Våre mål - føresetnader
Eitt Helse Fonna med felles retning i Helse Vest
Helse Fonna er eitt samla føretak med tydeleg felles retning, kultur og ansvar.
God intern samhandling, målretta organisasjonsutvikling og tydeleg funksjonsfordeling styrkjer kvalitet, tryggleik og heilskap i tenestene.
Helse Fonna bidreg aktivt til å sikre gode og berekraftige tenester i Helse Vest-regionen i samspel med dei andre helseføretaka.
Kva skal vere oppnådd innan 15 år?
- Føretaket er eitt samla helseføretak med tydeleg felles retning, kultur og ansvar.
- Pasientane opplever Helse Fonna som eit heilskapleg føretak med god samordning på tvers av lokasjonar og fagområde.
- Gjennomgåande fagmiljø og felles forløp er etablerte på tvers av lokasjonar og fagområde.
- Funksjonsfordeling og organisering styrkjer kvalitet, tryggleik og heilskap i tenestene.
- Helse Fonna utviklar seg i samspel med dei andre helseføretaka og bidreg til heilskaplege løysingar i regionen.
Kva skal vere oppnådd innan 4 år?
- Føretaket blir utvikla med felles retning, ansvar og prioritering.
- Funksjonsfordeling og organisering er gjennomførte på prioriterte område.
- Kompetanse og kapasitet blir utnytta samla og blir brukt fleksibelt på tvers av lokasjonar og einingar.
- Prioriterte fagmiljø og pasientforløp er organiserte heilskapleg på tvers av føretaket.
- Felles prioriteringar blir omsette i praksis i heile føretaket.
- Samspelet med dei andre helseføretaka og Helse Vest gir samordna løysingar for pasientar og tenester.
Sist oppdatert 28.07.2026