Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Brukarutvalet i Helse Fonna

Referat frå Brukarutvalet

Referat frå Brukarutvalet 6. oktober 2026

Dato: 06.10.2026
Tid: 12.00-15.00
Stad: Haugesund sjukehus
Møtenummer: 5/2026
Arkivreferanse:2026/1108 - 41813/2026

Deltakarar

  • Geir Charles Grindheim
  • Karl Olaf Sundfør
  • Hilde Elisabeth Lewin Warren
  • Ole Johan Jensen
  • Anne Gurine Sætre
  • Anne Karin Sørdahl
  • Nils Reiersen
  • Mia Therese Pedersen
  • Forfall: Kjersti Vinje

Sak 44/26 Godkjenning av agenda og referat

Agenda og referat frå 08.09.2026 vart godkjende. Det vart meldt inn éi sak til eventuelt.
Ny samhandlingssjef, Ingeborg Skjøllingstad, deltok på møtet. Det vart gjennomført ei kort presentasjonsrunde, og Brukarutvalet ønskte henne velkomen og uttrykte ønskje om eit godt samarbeid framover.

Sak 45/26 Ungdomsrådet

Ingen representantar frå Ungdomsrådet hadde høve til å møte. Brukarutvalet understreka kor viktig det er med eit tett samarbeid mellom Ungdomsrådet og Brukarutvalet, og ønskjer at ungdomsperspektivet vert involvert og ivareteke i saker som gjeld utvikling av tenestene i Helse Fonna. Utvalet ser det som viktig å leggje til rette for god dialog og vidare involvering av Ungdomsrådet i aktuelle saker og prosessar.

Sak 46/26 Avdeling for helsekompetanse

Kjersti Tollaksen orienterte om etableringa av Avdeling for helsekompetanse i Helse Vest. Den regionale kompetansetenesta for helsekompetanse og meistring og dei lokale lærings- og meistringstenestene skal samlast i ei felles avdeling. Målet er å styrkje pasient- og pårørandeopplæring, utvikle og samordne lærings- og meistringstilbod, ta i bruk digitale løysingar og styrkje helsekompetansen hos pasientar og pårørande. Den nye avdelinga skal òg bidra til kunnskapsdeling, regionalt samarbeid og auka brukarmedverknad.

Sak 47/26 Informasjon frå administrerande direktør

Administrerande direktør Anders Hovland orienterte om digitalisering, fødetilbod, diabetes/endokrinologi og status innan psykisk helse og rus. Overdødelegheit vart peika på som ei alvorleg utfordring. Samstundes vart det vist til at ventetidene er reduserte, robotkirurgi er under innføring, og digitale tenester skal bidra til større nærleik til pasientane.

Brukarutvalet tok opp spørsmål knytte til dialogen og kommunikasjonen omkring tenestetilbodet ved Stord sjukehus. Administrerande direktør opplyste at dialogen fremdeles er utfordrande, då saka involverer mange partar og interesser. Han uttrykte likevel forventning om at partane gjennom vidare dialog vil kome fram til gode løysingar og semje.

Når det gjeld diabetesoppfølging, orienterte administrerande direktør om at det er betre tilgang på endokrinolog ved Haugesund sjukehus, noko som gjer det mogleg å tilby fleire konsultasjonar der. Samstundes vil pasientar på Stord framleis få poliklinisk oppfølging hos sjukepleiar lokalt.

Brukarutvalet peika vidare på at dei hadde fått informasjon om fleire organisatoriske endringar i klinikkane, mellom anna knytte til flytting og samanslåing av avdelingar. Utvalet understreka at slike endringar kan få stor betydning for pasientar og pårørande, og etterlyste tidlegare og meir systematisk involvering av Brukarutvalet i større omstillings- og organisasjonsprosessar. Administrerande direktør tok innspelet til orientering.

Administrerande direktør orienterte også om endringar i ferieavviklinga frå 2027. For å sikre forsvarleg drift og betre ressursutnytting vert ferieavviklinga delt inn i tre ferieperiodar. Vidare orienterte administrerande direktør om fødeverksemda i Helse Fonna. Det vert arbeidd med organisatoriske endringar der fødeavdelingane skal samlast under éi felles leiing. Det kan også bli endringar i drifta av fødetilbodet framover. Brukarutvalet peika på at dette er endringar som kan få stor betydning for pasientar og pårørande og understreka behovet for god informasjon og reell brukarmedverknad i den vidare prosessen.

