Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rett til vurdering og nødvendig helsehjelp

Sjukehuset skal vurdere tilvisinga di innan 10 arbeidsdagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom, skal vurderinga skje raskare. Du får skriftleg tilbakemelding om resultatet av vurderinga og kva rettar du får som pasient.

Vurderinga får eitt av følgande resultat:

1 Du får rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta

Du får ein fristdato for når helsehjelpa seinast skal starte, enten i form av utgreiing eller behandling. Unge under 23 år innanfor psykisk helsevern og rus har rett til start av helsehjelp innan maksimalt 65 arbeidsdagar. For alle andre pasientar gjeld fagleg forsvarlegheit, altså ikkje fastsette fristar (helsedirektoratet.no).

Du får informasjon om tidspunkt for første oppmøte på sjukehuset, enten ein konkret time eller kva veke vi ventar å gi deg ein time.

Kva kan du gjere mens du ventar?

Dersom du i ventetida treng hjelp til å meistre kvardagen med helseplager og sjukdom, etter sjukehuset vurderer at behovet for helsehjelp blir best varetatt av andre enn spesialisthelsetenesta, kan du kontakte fastlegen, eller kommunale tenester som ikkje krev tilvising.

  • frisklivssentralen
  • rask psykisk helsehjelp

Frisklivssentralen

Frisklivssentral er ei kommunal helseteneste for deg som har auka risiko for sjukdom eller som allereie har ein sjukdom.

Her kan du få støtte frå helsepersonell til å endre levevanar og meistre kvardagen med helseplager.

Frisklivssentralen har både individuelle og gruppebaserte tilbod og kan hjelpe deg til å:

  • bli meir fysisk aktiv
  • få eit sunnare kosthald
  • sove betre
  • slutte med snus eller røyk
  • få det betre psykisk
  • meistre kvardagen med helseplager

Å delta i tilbodet kan minske risikoen for å bli sjuk, bremse utviklinga av sjukdom eller vere ein del av ei behandling eller rehabilitering. Frisklivssentralen har også oversikt over tenester og lokale tilbod og hjelper deltakarane til å finne tilbod som passar for dei.

Sjå kva kommunar som har denne helsetenesta, på helsenorge.no

Rask psykisk helsehjelp

Rask psykisk helsehjelp er eit kommunalt, lågterskel behandlingstilbod for personar over 16 år med ulike typar angst, og mild eller moderat depresjon. Her kan du også få hjelp med søvnproblem og begynnande rusmiddelproblem.

For meir informasjon, sjå: Psykisk helsehjelp for vaksne – Helsenorge

Digitale tilbod på Helsenorge

2 Du har ikkje behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta

Det vil seie at sjukehuset har vurdert at behovet for helsehjelp blir best varetatt av fastlegen eller andre delar av helsetenesta.

Kopi av vurderinga, og eventuelle seinare epikriser blir send til fastlegen din og til den som har tilvist deg. Gi sjukehuset beskjed om du ikkje ønsker dette.

Kva kan du gjere?

Dersom sjukehuset har vurdert at di helsehjelp best blir varetatt av andre, kan du kontakte fastlegen din for vidare oppfølging.

Dersom du treng hjelp til å endre levevanar eller meistrar kvardagen med sjukdom kan du også ta direkte kontakt med kommunale helsetenester som ikkje krev tilvising:

Frisklivssentralen

Frisklivssentral er ei kommunal helseteneste for deg som har auka risiko for sjukdom eller som allereie har ein sjukdom. Her kan du få støtte frå helsepersonell til å endre levevanar og meistrar kvardagen med helseplager.

Frisklivssentralen har både individuelle og gruppebaserte tilbod og kan hjelpe deg til å:

  • bli meir fysisk aktiv
  • få eit sunnare kosthald
  • sove betre
  • slutte med snus eller røyk
  • få det betre psykisk
  • meistre kvardagen med helseplager

Å delta i tilbodet kan minske risikoen for å bli sjuk, bremse utviklinga av sjukdom eller vere ein del av ei behandling eller rehabilitering. Frisklivssentralen har også oversikt over tenester og lokale tilbod og hjelper deltakarane til å finne tilbod som passar for dei.

Sjå kva kommunar som har denne helsetenesta, på Helsenorge.no

Rask psykisk helsehjelp

Digitale tilbod på Helsenorge

Rask psykisk helsehjelp er eit kommunalt, lågterskel behandlingstilbod for personar over 16 år med ulike typar angst, og mild eller moderat depresjon. Her kan du også få hjelp med søvnproblem og begynnande rusmiddelproblem.

For meir informasjon, sjå: Psykisk helsehjelp for vaksne – Helsenorge.no

Digitale tilbod på Helsenorge

Rett til fornya vurdering

Vurderinga av rett til helsehjelp er gjort av ein spesialist. Ønsker du ei ny vurdering, må du kontakte fastlegen din. Du kan sjølv velje kva sjukehus fastlegen skal sende tilvisinga til.

Om rett til nødvendig helsehjelp og vel behandlingsstad – helsenorge.no

Sist oppdatert 19.12.2024