Våre mål - føresetnader
Utdanning med høg kvalitet
Helse Fonna er ei viktig drivkraft for kompetanseutvikling i regionen.
Gjennom gode praksisplassar, læreplassar, fagleg rettleiing og tett samarbeid med utdanningsinstitusjonar bidreg føretaket til relevant og framtidsretta kompetanse for behova i helsetenesta.
Dette styrkjer kvaliteten i utdanningsløpa, framtidig rekruttering og føretaket si evne til å møte endra kompetansebehov.
Kva skal vere oppnådd innan 15 år?
- Helse Fonna har kapasitet til å utdanne og vidareutdanne nødvendig personell i samarbeid med utdanningssektoren, kommunane og regionen.
- Forskings- og utviklingskompetanse er ein integrert del av fagmiljøa og styrkjer kvaliteten i pasientbehandlinga.
- Føretaket er sjølvrekrutterande for nøkkelkompetanse på prioriterte område.
Kva skal vere oppnådd innan 4 år?
- Kapasitet og kvalitet i praksis, rettleiing og utdanningsløp er styrkte.
- Vestlandslegen er etablert.
- Utdanning er integrert i klinisk drift, fagutvikling og kompetanseplanlegging.
- Samarbeidet med utdanningsinstitusjonar, kommunar og regionale aktørar gir betre samsvar mellom utdanning og framtidige kompetansebehov.
- Relevante læringsarenaer er etablerte på område med særleg behov for rekruttering og kompetanseutvikling.
- Utdanningsarbeidet gir betre grunnlag for rekruttering, robuste fagmiljø og stabil kompetanse.
Sist oppdatert 28.07.2026