Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Våre mål - føresetnader

Medarbeidarar som drivkraft

Medarbeidarane er Helse Fonna sin viktigaste ressurs og drivkraft i utviklinga av trygge, nære og framtidsretta tenester.

Gjennom tillit, medverknad og rom for fagleg initiativ blir det skapt eigarskap, stoltheit og ein sterk kultur for læring og forbetring.

Dette gir grunnlag for å rekruttere, utvikle og behalde tidsriktig og relevant kompetanse i heile organisasjonen.

Kva skal vere oppnådd innan 15 år?

  • Helse Fonna er ein attraktiv arbeidsplass og eit føretrekt val i regionen.
  • Medverknad, eigarskap, stoltheit og fagleg initiativ pregar arbeids- og utviklingskulturen i heile føretaket.
  • Delte stillingar mellom kommune og helseføretak bidreg til robuste fagmiljø og betre ressursutnytting i heile opptaksområdet.
  • Oppgåver blir løyste på rett kompetansenivå i heile føretaket.
  • Medarbeidarane har nødvendige ressursar, kompetanse og støtte til å ta ansvar, skape resultat og bidra til føretaket sine mål.
  • Medarbeidarar tek i bruk ny teknologi og nye arbeidsformer som gir betre ressursbruk og berekraftige tenester.
  • Føretaket utviklar og beheld relevant og tidsriktig kompetanse i heile organisasjonen.
  • Medarbeidarar med høgt arbeidsnærvær er ei sentral drivkraft i tenestene.

Kva skal vere oppnådd innan 4 år?

  • Medarbeidarane sin kompetanse blir utvikla systematisk og støttar kvalitet, utvikling og nye arbeidsformer.
  • Føretaket har styrkt evna til å behalde, utvikle og rekruttere relevant kompetanse.
  • Føretaket utnyttar kompetanse på tvers av lokasjonar og tilbyr fleksible arbeidsformer som styrkjer rekruttering, stabilitet og tilgang på kompetanse.
  • Føretaket har etablert fleksible arbeidsformer i samarbeid med kommunane som ivaretar behovet for kompetanse og kompetanseutvikling for begge partar.
  • Føretaket har teke i bruk arbeidsformer som reduserer bemanningsbehovet og samstundes styrkjer kvalitet, tilgjengelegheit og pasienttryggleik.
  • Auka nærvær sikrar stabil bemanning og godt arbeidsmiljø.
Sist oppdatert 28.07.2026