Våre mål - for pasientar og samfunn
Samanhengande pasientforløp med aktiv brukarmedverknad
Pasientane opplever heilskaplege forløp med god samhandling på tvers av lokasjonar, fagområde og tenester i føretaket.
Forløpa byggjer på tydeleg ansvar, gode overgangar og samarbeid mellom Helse Fonna, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartnarar. Helsefellesskapet er ein sentral arena for felles prioriteringar og utvikling, slik at pasienten får oppfølging på rett nivå til rett tid.
Aktiv brukarmedverknad og styrkt helsekompetanse hos pasientar og pårørande bidreg til informerte val, medverknad og betre opplevingar gjennom heile forløpet.
Kva skal vere oppnådd innan 15 år?
- Pasientane opplever samanhengande og koordinerte forløp.
- Oppfølging skjer på rett nivå til rett tid, med tydeleg ansvar og saumlauste overgangar mellom føretaket og kommunehelsetenesta.
- Pasientar og pårørande tek informerte val og medverkar aktivt i eiga behandling og oppfølging.
- Helse Fonna er ein tydeleg pådrivar for førebygging og styrkt helsekompetanse i befolkninga, i samarbeid med kommunane og Helsefellesskapet.
- Digitale løysingar støttar saumlauste og tilgjengelege forløp.
- Helse Fonna og kommunane tilbyr samanhengande tenester for pasientgrupper med samansette og langvarige behov.
Kva skal vere oppnådd innan 4 år?
- Fire prioriterte felles pasientforløp mellom føretaket og kommunane er etablert.
- Arbeidet med fire nye felles pasientforløp mellom føretaket og kommunane er starta.
- Helsefellesskapet bidreg effektivt til å sikre god samhandling i regionen.
- Dei faglege samarbeidsutvala (FSU) realiserer pasientane sine interesser på ein rask og god måte.
- Pasientar med behov for koordinering blir identifiserte tidleg og får koordinert og heilskapleg oppfølging på tvers av nivå.
- Aktiv brukarmedverknad og samval er integrerte delar av tenestene.
- Helsekompetansen hos pasientar og pårørande styrkjer evna til å medverke i eiga behandling og oppfølging.
- Digitale løysingar blir brukte til informasjon, dialog, eigenoppfølging og samhandling i pasientforløpa.
Sist oppdatert 28.07.2026