Brukarutvalet nytta også høvet til å gi administrerande direktør ei tilbakemelding på erfaringane sine med brukarmedverknad i Helse Fonna. Utvalet uttrykte at dei er godt nøgde med måten dei vert møtte på i prosjekt, arbeidsgrupper og utval. Medlemmene opplever at dei vert lytta til, tekne med på råd og inkluderte i prosessar der brukarperspektivet er viktig. Brukarutvalet meiner dei vert oppfatta som ein viktig samarbeidspart og bidreg aktivt i utviklinga av tenestene. Administrerande direktør takka for tilbakemeldinga og understreka verdien av brukarmedverknad i føretaket.

Sak 48/26 Beredskapssituasjonen i Helse Fonna

Fritz Arne Lilleskog orienterte om beredskap og totalforsvar. Helseføretaka må planleggje for både kriser og krig, og samarbeid mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta vart framheva som avgjerande for å sikre ei robust helseteneste.

Sak 49/26 Informasjon frå leiar og nestleiar

Det vart orientert frå styremøte og kvalitetsutval. Helse Fonna har økonomiske utfordringar med om lag 60 millionar kroner i underskot. Ventetidene går ned, medan kostnadene til innleige og legemiddel held fram med å auke.
Kvalitetsutvalet handsama mellom anna saker om pasientidentifikasjon, samhandling, ventetider, medisinteknisk utstyr og avvik i pasientforløp.

Sak 50/26 Eventuelt

Brukarutvalet stilte spørsmål om kvar ein kan finne sentrale dokument som styringsdokument, styredokument og andre relevante saksdokument. Det kan vere utfordrande for nye representantar å orientere seg og finne fram til viktig informasjon. Administrasjonen tek innspelet med seg vidare og vil arbeide for å gjere opplæringa av brukarrepresentantar meir tydeleg, systematisk og heilskapleg, slik at representantane får betre kjennskap til aktuelle dokument, saksgangar og informasjonskjelder.

Neste møte i brukarutvalet er 03.11.26

 

Referat frå Brukarutvalet 8. september 2026

Dato: 08.09.2026
Tid: 12.00-16.00
Stad: Haugesund sjukehus
Møtenummer: 5/2026
Arkivreferanse:2026/1108 - 37200/2026

Deltakarar

  • Geir Charles Grindheim (møteleiar)
  • Karl Olaf Sundfør
  • Hilde Elisabeth Lewin Warren
  • Anne Karin Sørdal
  • Kjersti Vinje
  • Ole Johan Jensen
  • Anne Gurine Sætre
  • Mia Therese Pedersen
  • Forfall: Nils Reiersen

Sak 37/26 Godkjent referat og sakslista.

Innmeldt 1 sak til eventuelt.

Sak 38/26 Presentasjon av avdelingen for Rus og Avhengighet (ARA) i Helse Fonna

Avdelingsleiar Janne Lyngstad orienterte om ARA, som omfattar TSB-poliklinikk,
rehabiliteringspost, LAR-tenester og avgiftingspost. Avdelinga tilbyr kartlegging, behandling og oppfølging av personar med rus- og avhengigheitsutfordringar gjennom eit tverrfagleg fagmiljø.

Målet er å sikre heilskaplege og kunnskapsbaserte tenester, gode pasientforløp og aktiv brukarmedverknad. Framover vil avdelinga prioritere kompetanseheving, utvikling av tilbod til pasientar og pårørande, rekruttering av spesialistar og vidare samarbeid med kommunane.

Sak 39/26 Orientering om kvalitetsforbedringsprosjekt innan hoftebrotbehandling

Anne-Beth Njærheim og Kristin Folven orienterte om forbetringsprosjektet «Auka overleving innan 30 dagar hos pasientar som er opererte for hoftebrot på Stord».

Bakgrunnen for prosjektet er resultat frå Nasjonalt hoftebruddregister og nasjonale kvalitetsindikatorar som viser eit forbetringspotensial for overleving etter hoftebrot ved Stord sjukehus. Prosjektet vil ha særleg fokus på ernæring, mobilisering og legemiddelgjennomgang, og det er definert fleire måleindikatorar for å følgje utviklinga gjennom prosjektperioden. Prosjektet har fått tildelt såkornmidlar og stimuleringsmidlar for å støtte gjennomføringa. Formålet med orienteringa til
brukarutvalet var å rekruttere ein brukarrepresentant til prosjektgruppa.

