Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Våre mål - for pasientar og samfunn

Rask tilgang til trygge og nære helsetenester av høg kvalitet

Helse Fonna sikrar pasientane rask tilgang til trygge og opplevd nære helsetenester, med utgangspunkt i pasienten sine heilskaplege behov. Brukarvennleg teknologi og digitale løysingar styrkjer tilgjengelegheit, oppfølging og tryggleik – uavhengig av kvar pasienten bur.

Pasientar og pårørande opplever nærleik, føreseielegheit og tryggleik i møte med helsetenesta.

Høg kvalitet er kjenneteikna av kunnskapsbaserte og fagleg sterke tenester, høg pasienttryggleik og gode pasientopplevingar i Helse Fonna. Tenestene har minst mogleg uønskt variasjon og er i tråd med beste praksis.

Innbyggjarane får eit likeverdig tilbod, uavhengig av kven dei er og kvar dei bur.

Kva skal vere oppnådd innan 15 år?

  • Pasientane har, og opplever, rask tilgang til trygge og nære helsetenester.
  • Tenestene er kjenneteikna av høg pasienttryggleik, gode pasientopplevingar og liten uønskt variasjon.
  • Føretaket har robuste fagmiljø og tilstrekkeleg kompetanse til å sikre høg kvalitet og trygge tenester.
  • Digitale tenester og heimebasert oppfølging er ein integrert del av tilboda.
  • Tenesta er tydeleg differensiert og prioritert slik at pasientane får hjelp på rett nivå, til rett tid og på riktig måte i samarbeid med kommunehelsetenesta.
  • Innbyggjarane opplever eit likeverdig tilbod, og føretaket bruker samla kapasitet og kompetanse for å sikre dette.

Kva skal vere oppnådd innan 4 år?

  • Tid til vurdering og oppstart av behandling er innanfor måltal på alle fagområde.
  • Systematisk prioritering og målretta kompetanseoppbygging styrkjer tilgjengelegheit og kvalitet.
  • Kloke val er etablerte i regionen.
  • Digitale kontaktflater, konsultasjonar og heimebaserte løysingar blir brukte som ordinære delar av tenestetilbodet.
  • Felles tilvisingsmottak er etablert for alle relevante fagområde.
  • Pasientflyt og kapasitetsutnytting er forbetra på tvers av fagområde.
  • Robuste fagmiljø er styrkte gjennom organisering, samarbeid og betre bruk av samla kompetanse.
  • Innbyggjarane opplever eit likeverdig tilbod.
  • Føretaket bruker samla kapasitet og kompetanse for å sikre rett hjelp på rett nivå.
Sist oppdatert 28.07.2026