pasientar og samfunn
Ein aktiv og synleg samfunnsaktør
Helse Fonna bidreg til utvikling i regionen gjennom samarbeid, kunnskapsdeling og openheit.
Samhandling med kommunane, Helsefellesskapet, utdanningsinstitusjonar, dei andre helseføretaka i regionen, næringsliv og andre aktørar fremjar innovasjon, kompetanseutvikling og felles løysingar til beste for pasientar og samfunn.
Tydeleg kommunikasjon, formidling og auka helsekompetanse hos innbyggjarar, brukarar og pårørande byggjer tillit, styrkjer omdømmet og gjer Helse Fonna til ein tydelegare samfunnsaktør.
Kva skal vere oppnådd innan 15 år?
- Helse Fonna er ein tydeleg og anerkjend samfunnsaktør i regionen.
- Føretaket er eit fagleg fyrtårn innan utvalde område.
- Forsking og innovasjon skjer i samarbeid med kommunar, utdanningsinstitusjonar og næringsliv.
- Føretaket har etablerte arenaer og strukturar for kunnskapsdeling og regional utvikling, og støttar førebyggjande helsearbeid.
- Tydeleg kommunikasjon og formidling sikrar god helsekompetanse og tillit i befolkninga.
- Føretaket er ei tydeleg røyst som identifiserer og synleggjer regionen sine behov og utfordringar.
- Helseklyngja bidreg til betre og meir berekraftige helsetenester og innovasjon i regionen.
Kva skal vere oppnådd innan 4 år?
- Helse Fonna deltek aktivt i relevante arenaer for å fremje samarbeid, utvikling og synleggjere regionen sine behov og utfordringar.
- Helsecampus er realisert som arena for samarbeid, innovasjon og tenesteutvikling.
- Føretaket har synlege fagområde med regional eller nasjonal spisskompetanse.
- Samarbeid om forsking, innovasjon og kompetanse gir konkrete bidrag til tenesteutvikling i regionen.
- Samfunnsrolla blir brukt tydeleg til kunnskapsdeling, forankring av nødvendige endringar og prioriteringar, og til å styrkje førebyggjande helsetenester gjennom Helsefellesskapet.
Sist oppdatert 28.07.2026