Etter presentasjonen vart det peika ut ein brukarrepresentant som skal delta i det vidare prosjektarbeidet.

Sak 40/26 Informasjon frå Fag og forskingsavdelinga i Helse Fonna

Forskingssjef Haldis Økland Lier viste til auka forskingsaktivitet med fleire disputasar, skrivestipend, innovasjonsprosjekt og behandlingsstudiar. Dei fleste forskingsprosjekta har brukarmedverknad, særleg i planleggingsfasen, og det finst fleire gode døme på medverknad gjennom heile prosjektløpet. Det vart samstundes peika på at rutinane for å leggje nye forskingsprosjekt fram for Brukarutvalet framleis ikkje er godt nok implementerte.

Sak 41/26 Tilbakemeldingar frå prosjekt og utval

Brukarutvalet er representert i ei rekkje prosjekt, råd og utval på både system- og tenestenivå. Dei enkelte brukarrepresentantane gav tilbakemelding frå si deltaking i ulike prosjekt og aktivitetar gjennom året.

Representantane opplever i stor grad å bli involverte, lytta til og tekne på alvor i prosjekta og utvala dei deltek i. Dei trekkjer særleg fram at fagpersonane er genuint opptekne av kvalitet, pasientane og deira tryggleik.

Samtidig vart det peika på at enkelte prosjekt enno ikkje er komne godt i gang, trass i at det er ei tid sidan oppstart. Representantane ønskjer betre og meir jamleg informasjon frå prosjektleiarane i slike prosjekt, slik at dei kan følgje prosessane tettare og bidra på ein best mogleg måte.

Det vart også understreka kor viktig det er at prosjektleiarar får informasjon om rolla til brukarrepresentantar, og kva ansvar og funksjon dei har i prosjektarbeidet. Auka kunnskap om brukarmedverknad kan bidra til å leggje betre til rette for reell involvering og eit godt samarbeid gjennom heile prosjektperioden.

Sak 42/26 Aktuelle saker frå leiar

Leiar orienterte om arbeidet i kvalitetsutvalet, der avvikssaker vert gjennomgått. Han løfta fram to saker til drøfting og peika på at fleire saker avdekkjer eit betydeleg forbetringspotensial, særleg innan kommunikasjon og samhandling.

Vidare orienterte han om styremøtet 10.09.26 og inviterte brukarutvalet til å kome med innspel til aktuelle styresaker. Han informerte også om deltaking på FFO Rogaland si samling, der Nord-Rogaland var svakt representert, og om deltaking på rehabiliteringskonferansen.

Leiar og ein brukarrepresentant har òg delteke på møte om pasienterfaringsundersøkinga.

Ungdomsrådet har etterlyst kontakt med brukarutvalet. Utvalet vil følgje opp saka for å styrkje dialogen og samarbeidet mellom råda.

Evt
Sak 43/26 Taushetsplikt for brukarrepresentantar i prosjekt

Det vart stilt spørsmål frå ein brukarrepresentant om tausheitsplikt ved deltaking i prosjekt. Brukarrepresentantar har allereie underteikna teieplikterklæring, og det vart presisert at denne ikkje skal skilje seg frå teieplikta som gjeld for helsepersonell. Brukarmedverkarar er likeverdige deltakarar i prosjekta og har det same ansvaret for å handtere sensitive opplysningar på ein forsvarleg måte.

 

Referat frå Brukarutvalet 9. juni 2026

Dato: 09.06.2026
Tid: 12.00-16.00
Møtenr: 5 
Møtestad: Haugesund Sjukehus
Arkivref:2026/1108 - 25363/2026
Frå administrasjonen: Kjersti Haugen
Kopimottakarar:
Helse Vest RBU v/koordinator Ingvild Braut
Ungdomsrådet Helse Fonna

Deltakarar

  • Geir Charles Grindheim (møteleiar)
  • Karl Olaf Sundfør
  • Hilde Elisabeth Lewin Warren
  • Ole Johan Jensen
  • Anne Gurine Sætre
  • Anne Karin Sørdahl
  • Forfall: Nils Reiersen, Kjersti Vinje, Mia Therese Pedersen

Godkjenning av saksliste og referat frå 15.04.26

1 sak til evt.

