Rett til vurdering og nødvendig helsehjelp
Sjukehuset skal vurdere tilvisinga di innan 10 arbeidsdagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom, skal vurderinga skje raskare. Du får skriftleg tilbakemelding om resultatet av vurderinga og kva rettar du får som pasient.
Vurderinga får eitt av følgande resultat:
1 Du får rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta
Du får ein fristdato for når helsehjelpa seinast skal starte, enten i form av utgreiing eller behandling. Unge under 23 år innanfor psykisk helsevern og rus har rett til start av helsehjelp innan maksimalt 65 arbeidsdagar. For alle andre pasientar gjeld fagleg forsvarlegheit, altså ikkje fastsette fristar (helsedirektoratet.no).
Du får informasjon om tidspunkt for første oppmøte på sjukehuset, enten ein konkret time eller kva veke vi ventar å gi deg ein time.
2 Du har ikkje behov for helsehjelp frå spesialisthelsetenesta
Det vil seie at sjukehuset har vurdert at behovet for helsehjelp blir best varetatt av fastlegen eller andre delar av helsetenesta.
Kopi av vurderinga, og eventuelle seinare epikriser blir send til fastlegen din og til den som har tilvist deg. Gi sjukehuset beskjed om du ikkje ønsker dette.
Rett til fornya vurdering
Vurderinga av rett til helsehjelp er gjort av ein spesialist. Ønsker du ei ny vurdering, må du kontakte fastlegen din. Du kan sjølv velje kva sjukehus fastlegen skal sende tilvisinga til.
Om rett til nødvendig helsehjelp og vel behandlingsstad – helsenorge.no