Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Våre mål - føresetnader

Leiing for godt arbeidsmiljø og utvikling

Leiarar i Helse Fonna har nødvendig kompetanse og skaper retning, utvikling og gjennomføringsevne gjennom engasjement, involvering og tydeleg leiing.

Vi har ein utviklingsorientert leiarkultur med tydelege forventningar og evne til endring som sikrar at vi når måla for verksemda.

I Helse Fonna har vi eit arbeidsmiljø prega av tryggleik og tillit, der vi saman skaper rom for utvikling, forbetring og nødvendig endring. Arbeidsmiljøet blir forma i samspel mellom leiing, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta.

Kva skal vere oppnådd innan 15 år?

  • Leiing er eit strategisk fortrinn og sikrar gjennomføringskraft i Helse Fonna.
  • Føretaket har god leiarmobilisering.
  • Leiarar på alle nivå har nødvendig kompetanse, rolleforståing og gjennomføringsevne til å ta ansvar og skape resultat.
  • Leiarane tek avgjerder med ansvar for føretaket sine samla behov og heilskaplege utvikling.
  • Leiarlinja samhandlar, prioriterer og omstiller på ein måte som gir tillit og måloppnåing i samarbeid med tillitsvalde og verneombod.
  • Ein god leiarkultur gir tydeleg retning, involvering og gjennomføringskraft i utviklinga av tenestene.
  • Leiarar tek ansvar for eit helsefremjande arbeidsmiljø, nærvær og tilrettelegging, slik at medarbeidarar kan stå i arbeid gjennom ulike livsfasar.
  • Arbeidsmiljøet er prega av tryggleik, tillit og rom for utvikling og ønskt endring.

Kva skal vere oppnådd innan 4 år?

  • God leiing gir tydeleg retning, prioriteringskraft og gjennomføringsevne med ansvar for føretaket sine samla behov.
  • Forventningar til leiarrolla er avklarte og blir brukte aktivt i styring, oppfølging og leiarutvikling.
  • Leiarar har kompetanse, støtte og verktøy til å leie drift, utvikling og endring.
  • Leiarar tek ansvar for arbeidsmiljø, nærvær og arbeidsdeltaking gjennom systematisk oppfølging, tilrettelegging og partssamarbeid.
  • Samarbeidet med tillitsvalde og vernetenesta bidreg til gjennomføring av utvikling, endring og omstilling.
Sist oppdatert 28.07.2026