Våre mål - for pasientar og samfunn
Robust beredskap og tryggleik
Helse Fonna har ein sterk og heilskapleg beredskap som sikrar trygg drift og kontinuitet i tenestene ved kriser, alvorlege hendingar og tryggingspolitiske situasjonar, inkludert krig.
Klare ansvarsforhold, øvd samhandling og ein sterk tryggleikskultur ivaretar pasientar, medarbeidarar og samfunnet sine behov.
Digital tryggleik, informasjonstryggleik og forsyningstryggleik vernar kritisk infrastruktur og støttar stabile og pålitelege helsetenester under alle forhold. Beredskapen er dimensjonert for eit komplekst trusselbilete i opptaksområdet med kritisk energi- og industriverksemd.
Pasientar, medarbeidarar og samfunnet har tillit til beredskapsevna i Helse Fonna.
Kva skal vere oppnådd innan 15 år?
- Helse Fonna opprettheld forsvarleg drift og kontinuitet i tenestene også ved langvarige og samansette kriser.
- Føretaket samhandlar forpliktande med relevante aktørar og handterer kriser koordinert, raskt og effektivt.
- Tryggleikskultur og beredskapstenking er ein naturleg del av leiing, drift og planlegging.
- Digital tryggleik, informasjonstryggleik og forsyningstryggleik vernar kritisk infrastruktur og sikrar stabile helsetenester, med beredskap som premiss.
- Føretaket har utfyllande planar med kommunane, Helse Vest og andre aktørar om beredskap og krisehandtering.
- Bygg, teknologi, kompetanse og forsyningslinjer er utvikla med beredskap som premiss.
- Pasientar, medarbeidarar og samfunnet har tillit til føretaket si beredskapsevne.
Kva skal vere oppnådd innan 4 år?
- Tryggleik og beredskap er integrerte i drift, leiing og planlegging.
- Ansvar, roller og forventningar innan beredskap er tydelege i heile føretaket.
- Beredskapsplanverk og øving inngår i ordinær drift og leiing.
- Føretaket har nødvendig kompetanse til å førebyggje, oppdage og handtere hendingar innan digital tryggleik og informasjons- og forsyningstryggleik.
- Beredskapen er samordna med kommunane, Helse Vest og andre relevante aktørar, med avklarte roller og samordna handtering.
- Felles beredskapsplanar mellom føretaket og kommunane er etablerte.
- Roller og samhandlingslinjer ved alvorlege hendingar er avklarte og øvde.
Sist oppdatert 28.07.2026