Innsyn i pasientjournal
Du kan lese utvalde dokument frå pasientjournalen din på nett. Pasientjournalen inneheld informasjon om undersøkingar og behandling du har fått. Du har rett til å sjå kva som står i journalen og kven som har sett opplysningane i journalen.
Slik gjer du det:
For å bruke denne tenesta på nett, må du logge inn på helsenorge.no. Under området Pasientjournal finn du utvalde dokument frå journalen din, og du kan sjå kven som har arbeidd med dei.
Foreldre til barn under 12 år kan nå bruke tenester på helsenorge.no på vegner av barna sine.
Les meir om korleis du bruker Helsenorge.no på veigne av andre
Merk: ikkje alle journaldokument kan visast digitalt. Dersom du vil lese heile journalen, må du be om utskrift på papir.
Be om utskrift eller endring i pasientjournalen
Vil du ha pasientjournalen din på papir?
Då kan du bruke dette skjemaet:
Be om utskrift av pasientjournal med elektronisk skjema
Du kan også skrive ut dette skjemaet på papir: Førespurnad om journalkopi. Når du har fylt ut skjemaet, kan du sende det til oss.
Sjå Kontakt Helse Fonna - Helse Fonna HF
Vil du sjå kven som har arbeidd i journalen din?
Då kan du be om tilgangsloggen:
Be om utskrift av tilgangslogg med elektronisk skjema
Har du funne feil i journalen din?
Då kan du be om å få retta opplysningane:
Be om endring i pasientjournal med elektronisk skjema
Har du spørsmål om oppslagene som er gjort i pasientjournalen din?
Då kan du bruke dette skjemaet:
Stille spørsmål om oppslag i pasientjournal med elektronisk skjema
Les alt om pasientjournal på helsenorge.no
Er du ikkje Helsenorge-brukar?
Dersom du ikkje har ein brukarprofil på helsenorge.no, eller treng hjelp til å finne fram, kan du kontakte Veiledningstenesta på telefon 23 32 70 00.
Rettane dine ved deling av helseopplysningar
Når helsepersonell har tilgang til viktige helseopplysningar om deg, kan dei gi deg trygg og god behandling. Berre dei som kan dokumentere at dei treng tilgang, har lov til å lese opplysningane dine. Dersom det er informasjon du ikkje vil dele, kan du endre personverninnstillingane dine på Helsenorge.