Raskare tilbake-ordninga blir lagt om frå 2018

Frå 1. januar 2018 blir ordninga "Raskare tilbake" lagt om. Pasientar vil framleis ha eit tilbod om arbeidsretta behandling og skal tilvisast til spesialisthelsetenesta som før.

Fastlegar skal framleis fokusere på å leggje til rette for deltaking i arbeid eller utdanning når dei snakkar med pasientar som dette gjeld for. Helse Fonna har tilbod om arbeidsretta behandling innan psykisk helse og muskel-/skjelettlidingar.

Tilvisingar vil bli behandla på same måten som for andre pasientar, og pasientane vil få sine rettar vurderte i tråd med dei prinsippa som gjeld for prioritering. Det er viktig at tilvisinga har informasjon om arbeidsdeltaking, også eventuelt deltaking i skule og utdanning.

Fritt behandlingsval og fritt rehabiliteringval gjeld på same måte som for andre pasientar.

Les om ordninga hos Helse Vest

Raskare tilbake-ordninga blir lagt om frå 2018 ved at tilskotsmidlar til behandlingstenester retta mot personar som er sjukmelde eller står i fare for å bli det (Raskare tilbake-løyvinga), blir overført til dei regionale helseføretaka sine ordinære løyvingar for pasientbehandling.

Dette har fått tilslutning ved behandlinga av Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjettforslag for 2018 i Stortinget, sjå Prop. 1 S (2017-2018).

Omlegginga som er foreslått byggjer på gjennomgang og tilrådingar frå dei regionale helseføretaka om å vidareføre tverrfaglege, kunnskapsbaserte og arbeidsretta behandlingstilbod for personar med angst og depresjon og for personar med muskel- og skjelettlidingar. På denne måten blir alle øyremerkte midlar til Raskare tilbake-formål samla i ordinær budsjettramme og legg til rette for vidareføring og vidareutvikling av gode tilbod til store grupper sjukmelde.

Målet med omlegginga er eit meir likeverdig tenestetilbod til alle grupper med pasientar, tufta på gjeldande prinsipp for prioritering. Omlegginga vil bli evaluert.

Raskere tilbake-koordinator i Helse Fonna: Wenche Jakobsen, tlf. 52 73 20 73.

Sist oppdatert 17.01.2018