Helseregistre
Helseregistre blir brukt for å betre kvaliteten og gjennomføre forsking i helsetenesta. Registra baserer seg på innsamling av data frå pasientjournalar.
Som pasient har du høve til å reservere deg («reservasjonsretten») mot at nokre opplysningar om deg blir registrert, lagra eller utlevert (behandla).
Nærmare informasjon om reservasjonsretten med meir, finn du på heimesidene til:
Folkehelseinstituttet Mammografiprogrammet til KreftregisteretMasseundersøkelsen mot livmorhalskreft hos Kreftregisteret
Når det gjeld forsking er det ein generell reservasjonsrett for bruk av biologisk materiale.
Skjema finn du hos Folkehelseinstituttet.Du kan altså sjølv ta kontakt med det enkelte helseregister, for å få meir informasjon om registeret og korleis opplysningar om deg kan brukast.
Nasjonalt traumeregister
Blir du behandla for alvorlege skadar i Noreg registrerast dette i eit nasjonalt traumeregister (skaderegister). Det registrerast ikkje namn eller fødselsnummer i dette nasjonale registeret, kun ein kode, slik at opplysingane er indirekte identifiserbare.
Du har rett til å få innsyn i dei opplysingar som er registrert om deg, samt å be om å bli anonymisert i registeret.
Har du spørsmål om registeret eller dersom du ønskjer å bli anonymisert i registeret, kan du kontakte Nasjonalt traumeregister, telefonnummer 22 11 79 53.