Sak 32/26 Om kloke val i sjukehus

Overlege samhandling Helse Fonna, Harald Nes.

Orienterte om arbeidet i Helse Fonna som Kloke val sjukehus (KVS). Målet er å redusere over behandling og over diagnostikk, og sikre betre bruk av ressursane i helsetenesta.

KVS er ein meir systematisk organisert enn tidlegare og inneber forplikting til å ta i bruk konkrete tiltak og anbefalingar i drifta. Arbeidet er framleis i etableringsfase, men fleire tiltak er starta opp og under implementering.

Det vart peikt på at mykje av behandlinga i helsetenesta har usikker eller avgrensa effekt. Dette understrekar behovet for tydelege prioriteringar og meir bevisste val i pasientbehandlinga.

Samhandling er ein sentral del av arbeidet, både med fastlegar og kommunale tenester. Eit døme med ein eldre pasient synte korleis manglande samanheng i tenestene kan føre til belastning for pasienten og unødvendig bruk av ressursar.
Hovudbodskapen er at betre samhandling og kloke val kan gi meir målretta helsetenester, betre pasientopplevingar og meir berekraftig drift.

Sak 33/26 Pasienterfaringsundersøkinga i Helse Fonna

Rådgjevar Kristin Ingvaldsen Folven og Anne Mari Ottesen, kvalitet og pasientsikkerhet:

Brukarutvalet fekk presentert pasienterfaringsundersøkinga i Helse Fonna.
Brukarutvalet har vore oppteken av å få på plass eit verktøy som viser pasienterfaringar. Dei er svært positive til at dette no er etablert. Målet med undersøkinga er å måle kvalitet slik pasientane opplever tenestene.

Undersøkinga blir sendt digitalt via SMS til pasientar over 18 år. Nokre grupper får ikkje undersøkinga, mellom anna pasientar i livets siste fase, med demens eller dei som har reservert seg.

I perioden januar–juni 2026 fekk om lag 16 000 pasientar tilsendt undersøkinga, med ein svarprosent på 28. Brukarutvalet peika på at svarprosenten ligg på gjennomsnittsnivå, og stilte spørsmål ved kva informasjon pasientane får om undersøkinga. Det er lagt opp til at behandlarar skal informere pasientane. I tillegg er det hengt opp plakatar i avdelingane og rundt om på sjukehuset for å gjere undersøkinga kjend. Undersøkinga byggjer på metodikk utvikla av Kunnskapssenteret (no FHI), og liknande ordningar er brukt ved andre sjukehus over tid.Resultata skal brukast aktivt i forbetringsarbeid. Leiarar skal ha kjennskap til resultata, og dei skal følgjast opp i personalmøte, kvalitetsråd og i leiinga si gjennomgang. Målet er systematisk arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit. Det er i undersøkinga eit eige fritekstfelt der pasientane kan gi tilbakemeldingar. Desse svara er førebels ikkje gjennomgått, då ein ventar på ei egna teknisk løysing for å kunne analysere materialet.

Utvalet var oppteke av korleis tilbakemeldingar som viser behov for forbetring blir følgde opp, og kva moglegheiter som finst for å vidareutvikle verktøyet slik at ein kan vise resultat på avdelingsnivå.

Per i dag er dette ikkje aktuelt. Verktøyet må først vere i bruk over tid for å kunne avdekke variasjon og utvikling.

Sak 34/26 Prosjektleder Vidar Støyva, avdeling for bygg og utvikling

Omvising nybygg.

Sak 35/26 Leiar orienterer

  • Leiar orienterte frå Pasientsikkerheitskonferansen i Helse Fonna. Det vart presentert fleire gode innlegg og spennande forbetringsprosjekt. Leiaren for brukarutvalet heldt eit innlegg om brukarmedverknad i forsking.
  • Leiaren av brukarutvalet har vore på Brukarhuset og halde eit innlegg, mellom anna om Pasienterfaringsundersøkinga.

Sak 36/26 Eventuelt

Jensen etterspurde informasjon om korleis føretaket følgjer opp U-kom rapporten «Kven forstår meg?».

Neste møte 08.09.26.

Referent: Kjersti Haugen

 

Tilgang til eldre referat

Treng du eldre referat? Ta kontakt med sekretær Kjersti Haugen, telefon: 45 29 38 10.

Sist oppdatert 12.10.2026