Helse Fonna bruker “Tale til utkast”
Vi tar gradvis i bruk “Tale til utkast” for å betre dokumentasjonen av helsehjelpa du får. Det som skjer er at korte lydklipp blir spelt inn undervegs i samtalen og gjort om til tekst.
Altså blir kunstig intelligens brukt som støtte når behandlaren din utarbeidar eit journalnotat. Notatet blir lagra i journalen din.
Slik sikrar vi nøyaktig dokumentasjon og reduserer den administrative tida for helsepersonell.
Personvern og tryggleik
Lydklippa blir automatisk sletta når dei er omgjorde til tekst. Det skjer fortløpande etter 5–10 sekund.
Journalnotatet blir kvalitetssikra og godkjent av behandlar før det blir registrert i journalen din.
Du kan som vanleg sjå journalnotatet ditt på helsenorge.no så snart det er godkjent av behandlaren din.
Alle personopplysningar blir behandla i samsvar med europeisk personvernlovgiving.
Les meir
Personvernerklæring for Helse Fonna - Helse Fonna HF
Frå media
Dette superverktøyet overrasket legen (TV2)
Fastlegar tar lydopptak av pasientane (NRK)
Fastlegen om bruk av kunstig intelligens: – Fått mer tid til å puste (Tidsskriftet)